Hoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Hoy i Shetlandsøyane
Hoy
Klipper på Atanterhavskysten av Hoy, sør for Rackwick.
Klipper på Atanterhavskysten av Hoy, sør for Rackwick.
Geografi
Hoy is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°29′ N 5°35′ WKoordinatar: 56°29′ N 5°35′ W
Øygruppe Orknøyane
Areal 143,08 km²
Høgaste punkt Ward Hill (479 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Lyness
Demografi
Folketal 272 (2001)
Folketettleik 1,9 /km²

Hoy (frå norrønt há-øy som tyder «Høgøya») er ei av øyene som utgjer Orknøyane i Skottland. Med eit areal på 143 kvadratkilometer er ho den nest største i øygruppa etter Mainland. Ho har samband South Walls via ei vegfylling kalla The Ayre. Noko som er uvanleg er at dei to øyane vert rekna som ei enkelt eining under britiske folketeljingar.[1]

Old Man of Hoy, sett frå sør.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Den dramatiske kystlinja på Høy trekkjer til seg mange vitjande. Her fin ein nokre av dei høgaste sjøklippene i Storbritannia ved St John's Head, som er 350 meter høge.[2] Her er den imponerande og kjende stauren Old Man of Hoy, nokre av dei nordlegaste naturlege skogområda på Dei britiske øyane og det nordlegaste Martellotårna, som vart bygt for å verne området under napoleonskrigane, men vart aldri nytta i strid.

Det høgaste punktet på Orknøyane, Ward Hill, ligg på Hoy.

Marinebasen til den britiske flåten i Scapa Flow under både den første og den andre verdskrigen låg ved Lyness på søraustsida av Hoy.

Ei uvanleg uthogd grav, Dwarfie Stane, ligg i Rackwick-dalen nord på øya. Ho er unik Europa og liknar graver frå steinalderen og bronsealderen som ein finn rundt Middelhavet.

Den nordlege delen av øya er eit naturreservat på grunn av viktig fugleliv, særleg storjo og lom.

I norrøn mytologi er Hoy staden der den evigvarande kampen mellom Hedin og Högni finn stad.

Det går ferjesamband til øya mellom Lyness på Hoy og Longhope på Walls til øya Flotta og til HoutonMainland. I tillegg går det båt mellom Moaness på Hoy til øya Graemsay og til Stromness på Mainland.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. General Register Office for Scotland (28 Nov 2003) Occasional Paper No 10: Statistics for Inhabited Islands.
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1-84195-454-3.