Kattugle
| Kattugle | ||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Strigiformes | |
| Familie: | Strigidae | |
| Slekt: | Strix | |
| Vitskapleg namn | ||
| Strix aluco | ||
Kattugla høyrer med mellom dei vanlegaste ugleartane i det sørlege Noreg. Ho finst elles i mesteparten av Europa, delar av Marokko, i det sørlege Russland og i store delar av Kina. Namnet sitt har ho fått for kosthaldet sitt; ho et for det meste myser og andre smågnagarar.
Skildring [endre]
Kattugla vert 38 cm lang og 450-550 g tung. Fjørdrakta varierer frå grå til raudbrun, og er stort sett den same over heile kroppen. Vengjene er breie og hovudet stort.
Levevis [endre]
Kattugla er aktiv i skumringa og om natta, og lever av smågnagarar, småfugl, amfibium og meitemark. Ho bur helst i lauv- eller blandingsskog, og høyrer til ei av dei vanlegaste «park-uglane» våre. Den største tettleiken av arten her til lands er sogar i Nygårdsparken i Bergen.
Hekketida er frå mars til juli. Hoa legg 3-5 egg i eit reir som er bygd anten i eit trehol eller under eit hustak, og etter ca ein månads rugetid dukkar ungane fram. Etter rundt 45 dagar er dei flygedyktige og kan fanga sitt eige bytte.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Engelsk wikipedia
- Nicolay, Singer & Wothe: Fugler, Cappelens naturhåndbøker