Hokianga Harbour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fil:NZ-Hokianga Harbour.png
Hokianga Harbour

Hokianga Harbour, også kalla Hokianga River eller mest vanleg berre Hokianga, er ein lang, overfløymd elvedal og området kring, på vestkysten nord på NordøyaNew Zealand. Det tidlegare elveløpet dannar no ei naturleg hamn.

Det opphavlege namnet — som enno vert bruka av lokale māoriar — er Te Kohanga o Te Tai Tokerau («heimstaden til folket i nord») eller Te Puna o Te Ao Marama («kjelda til måneskinnet»). Som om ikkje desse namna skulle vera nok, er det fulle til hamna Te Hokianga-nui-a-Kupe - «staden der Kupe skal venda storslått attende».

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fil:Hokianga.jpg
Bilete av Hokianga utvikla med NASA sitt World Wind program

Hokianga ligg i Far North District i regionen Northland, 85 kilometer nordvest for Whangarei og 25 kilometer vest for Kaikohe. Hamna strekkjer seg 30 kilometer inn i landet frå Tasmanhavet. Ho er farbar for små båtar i storparten av lengda, sjølv om der er ein grunne ved innløpet. For tolv tusen år sidan var Hokianga ein elvedal med bratte, skogkledde sider. Då den siste istida var over, isen tok til å smelta og havoverflata steig, vart dalen gradvis overfløymd og omgjort til ei naturleg hamn med rikeleg djupe og skjerma ankringsstader. Dette var hamna Kupe drog ut frå, og hamna som i 1822 tok mot dei første europeiske tømmerhandlarane. Landområda kring hamna er naturleg delt i tre av det tidlegare elveløpet. mot sør ligg busetnadane Waimamaku, Omapere, Opononi, Pakanae, Koutu, Whirinaki, Rawene, Waima og Taheke, mot nord Broadwood, Pawarenga, Panguru, Mitimiti og Rangi Point, og innerst i hamna ligg Horeke, Kohukohu og Mangamuka.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Overleveringar frå iwien Te Tai Tokerau fortel at den legendariske māorioppdagaren Kupe slo seg ned i Hokianga kring år 925, etter oppdagingsferda hans frå Hawaiiki om bord i wakaen (kanoen) med namnet Matahorua.[1] Då han til slutt forlet Hokianga, lova han at dette skulle vera staden han skulle koma attende til, og han etterlet seg fleire av eignelutene sine her. Seinare kom Kupe sitt barnebarn, Nukutawhiti, attende frå Hawaiiki og busette seg i Hokianga.

På 1300-talet gjekk den store maorihøvdingen Puhi i land like sør for Bay of Islands. Stammen til Puhi, Ngā Puhi, breidde seg sakte utover mot vestkysten og koloniserte begge sidene av Hokianga. Hokianga vert rekna som eit av dei eldste busetjingsområda til maoriane, og er enno eit kjerneområde for dei. Rahiri, som grunnla iwien Ngā Puhi på 1600-talet, var fødd i Whiria pa sør for hamna, der det no står eit minnesmerke over han.

Samstundes med at Ngā Puhi auka området sitt, laga dei og vedlikeheldt gjennom hundreår eit komplekst nettverk av gangvegar — mange av desse har utvikla seg til dagens vegar.

Metodistar og seinare anglikanske misjonærar tok seg fram langs desse vegane og oppdaga Hokianga og verdiane som låg her. Rykta om desse nådde snart fram til sjøkapteinar som dreiv handel i Bay of Islands.

Kaptein Herd på Providence var den første som kom, og med den skandaløse misjonæren Thomas Kendall som vegvisar og tolk, tok han seg over sjøgrunnen ved innløpet, og segla inn i hamna i 1822 som det første europeiske skipet. Då han drog, hadde han med seg den første tømmerlasta frå Hokianga. Mange følgde etter — avskoginga av Hokianga var i gang, og tok slutt først ved slutten av hundreåret.

Den einaste ulempa ved utnyttinga av Hokianga var grunnen ved innløpet. Mellom dei hundrevis av fartøya som greidde seg velberga gjennom, viser oppteikningar at 16 skuter gjekk tapt. Dei fleste av desse fekk vanskar då dei skulle forlata hamna fullasta og vart tekne av vindkast ved South Head der dei skulle nå djup sjø. Ei forbigåande vindstille eller endring i vindretninga kunne få ei seglskute til å missa styringa, eller driva inn mot den steinete stranda. Det siste skipbrotet som er oppteikna, var skonnerten Isabella de Fraine som gjekk ned med eit mannskap på åtte i 1928.

I 1837 segla ein stormannsgalen fransk adelsmann, baron Charles de Thierry, inn i Hokianga med 60 nybyggjarar og gjorde krav på eit enormt landområde han meinte at han hadde kjøpt for 36 økser femten år tidlegare. Han fekk til sist om lag 1 000 acres (4 km²) ved Rangiahua, der han grunnla «kolonien» sin og utropte seg til «Einerådande fyrste over New Zealand» — ein tittel som ikkje nett gjorde han avhalden av Ngā Puhi-folket. Prosjektet hans mislukkast, men førte i det minste til at dei britiske kolonistyresmaktene kom i gang med arbeidet med å få til ein avtale med māorifolket, sett på bakgrunn av det dei oppfatta som eit fransk trugsmål.

Året etter at de Thierry kom, segla enno ein franskmann, biskop Jean Baptiste Pompallier, inn i Hokianga for å grunnleggja ein katolsk misjonsstasjon. Han fann ut at sørsida i hamna alt låg fast i hendene på metodistar og anglikanske misjonærar, men nordsida var mogen for omvending. Leivningane hans, som nyleg er gjort krav på av Ngā Puhi, ligg gravlagde der misjonsstasjonen vart grunnlagt. I dag utgjer hamna, liksom reformasjonen, eit skilje mellom protestantar og katolikkar.

Seks dagar etter at Waitangitraktaten var underskriven, kom guvernør William Hobson, svært ivrig etter å sikra seg full støtte frå Ngā Puhi, over til Mangungu Mission House nær Horeke der 3 000 menneske venta han. Her vart Waitangitraktaten underteikna for andre gong, den 12. februar 1840. Med underskriftene frå høvdingar i dette området, kunne guvernør Hobson gjera krav på støtte frå den største stammen i landet.

Medan nasjonen sin lagnad vart underteikna, let ikkje tømmerhoggarane øksene sine kvila. Til kvar tid kunne så mange som tjue skip lasta tømmer i Hokianga. Heile åssider, som no på kort tid vart snauhogde, tok til å gli ut i hamna og fylte bielvene med gjørme.

Tilhøvet mellom māorifolket og pākehā (europeiske) nybyggjarar var ofte spent, aller mest under «hundeskattkrigen» i 1890-åra, som for ein stor del fann stad kring Hokianga.

Kring år 1900 var storparten av tømmeret skipa ut frå hamna, og det vesle jordsmonnet som låg att vart teke i bruk som jordbruksland og gav grunnlag for meieridrift og produksjon av smør.

Busetnadane Horeke og Rawene er den andre og tredje eldste av dei europeiske busetnadane på New Zealand. Rawene er enno den viktigaste av busetnadane langs kystlinja i Hokianga og er base for dei offentleg eigde helsetenestene i Hokianga og sjukehuset Hokianga Hospital.

Det meste av mjølka som vart levert til meieriet Mokukaraka Dairy Factory vart frakta dit av ein flåte på om lag femti større, opne båtar som var bygde i distriktet og som kryssa over hamna kvar dag, og på denne måten transporterte både passasjerar og gods. I eit halvt hundreår var busetnadane på kvar side av hamna bundne saman av denne sjøtransporten, inntil betre vegstandard på 1950-talet til slutt overtok for denne flåten, og hamna på nytt vart eit skilje for busetnadane.

Fil:Hokianga, tide out.jpg
Hokianga Harbour sett frå Rawene

Kring 1914 batt ei primitiv telefonlinje saman nokre av busetnadane i Hokianga med verda utanfor. Ei statleg subsidiert kystrute gjekk kvar veke mellom Onehunga og Hokianga og frakta varer til området og smør ut av det..

Industri[endre | endre wikiteksten]

Den første store industrien i området var basert på kauritreet, både ved hogst og graving av «gummi» (’’gum’’), den tjukke og sterke kvaa som trea gav frå seg. Etter at skogane tok til å verta uttynna, tok meieribruk og osteproduksjon over som det viktigaste økonomiske grunnlaget i området, men dette fall bort då meieriverksemda Motukaraka Dairy Cooperative vart nedlagt i 1953. I ein periode, gjennom 1970- og 80-åra var det økonomiske grunnlaget i området dårleg, og det vart ein tilhaldsstad for menneske som ønskte ei alternativ livsførsel. I dei seinare åra er turismen vorte ein betydeleg næringsveg i regionen. Attraksjonar, som t.d. dei store kauritrea i Waipoua Forest (som omfattar det høgaste treet i landet, Tāne Mahuta), dei historiske strandstadane Kohukohu og Rawene, kaféar, Wairere Boulders, strender, historiske bygningar, turruter, rideturar, båtturar og fiske trekkjer til seg fleire og fleire menneske kvart år.

Fil:Omapere wharf.jpg
Kaianlegg i Omapere

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Te Rangi Hiroa (Peter Buck) «The Coming of the Maori», 1949 Whitcombe & Tombes Ltd., Chch.
  • Parkes, Bill, «A Northland Legend: Dr G.M. Smith of Rawene 1883 – 1958», utgjeven av The Auckland Medical History Society, August 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]