Deep Purple in Rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deep Purple in Rock
Studioalbum av Deep Purple
Utgjeve 3. juni 1970
Innspelt august 1969 - mai 1970
IBC, De Lane Lea & Abbey Road Studios
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 43:30
Selskap Harvest (UK)
Warner Bros. (US)
Produsent Deep Purple
Kritikk
Deep Purple-kronologi
Deep Purple
(1969)
Deep Purple in Rock Fireball
(1971)

Deep Purple in Rock (òg kjend som In Rock) er det fjerde studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut i juni 1970. Det var det første albumet deira med den klassiske Mark II-besetninga. Rod Evans (vokal) og Nick Simper (bass) hadde fått sparken i juni 1969 og vart erstatta av høvesvis Ian Gillan og Roger Glover.

Deep Purple in Rock var gjennombrotsalbumet deira i Europa og nådde 4. plass i Storbritannia og vart liggande på lista der i månadesvis. Før dette hadde Mark I-besetninga gjort det langt betre i Nord-Amerika nenn i heimlandet. Albumet vart etterfølgd av ein suksessrik, 15 månader lang turné.

Sjølv om dette var det første studioalbumet med Mark II-besetninga for bandet, hadde den same besetninga tidlegare spelt inn konsertalbumet Concerto for Group and Orchestra. To singlar kom òg ut før dette albumet, dei første studioinnspelingan med Gillan og Deep Purple. Den første singelen, som kom i 1969, var ein Greenaway-Cook-song kalla «Hallelujah», og som floppa. Den andre singelen, «Black Night», gjorde det langt betre og nådde heilt til andreplassen på singellista i Storbritannia.

I 2005 vann albumet Classic Rock Roll Of Honour Award (gjeven av det britiske månadsmagasinet Classic Rock) i kategorien Classic Album. Ian Gillan, Ian Paice og Jon Lord tok imot prisen.

Retningsendring[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare musikken til Deep Purple varierte frå psykedelisk hardrock til orkester-drivne spor og coverversjonar av artistar frå The Beatles til Neil Diamond, men på denne plata var alle songane skrivne av bandet sjølv. «Speed King» og «Flight of the Rat» er hardrocksongar og den 10-minute episke «Child in Time», kanskje den mest kjende songen på albumet, vart ein fast song på konsertane deira i årevis.

Sjølv om «Into the Fire» og «Speed King» vart spelt på konsertane deira på denne tida, var «Child in Time» den einaste songen frå albumet som vart med på konsertalbumet Made in Japan to år seinare (sjølv om «Speed King» var det vanlege ekstranummer og finst på CD-utgåva av dette konsertalbumet. Det same gjer «Black Night» som ein òg finn som bonusspor på CD-utgåva av Deep Purple in Rock.

Plateomslaget syner bandet i ein steinskulptur inspirert av Mount Rushmore.

I 2000 plasserte musikkmagasinet Q albumet på 78. plass på lista deira over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Speed King»   5:52
2. «Bloodsucker»   4:11
3. «Child in Time»   10:16
Side to
# Tittel Lengd
4. «Flight of the Rat»   7:53
5. «Into the Fire»   3:29
6. «Living Wreck»   4:30
7. «Hard Lovin' Man»   7:10

Bonusspor på 25-årsjubileeumsutgåva[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
8. «Black Night» (original singeversjon) 3:27
9. «Studio Chat (1)»   0:28
10. «Speed King» (pianoversjon) 4:14
11. «Studio Chat (2)»   0:25
12. «Cry Free» (Roger Glover remix) 3:20
13. «Studio Chat (3)»   0:05
14. «Jam Stew» (instrumental, ikkje tidlegare utgjeven) 2:30
15. «Studio Chat (4)»   0:40
16. «Flight of the Rat» (Roger Glover remix) 7:53
17. «Studio Chat (5)»   0:31
18. «Speed King» (Roger Glover remix) 5:52
19. «Studio Chat (6)»   0:23
20. «Black Night» (uredigert Roger Glover remix) 4:47

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1970 Storbritannia 4
1970 Tyskland [4] 1
1970 Noreg 5
1971 Australia 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rivadavia, Eduardo. Deep Purple in RockAllmusic
  2. BBC review
  3. George Starostin review
  4. German Album Charts 1970