Gjerdesmett
| Gjerdesmett |
||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
Gjerdesmett (fotografert av Svein Jan Hjelmeset.) |
||||||
| Systematikk | ||||||
|
Gjerdesmett er ein fugl i gjerdesmettfamilien.
Innhaldsliste |
Global utbreiing [endre]
Arten har ei holarktisk utbreiing og hekker over det meste av Europa og i Nord-Afrika, austover til Kina samt i store delar av Nord-Amerika.
Utbreiing i Noreg [endre]
Fuglen er utbreidd over det meste av Sør-Noreg, men han er meir sjeldan i Nord-Noreg. Og i dei milde kyststroka på Vestlandet er han å sjå året rundt.
Utsjånad [endre]
Gjerdesmetten er lys på buken og brun på oversida, vengene og ryggen. Ho- og hannfuglen har same farge. Særmerket er av stjerten alltid står rett opp. Han er ein av dei minste fuglane i Europa. Han er berre 9,5 cm lang.
Song [endre]
gjerdesmetten har ein avansert og fin song som kan høyrast heile året. Klarte du ikkje spele av lyden sjå her: Wikipedia:Avspeling
Reir [endre]
Fuglen elskar «rotete» terreng. Reiret er overbygd og har inngang frå sida (sjå bilda). Han byggjer 3-4 reir. Ho-fuglen vel seg ut eit av dei, og kler det med fjør og dun. Reiret blir brukt om vinteren til overnatting for å unngå kulde. 2-3 kan overnatte i eit reir. Opptil 10 gjerdesmettar kan overnatte i ei fuglekasse. Etter at gjerdesmett ungane er klekka er dei flygedyktige etter 15 -18 Dagar. Gjerdesmetten har ofte to kull. Fargen på egga er kvite med raudbrune flekkar. Det første kullet kjem mai og det ander kjem som oftast i juni-juli. Gjerdesmetten rugar i 15 - 17 (12 - 20) dagar. Gjerdesmetten er insekteter men han et også litt bær. Standfugl.
Trekktilhøve [endre]
Mange overvintrar og greier seg igjennom den kalde vinteren i Noreg. Andre trekker i september-oktober til det vestlege og sørvestlege Europa. Dei kjem attende frå byrjinga av april til ut i mai.