Kerikeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kerikeri misjonsstasjon, med Stone Store til venstre, St James bak og Mission House til høgre
Kartkoordinatar: 35°13′S 173°56′E

Kerikeri er den største byen i Bay of IslandsNordøyaNew Zealand. Byen er eit populært turistmål om lag tre timars biltur nord for Auckland, og 80 km nord for Whangarei, og ligg i Far North District. Han vert ofte omtala som vogga til nasjonen, ettersom den første permanente misjonsstasjonen i landet vart bygd her, og fordi byen har nokre av dei mest kjende historiske bygningane i landet.

Kerikeri ligg ved den vestlege avgrensinga til Kerikeri Inlet, ein nordvestleg arm i Bay of Islands, der elva Kerikeri River munnar ut i Stillehavet. Byen er eit senter for subtropisk hagebruk, og folketalet har vakse snøgt dei siste ti åra. Ved folketeljinga i 2006 hadde byen 5 856 innbyggjarar, i 2001 4 881, og i 1996 4197.[1]

Pionermisjonærane på New Zealand kalla staden Gloucestertown, eller Gloucester Town, men ingen av desse namna heldt seg. Māoriordet Kerikeri lyder korrekt uttla om lag som Keddi Keddi, eller Kiddee Kiddee, men vanlegvis vert bynamnet uttala Kerry Kerry.

Opphav og namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Ein veit ikkje sikkert kva namnet Kerikeri kjem av, og der har vore mange motstridande teoriar opp gjennom åra. Det er truleg at Kerikeri har fått avleia namnet frå elva, og etter å ha vitja området i 1815, skreiv John Nicholson «..dei innfødde kalla elva som kastar seg ned i kulpen for Tecaddiecaddie....».

Den definisjonen av ordet Kerikeri som er mest kjend blant pākehā (newzealendarar av europeisk avstamming) er «grav, grav» (på engelsk dig dig), eller «å halda på med graving» (to keep digging). Det er kjent at māoriane hadde utstrekt hagebruk i området då europearane kom dit.

Ein annan definisjon kjem frå uttrykket Kerikeri te ana wai - «vatn som kvernar eller kokar over». Dette høver på ferskvatnet frå elva som fossar ned til sjøen gjennom fossestryka (som tidlegare var høgare, men vart utsprengde tidleg på 1900-talet for å gje plass til ei bru). Somme māoriar meiner namnet kjem av hukerikeri som tyder å «bobla opp», og der er ei trist segn om dette: Hongi Hika, ein stor eller berykta høvding, alt etter kva side ein ser det frå, fekk eit barn med ei slavekvinne i Kororipo Pā. Dette var uakseptabelt for stammen, og barnet vart lagt i vatnet for å drukna, men steig gong på gong opp att til overflata, «bobla opp».

Fossefalla som no vert kalla Wharepuke Falls, oppetter elva frå Stone Storebassenget, vart kalla Kerikeri Falls til dei på 1930-talet fekk namnet Wharepoke som peikar på det store tilstøytande skogkledde området. Ein fransk lækjar, Messier Lesson, som vitja Kerikeri i 1824, skreiv at ei av magelidingane māorifolket var plaga av, var «gravelle» (grus), som dei kalla Kiddee Kiddee. Han sa at det også var eit uttrykk for ein kaskade av vatn.

Historiske stader[endre | endre wikiteksten]

Mission House[endre | endre wikiteksten]

Mission House i Kerikeri

Frå først av vart dette huset kalla Mission House, og så, i meir enn 100 år, Kemp House. No er det på nytt kalla Mission House. Dette er den eldste trebygningen på New Zealand. Huset får mange besøkjande, og vert mykje fotografert. Det vert — saman med Stone Store — administrert av organisasjonen New Zealand Historic Places Trust.

Huset vart bygt for den første presten på New Zealand, John Butler, som flytta inn i 1822, men han budde der berre ei kort tid. Fram til 1832 budde ei rekkje menneske i huset, då flytta smeden på misjonsstasjonen, James Kemp og kona hans, Charlotte, inn med familien.

Familien Kemp kjøpte huset og eit omliggjande landområde i 1859. Frå då av vart Mission House kalla Kemp House, og det var i eiga til familien Kemp fram til 1976, då det vart gjeve til nasjonen av Ernest Kemp, oldebarnet til James og Charlotte Kemp.

St. James Church[endre | endre wikiteksten]

St James', trekyrkja som ligg på høgda bak Stone Store, er den tredje som er bygd her på staden, og den andre på denne høgda med utsyn over elva. Misjonærane bygde først ein kombinert skule og kyrkje nær elva, og innvigde han 19. april 1824. I 1829 vart det bygt ei ny kyrkje på staden der St James står no. Ei litt større kyrkje vart bygd på same staden i 1878, deretter tok det 85 år før kyrkja i 1963 måtte utvidast til den storleiken ho har i dag, fordi kyrkjelyden voks. I 1968 råka ein tornado Kerikeri med så stor styrke at kyrkja vart slegen ut av stilling. Gudstenestene måtte haldast andre stader til eit større reparasjonsarbeid vart ferdig. Kyrkjeklokka kom frå HMNZS Black Prince, ein lett kryssar som gjorde teneste i den newzealandske marinen fram til 1960, då han vart teken ut av teneste.

Stone Store[endre | endre wikiteksten]

Stone Store i Kerikeri

Stone Store, eit tidlegare lagerhus, er den eldste steinbygningen på New Zealand, og vart bygt i åra 18321836.

Stein vart brukt fordi misjonærane måtte ha eit lager som var brannsikkert og fritt for skadedyr til forsyningane sine, og til eit betre vern mot nyfikne māoriar. Det var planlagt å byggja ei mølle der brua no ligg, og lagra mjølet som skulle malast av lokal dyrka kveite i huset. Men mølla vart aldri bygd, og møllesteinane som var som var frakta over frå England, vart brukte inne i landet, i Waimate North, i staden.

Merkeleg nok, då arbeidet med bygginga starta, var māoriane alt i ferd med å flytta ut av distriktet, og då huset stod ferdig, vart det att svært få av dei i Kerikeri. I tillegg var det uro innanfor misjonsorganisasjonane over at Kerikeri var komen inn i ei bakevje når det dreide seg om misjoneringsaktivitetar. Behovet for lagerplass til varer og forsyningar vart likevel borte, og sjølve bygginga vart sett på som toskeskap på den tid, men som eit tiltak byen og nasjonen er glade over no.

Opp gjennom åra vart Stone Store utsett for både påkjenningar frå trafikken som passerte forbi og herjing av vanleg slitasje. Det vart naudsynt med kostbare tiltak for å berga huset, og no vert det bygt ferdselsårer som skal leia trafikken utanom og berga bygningen for ettertida. Huset er bringa attende til sin opphavlege tilstand bortsett frå klokketårnet på taket som vart flytta til kyrkja lenger oppe i åsen som eit tryggingstiltak for mange år sidan.

Rewa's Village[endre | endre wikiteksten]

Bustadhus i Rewa's Village i Kerikeri

Rewa's Village vart bygd rett imot Stone Store i 1969 som ein samvitsfull freistnad på å attskapa ein kainga (fiskarlandsby) slik dei var då europearane kom til New Zealand. Kainga vart lagde nær ferskvatn og nærliggjande fiskeplassar og hagebruk. Stundom låg dei nær ein forskansa pa slik som Kororipo som ligg tvers over bukta.

Rewa's Village har alle kjenneteikn på ei ekte kainga, inkludert ein marae (eit heilagt område som tente både religiøse og sosiale føremål), høvdingen sitt whare (hus), kauta (skur for matlaging), whata (benk der maten vart lagt), våpenlager, pataka (opphøgd matlager), eit rom til ein tohunga (ein klok person som rådgav samfunnet i alle slag saker), rahui (ein stolpe som markerte tabu, eller grenser som ikkje skulle krenkjast), whare laga av bark, waka tiwai (fiskarkano), fuglesnarer, hangigrop (jordomn), ekte historiske kanoar, familierom, rua (lagerstad) for kumara (søtpotet) og ein paepae haumati (det opphavlege toalettsystemet som vart spylt av tidevatnet to gonger i døgnet).

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Kunst- og handverksruta[endre | endre wikiteksten]

Der er dusinvis av kunst og handverksføretak i Kerikeriområdet, og ruta «the Art and Craft Trail» har vorte velkjend blant turistar. Ruta er innom om lag 20 kunst- og handverksutsal i området.

Ryggsekkturistar[endre | endre wikiteksten]

Tallause ryggsekkturistar vijar Kerikeri og Bay of Islands-området kvart år. Kerikeri har eit overraskande høgt og stabilt tal av desse, men tilhøva er godt lagt til rette for dei, og kostnadane er ikkje urimelege.

Strender[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om vatnet i Stone Store-bassenget er ein del av Bay of Islands der båtar utanfrå ankrar opp regelmessig, har ikkje sjølve byområdet badestrender. Men ikkje langt unna ligg fine strender, som Matauri Bay (som har fin utsikt over til øygruppa Cavalli Islands), Te Ngaere og Tapuaetahi.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Bay Of Islands har vore namngjete for sportsfisket sitt sidan den amerikanske forfattaren Zane Grey sette området på kartet i 1930-åra. Der er charterturar for fritidsfiske tilgjengeleg heile året.

Flyging[endre | endre wikiteksten]

Flyplassen Kerikeri Airport (35°16′S 173°55′E)i den vestlege utkanten av byen er ei travel sambandslenkje til Auckland, og her er ein aktiv flyklubb og flygeskule. [2] Her er også høve til tandem fallskjermhopping.

Kororipo Pā[endre | endre wikiteksten]

Kororipo Pā ligg på tuppen av innløpet til hamna, Kerikeri Inlet, som vart kjent som Te Waha o te Riri (Krigen sitt innløp) ikkje lenge etter at misjonærane kom til staden.

Rainbow Falls[endre | endre wikiteksten]

Rainbow Falls i Kerikeri

Māorinamnet på desse fossefalla i elva Kerikeri River er Waianiwaniwa som tyder vatna til regnbogen. Regnbogefossane er mellom dei mest vitja turistmåla i distriktet.

Segling[endre | endre wikiteksten]

Kerikeri byr på framifrå tilhøve for seglsport, og farvatna like utanfor byen har vore rekna mellom dei fremste i verda for segling. Den lokale seglklubben har lagt stor vekt på å få fram unge seglarar, og dette har ført til gode resultat. Seglarlaget frå Kerikeri High School har vunne skulemeisterskapen på New Zealand fleire gonger, og har som representantar for New Zealand hevda seg godt i tevlingar mot Australia. Fleire Kerikeri-seglarar har vore deltakarar ved olympiske leikar, verdsmeisterskap og internasjonale tevlingar, og var også på laget då New Zealand vann America's Cup i 1996.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kerikeri

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Engelsk Wikipedia om Kerikeri

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]