North Ronaldsay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
North Ronaldsay
Geografi
North Ronaldsay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°22′ N 2°25′ WKoordinatar: 59°22′ N 2°25′ W
Øygruppe Orknøyane
Areal 6,9 km²
Høgaste punkt 23 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Hollandstoun
Demografi
Folketal 70 (2001)
Folketettleik 10,1 /km²

North Ronaldsay er den nordlegaste i Orknøyane i Skottland og har eit areal på 6,9 km² og er den fjortande største i øygruppa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

North Ronaldsay ligg rundt 4 km nord for den næraste naboøya, Sanday. Øya er rundt 5 km lang og har to store sandbukter, Linklet Bay på austsida og South Bay i sør. Vestsida av øya er steinete og mange skjer ligg like utanfor. Øya er låg og vindfull, vêret endrar seg raskt og er ofte hardt. Det omliggande farvatnet er stormfullt og farleg og det har vore mange skipsforlis her.

Hollandstoun sør på øya er den einaste større grenda på øya, om lag midt mellom flystripa og kaien på øya. Øya har òg eit fugleobservatorium.

North Ronaldsay har eit unikt steingjerde som går rundt heile øya for å halde sauane som lever av sjøvokster borte frå dyrkbar mark.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje Orkneyinga saga tok Torf-Einarr jarl på 900-talet livet av Halvdan Langbein på North Ronaldsay som hemn for at Halfdan og bror hans Gudrød Ljome tok livet av Ragnvald Øysteinsson, far til Torf-Einar. Halfdan og Gudrød var sønene til kong Harald Hårfagre av Noreg og hadde stengd Ragnvald inne i huset sitt og sett fyr på det. Harald var visstnok sjokkert over oppførselen til sønene og gav landområda til Ragnvald tilbake til sonen hans, Tor Ragnvaldson, medan Halfdan flykta vestover til Orknøyane og dreiv bort Torf-Einar. Frå ein base i Caithness kjempa Torf-Einar i mot Halfdan på øyane. Etter eit sjøslag og ein omsynslaus kamp på land, fann Torf-Einar ut at Halfdan gøymde seg på North Ronaldsay. I følgje sagaen vart Halfdan fanga og ofra til Odin ved blodørn-straff.[1][2]

Holland House vart bygt i 1727 og Old Beacon frå from 1789 var det tredje fyret bygt av Thomas Smith for Commissioners of the Northern Lights.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pálsson og Edwards (1981) Chapter 8. Troublemakers from Norway. s. 29-33.
  2. Heimskringla, kapittel 30 og 31.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]