South Walls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
South Walls
Geografi
South Walls is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°51′ N 3°11′ WKoordinatar: 58°51′ N 3°11′ W
Øygruppe Orknøyane
Areal 8,5 km²
Høgaste punkt 57 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Longhope
Demografi
Folketal 120 (2001)
Folketettleik 14,1 /km²

South Walls er ei busett øy like ved Hoy i Orknøyane i Skottland.

South Walls dannar sørsida av hamna Longhope. Ho var ei tidvassøy fram til ei smal vegfylling vart bygd over sandbanken.[1] Sjølv om ho stundom vert rekna som ei halvøy, er ho verkeleg ei øy.[2]

South Walls er ein popuær stoppestad for kvitkinngås.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Scapa Flow, South Walls ligg heilt nedst til venstre

Øya består, som det meste av Orknøyane, av gammal raud sandstein.[3]

Øya har meir eller mindre ei oval form, men det ligg eit lite nes kalla Cantick Head i søraust, danna av Kirk Hope (Church Bay). Mellom Hoy og South Walls ligg Longhope. Området sør for vegfyllinga heiter Aith Hope.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hackness martellotårn, eit av to tårn på kvar side av Longhope, frå 1814
Radarplattform frå andre verdskrigen på South Walls nær Wyng

South Walls dukka ofte opp i sogene frå norrøn tid, mellom anna fordi ho var den første øya ein kom til når ein segla vest frå Caithness eller Sutherland. Orkneyinga saga nemenr øya fleire gonger.

South Walls spelte òg ei viktig rolle i kristninga av Orknøyane. Sjølv om kristendomen kom til øyane før vikingane, var vikingane likevel ofte heidenske. Olav Tryggvasson, konge av Noreg tvinga jarlen av Orknøyane, Sigurd Hloðvisson til å døypast på South Walls.[1] Sigurd jarl godtok dette og vart verande kristen resten av livet. Han gjorde derimot dette under tvang, for kong Olav hadde lete mange volver vorte bundne fast skjer ved lågvatn og så etterlete dei til høgvatnet kom og drukna dei. Dette var ein lang og frykteleg måte å døy på og kanskje Sigurd jarl venta at han kunne få ein liknande lagnad.

Nordaust på øya ligg Hackness martellotårn og batteri[4] Dette tårnet, samt eit anna tårn på nordsida av Crockness, vart bygde i 1815 for verne britiske skip i Longhope mot åtak frå amerikanske og franske sjørøvarar under napoleonskrigane.[5] Tårna vart utrusta på ny for den første verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. Hoy. 1911 Encyclopedia. 
  3. Brown, John Flett "Geology and Landscape" in Omand (2003) s.4.
  4. "Hackness Martello Tower" Undiscovered Scotland.
  5. «Travel Scotland: Hoy». http://www.scotland.org.uk/guide/Hoy. Henta 20. mars 2010.