Knocking at Your Back Door

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knocking at Your Back Door
Singel av Deep Purple
frå albumet Perfect Strangers
B-side

Wasted Sunsets

Utgjeve Desember 1984 (USA)
Juni 1985 (Storbritannia)
Innspelt August 1984
Sjanger Hardrock
Lengd 7:05
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent
    • Roger Glover
    • Deep Purple
Deep Purple-kronologi 
«Perfect Strangers»
(1984)
Knocking at Your Back Door «Call of the Wild»
(1987)


«Knocking at Your Back Door» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple, det første sporet på albumet Perfect Strangers, som kom ut i oktober 1984. Låten vart skriven av Ritchie Blackmore, Ian Gillan og Roger Glover. Han vart mykje spelt på radio på den tida og vart brukt av Seattle SuperSonics i introen til lagoppstillinga under heimekampane.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen handlar tekstmessig om analsex, då han bruker ulike seksuelle indikasjonar gjennom heile songen. Ian Gillan kommenterte:

« Det er ein fyr som heiter Redbeard, frå ein radiostasjon nede i Texas. Han ringde meg etter at han hadde vorte spelt på alle radiostasjonar i USA og sa: 'Er det dette eg trur han handlar om?' Og eg sa: 'Ja.' Og han sa: 'Det er utruleg, kvar einaste radiostasjon i USA speler ein song som handlar om analsex, og dei skjønner ikkje eingong kva som går føre seg.' Og eg sa: 'Det er ikkje direkte analsex, det er berre ein vits.' Det vart berre sånn med teksten. Det er ikkje så farleg. Men det er ei humoristisk greie og ikkje meint å vera støytande. Og eg trur det berre var ein ettertanke. Det var i alle fall ikkje det som inspirerte songen.[1] »

Etter å ha fått mykje radiospeling,[2] vart låten gitt ut kommersielt i USA i desember 1984, medan han i Storbritannia vart gitt ut som andre singel frå albumet Perfect Strangers i juni 1985.[3]

«Knocking at Your Back Door» var ein fast del av livesettet til bandet fram til 1994 og sporadisk sidan då. Konsertalbum som inneheld låten er: Nobody's Perfect (1988), In the Absence of Pink (1991), Come Hell or High Water (DVD, 1994), Live in Europe 1993 (2007) og Live at Montreux 2011 (2011)

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Land Liste Plassering
1985 USA Top Rock Tracks[4] 7
Billboard Hot 100 61
UK Top 75 Singles 65

Kjelder[endre | endre wikiteksten]