Lyngen kommune
| Lyngen kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1938 |
| Fylke | Troms |
| Adm.senter | Lyngseidet |
| Areal | 810 km² |
| Folkemengd | 3 014 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-2015) | Sølvi Jensen (Ap) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.lyngen.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Lyngen kommune på Commons | |
- For fjorden med same namn, sjå Lyngenfjorden.
Lyngen kommune (samisk Ivggu suohkan, kvensk Yykeän komuuni) ligg mellom fjordane Lyngen og Ullsfjorden i Troms. Kommunen grensar i vest mot kommunane Karlsøy og Tromsø og i aust mot Skjervøy, Nordreisa, Kåfjord og Storfjord.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Dei eldste spora etter busetjing i Lyngen er frå yngre steinalder (3000 f.Kr. til år 0).
Geografi [endre]
Lyngen kommune utgjer det meste av halvøya mellom Lyngenfjorden og Ullsfjorden i Troms. Kommunesenteret er Lyngseidet, der avstanden mellom fjordane er berre tre kilometer.
Landskapet er dominert av fjell, særleg fjellmassivet Lyngsalpan som også har den høgaste toppen i fylket, Jiehkkevárri (1833 moh).
Namnet Lyngen viser til Lyngenfjorden og kjem av det norrøne ordet «logn» som tyder «stille» eller «roleg». Fjorden er største i fylket og skjer seg 85 km inn i landet.
Den 20. februar 2004 vart Lyngsalpan landskapsverneområde oppretta i statsråd. Dette sikrar eit av dei mest markante fjellområda i Nord-Noreg for framtida. Verneområdet er prega av tindar, brear, ville og tronge dalar og landskap som styrtar frå høgfjell og rett ned i havet.
Tettstader [endre]
Fotnotar [endre]
Sjå og [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lyngen» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2008.
- Kommunefakta (Troms) - frå Statistisk sentralbyrå
- Lyngen kommune sine heimesider
- Lyngsalpan landskapsvernområde
Systerprosjekt [endre]
| Kommunar i Troms | ||
|---|---|---|
| Balsfjord · Bardu · Berg · Dyrøy · Gratangen · Harstad · Ibestad · Karlsøy · Kvæfjord · Kvænangen · Kåfjord · Lavangen · Lenvik · Lyngen · Målselv · Nordreisa · Salangen · Skjervøy · Skånland · Storfjord · Sørreisa · Torsken · Tranøy · Tromsø | ||