Helliar Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saeva Ness fyr på tuppen av Helliar Holm
Klipper og eit gravkammer på Helliar Holm.

Helliar Holm er ei folketom øy utanfor Shapinsay i Orknøyane i Skottland. Her står eit 13 meter høgt fyrtårn, bygt i 1893 og automatisert i 1967 [1]. Øya er ei tidvassøy og er landfast med Shapinsay ved lågvatn.

På øya finn ein òg ruinar av ein broch, ei steinrøys og eit kapell.[2]

I Orkneyinga Saga vert øya kalla både Hellisey og Eller Holm [3] og John of Fordun kallar ho «Helene-holm»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lighthouse Explorer database
  2. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.
  3. Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin og Mercat Press (1990). ISBN 0-901824-25-9