Deep Purple av Deep Purple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deep Purple
Studioalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve 21. juni 1969 (USA)
September 1969 (Storbritannia)
Innspelt Januar til mars 1969
Studio De Lane Lea Studios i Kingsway i London
Sjanger
Lengd 44:34
Selskap Tetragrammaton (USA)
Harvest (Storbritannia)
Produsent Derek Lawrence
Deep Purple-kronologi 
The Book of Taliesyn
(1968)
Deep Purple Concerto for Group and Orchestra
(1969)


Deep Purple, òg omtalt som Deep Purple III, er det tredje studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut i juni 1969 på Tetragrammaton Records i USA og i september 1969 på Harvest Records i Storbritannia. Utgivinga vart innleidd med singelen «Emmaretta» og ein lang turné i Storbritannia, som vart utført mellom innspelinga av albumet. Musikken på dette albumet er for det meste original og ein kombinasjon av progressiv rock, hardrock og psykedelisk rock, men med ein hardare kant og med gitarpartia meir framståande enn før. Dette kom både av at gitaristen Ritchie Blackmore voks som låtskrivar og konfliktane internt i bandet om samansmeltinga av klassisk musikk og rock som klaverspelaren Jon Lord hadde foreslått, og som bandet hadde implementert i dei tidlegare utgivingane sine.

Bandet starta den andre USA-turneen sin i april 1969 med lite støtte frå sitt nesten konkursramma amerikanske plateselskap og utan eit album å promotera, på grunn av ei forseinking i produksjonen av den nye LP-en. I løpet av turneen viste Deep Purple ein oppsiktsvekkjande framgang som artistar og ei musikalsk retning som var meir orientert mot eit tyngre og høgare lydbilete enn før. Tvilen om vokalisten Rod Evans var kompatibel med hardrockmusikken som dei andre bandmedlemmene ønskte å satsa på, førte til at ein bestemde seg for å finna ein erstattar, og det vart Ian Gillan frå bandet Episode Six. Gillan hadde danna ein låtskrivarduo med Episode Six-bassisten Roger Glover, som òg vart invitert til Deep Purple for å erstatta Nick Simper. Den nye besetninga til bandet, identifisert som Mark II, debuterte live i London 10. juli 1969.

Dette var det minst kommersielt vellykka av dei tre albuma som vart gitt ut av Mark I-besetninga til bandet, og vart ignorert av kritikarane ved utgivinga. Moderne meldingar er generelt positive, og noterer variasjonen i stilartar på albumet og djervskapen i arrangementa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I slutten av 1968 hadde Deep Purple lagt ut på ein vellykka første USA-turné for å promotera sitt andre album The Book of Taliesyn, og vende heim 3. januar 1969.[1] Bandet vart vurdert som eit undergrunnsband i Storbritannia, men ryktet om suksessen i USA hadde påverka ryktet deira heime, og dei vart gradvis meir populære og etterspurde.[1][2] Utgivingane deira hadde likevel enno ikkje slått an i Storbritannia,[3] der deira andre singel, ein coverversjon av Neil Diamond sin «Kentucky Woman», ikkje hadde nådd hitlistene og vart trekt tilbake etter seks veker,[4] etter å ha nådd 38. plassen på singellista i USA[5] og 21. plassen i Canada.[6]

Det amerikanske plateselskapet til Deep Purple, Tetragrammaton Records, pressa bandet til å laga ein singel som kunne matcha suksessen med hitten «Hush»,[7] og bandet hadde prøvd å komma denne førespurnaden i møte medan dei framleis var i USA på dei siste konsertane av turneen. Dei spelte inn nokre coverversjonar i eit studio i New York i desember 1968 utan nemneverdig resultat.[8] Musikarane hadde komme opp med mykje meir komplekst originalmateriale til sitt andre album, og det vart tydelegvis vanskeleg å laga ein låt som passa inn i treminuttarsintervallet.[1]

Nokre dagar etter USA-turneen slo Deep Purple seg ned saman med den vanlege produsenten sin Derek Lawrence i De Lane Lea Studios i Kingsway i London, som dei allereie hadde brukt til innspelinga av The Book of Taliesyn, for å komponera og spela inn nye songar og løysa problemet med den nye singelen.[7] Songen «Emmaretta» (oppkalla etter musikalmedlemmen Emmaretta Marks i Hair, som vokalist Rod Evans hadde møtt i USA) vart komponert for dette formålet og spelt inn 7. januar 1969, etter fire opptak.[1] Den tyngre og meir eksperimentelle låten «The Bird Has Flown» vart arrangert og spelt inn seinare same dag og vart valt som B-sida på den amerikanske utgivinga.[1] Instrumentallåten «Wring That Neck» frå det førre albumet var B-sida på den britiske utgåva av «Emmaretta», som vart gitt ut i februar 1969 og promotert av Deep Purple på deira første fulle turné i Storbritannia.[1] Dette var første gong ei Deep Purple-utgiving vart gitt ut i Storbritannia før USA.[1] Turneen starta i Birmingham den 6. februar med ein konsert som vart send av BBC Radio 1,[2] og heldt fram som ein serie enkeltkonsertar på klubbar og universitet over heile landet i februar og mars.[1][9] Deep Purple vart meir synleg og deira uttalte interesse for det britiske publikummet fekk lokale musikkblad til å trykkja nokre artiklar om dei.[1] Men etter at klaverspelaren og talsmannen Jon Lord offentleg uttalte at dei ville spela på store arenaer for £2500 per konsert i USA, for så å komma heim og berre kunne booka små spelestader som betalte £150 per kveld, var typiske overskrifter «Purple vil ikkje svelta etter eit ideal» og «Dei taper £2350 kvar kveld dei arbeider i Storbritannia».[10]

Komposisjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Mangementet deira organiserte fritida frå Storbritannia-turneen til å spela inn nye låtar til eit tredje album i februar og mars 1969 i De Lane Lea Studios, med Lawrence som produsent og Barry Ainsworth som lydteknikar.[1] Presset frå dei mange engasjementa gav bandet svært lite tid til komposisjon, og dei fleste låtane vart skrivne og innøvde i studio.[11] Deep Purple var det tredje albumet til bandet som vart spelt inn, sjølv om dei hadde vore saman i mindre enn eitt år. Ifølgje Nick Simper: «Innspeling var alltid eit problem. Me hadde alltid for lite materiale, rett og slett på grunn av timeplanen vår. Det faktumet at me alltid vart jaga av Tetragrammaton for å få materiale, gjorde at me aldri hadde den luksusen som dei fleste band har no, nemleg å seia: 'Vent litt, folkens, me treng litt tid til å tenkja på ting og prøva å vera kreative.»[12] Blackmore la til: «Det irriterer meg verkeleg ... å gå i studio og seia: 'Ok, de må laga ein LP, gutar'. Du veit, 'no byrjar me, de må skriva ein låt...' i dag. Det er berre latterleg.»[12]

Musikarane byrja no for alvor å skriva originalmateriale og fann idear til sju låtar,[3] fleire enn på dei to første albuma.[13] Den musikalske og tekstlege inspirasjonen kom frå svært ulike kjelder. Opningsnummeret «Chasing Shadows» var basert på afrikanske rytmar skapte av trommeslagaren Ian Paice, og teksten var inspirert av eit av mareritta til Jon Lord.[14][15] Den barokke «Blind» var skriven av Lord og vart stort sett framført på cembalo.[14] Den korte instrumentalen «Fault Line» var inspirert av eit jordskjelv som bandet hadde opplevd i Los Angeles og der trommemønster til Paice var reversert og dobbeltspora.[15] Roman Polanski-filmen Rosemary's Baby, som bandmedlemmene hadde sett saman på kino, var hovudinspirasjonen til bluesrockaren «Why Didn't Rosemary?»[16] «April» var ein melodi skriven av gitaristen Ritchie Blackmore i samband med bursdagen hans ein månad før innspelinga hadde byrja; han vart seinare utvida med ein lang midtseksjon med klassisk musikk skriven av Lord, og vart eit over 12 minutt langt avslutningsspor på albumet og den lengste studioinnspelinga til Deep Purple nokosinne.[17] Den einaste coverlåten på albumet er den Donovan-skrivne balladen «Lalena»,[18] som hadde vore ein Topp 40-singel for opphavsmannen i USA hausten 1968.[19]

Den første nye songen som vart framført offentleg var «Hey Bop a Re Bop», som vart sendt på radioprogrammet Top Gear 14. januar 1969.[20] Han vart send på nytt 11. februar før han vart omarbeidd og vart til den psykedeliske blueslåten «The Painter».[20][21]

Sjølv om dei fleste innspelingsdatoane er gått tapt, veit ein at bandet spelte inn to låtar 17. februar.[1] «Lalena» og mesteparten av «April» vart spelt inn 28. februar, medan ein ny versjon av «The Bird Has Flown», med ny tittel «Bird Has Flown», vart lagt på band 28. mars.[1] Orkesterdelen av «April», spelt av innleigde musikarar, var den siste innspelinga til det enno ikkje namngitte albumet, som vart miksa og levert i slutten av mars.[1]

Musikkstil[endre | endre wikiteksten]

Jon Lord var talsmann for Deep Purple og den einaste av bandmedlemmane som managerane deira snakka med.[22]

Til liks med det meste av materialet på dei to tidlegare albuma blandar låtane på Deep Purple element av progressiv rock, hardrock og psykedelisk rock,[23][24][25] men denne gongen i ein mørkare og meir barokk atmosfære.[14] Kanskje som svar på det britiske publikummet sitt ønske om meir bluesbasert rock,[4] inkorporerte bandet òg ein 12-taktsblues-struktur på låtane «The Painter» og «Why Didn't Rosemary?»[14] «Emmaretta» er ein poprocklåt skriven for å bli ein kommersiell singel, men lyden på albumet er tyngre og meir gitarorientert enn tidlegare verk, til liks med korleis bandet lét live i denne perioden.[26][27]

Lord hadde vore hovudlåtskrivar på dei to første albuma, og bakgrunnen hans frå klassisk musikk og interesse for å smelta saman klassisk og rock hadde hatt stor innverknad på retninga Bandet tok.[13] Blackmore samanlikna den orgeltunge miksen på desse utgivingane med arbeida til det britiske progressivrockbandet The Nice, som hadde Keith Emerson på klaverinstrument.[28]Deep Purple hadde Lord framleis stor innverknad, noko som kom maksimalt til uttrykk i den cembalo-prega «Blind» og i den orkestrale delen av «April»,[27][29] eit originalt stykke for kor og strykekvartett som han komponerte sjølv om han var i full gang med å skriva og arrangera Concerto for Group and Orchestra.[22] Lords dominans minka noko på denne utgivinga då Blackmore fekk meir plass til å skriva og spela, og han leverte sine lengste og, ifølgje nokre kritikarar, beste gitarsoloar til dags dato.[15][25][27] Kritikarane noterer òg framgangen til Paice som utøvar, spesielt på det «etniske» opningssporet «Chasing Shadows» der han fekk sin første sjanse til å skriva låtar.[14][24] Bassisten Nick Simper uttalte seinare at «det var mykje press frå Jon Lord om å gjera denne typen semi-klassiske ting [og] me gjorde faktisk ikkje opprør mot det før på det tredje albumet.»[11]

Psykedelisk rock hadde vore ein annan hovudinnverknad på dei to første Deep Purple-albuma, men han var i ferd med å gå av moten;[3][30] musikarane avslutta utforskinga si av sjangeren på dette albumet med låtar som «The Painter» og «Bird Has Flown»,[14][25] og dedikerte seg heilt til den meir trendy hardrocksjangeren på dei etterfølgjande studioutgivingane.[3][31]

Omslaget[endre | endre wikiteksten]

Tetragrammaton gav ut albumet i eit skarpt dobbeltfalsa omslag, omgitt av ein segmentert illustrasjon frå Hieronymus Bosch-måleriet Lystenes hage.[26] Plateselskapet fekk problem med bruken av det Museo del Prado-eigde måleriet, som i USA feilaktig vart oppfatta som antireligiøst og med umoralske scener, og som derfor vart avvist eller dårleg lagerført av mange platebutikkar.[23][32] Originalmåleriet er i fargar, sjølv om det dukka opp på LP-en i svart-kvitt på grunn av ein trykkfeil i den opphavlege layouten, og bandet valde å behalda det slik.[26] Ein annan del av det same Bosch-måleriet (i fargar) hadde vorte brukt som albumcover to år tidlegare, av Pearls Before Swine på debuten One Nation Underground.[33]

Utgiving og promotering[endre | endre wikiteksten]

Tetragrammaton Records hadde berre vore aktive i eitt år, men var på randa av konkurs i USA.[10] Det opphavlege solide økonomiske fundamentet hadde raskt vorte uthola av dyre reklamekampanjar og mislykka kommersielle strategiar.[10][34][35] Deep Purple var den mest suksessrike artisten til plateselskapet, men bandet hadde ikkje klart å produsera endå ein hitsingel som «Hush»[10] og deira siste utgiving «Emmaretta», som kom ut akkurat i tide til deira andre USA-turné i 1969, var stort sett mislykka og fekk ingen innverknad på dei amerikanske hitlistene.[36] Dei økonomiske problema til plateselskapet førte til ei forseinking i utgivinga av Deep Purple, som vart gitt ut i USA først 21. juni 1969, etter at bandet hadde vendt heim etter å ha fullført USA-turneen.[26]

I Storbritannia vart «Lalena» og «The Painter» framført live 24. juni 1969 på ein BBC Radio-innspeling.[37] Albumet vart gitt ut i Storbritannia i september 1969 på EMI-underselskapet Harvest Records, omtrent samtidig med det mykje omtalte arrangementet Concerto for Group and Orchestra i Royal Albert Hall i London.[37][38] På det tidspunktet hadde besetninga til Deep Purple allereie endra seg.[39] Albumet vart distribuert i Canada og Japan i oktober 1969 av Polydor Records.[40]

Deep Purple vart gjenutgitt svært få gonger og berre i Europa, ofte i eit sett med dei to andre albuma spelt inn av Mark I-besetninga.[41][42] Den einaste andre internasjonale nyutgivinga av albumet er den ommastra CD-utgåva til EMI frå 2000, som inneheld versjonar av «The Bird Has Flown», «Emmaretta» og liveopptredenar frå BBC Radio-innspelinga som bonusspor.[15] Alle låtane vart digitalt ommastra av Peter Mew i Abbey Road Studios i London.[15]

Turné[endre | endre wikiteksten]

Medan bandet spelte inn det nye albumet og turnerte i Storbritannia, hadde managerane i HEC Enterprises fått ein avtale om at Deep Purple skulle vera oppvarmingsband for The Rolling Stones på den kommande USA-turneen deira våren 1969, den første på tre år og eit sikkert utselt arrangement.[35] Dessverre bestemde Rolling Stones seg for å bruka meir tid i Olympic Studios i London for å spela inn albumet Let It Bleed og utsette turneen.[35] I byrjinga av april 1969 var Deep Purple dermed på veg tilbake til USA for å starta ein to månader lang turné frå kyst til kyst som hovudattraksjon, som til liks med det som hadde skjedd i Storbritannia hovudsakleg førte dei til små klubbar og college.[9][35][36] Denne gongen omfatta turneen òg Canada, der albuma deira vart distribuert av Polydor Records.[9][36]

Ved framkomsten til USA fann Deep Purple ut at Tetragrammaton enno ikkje hadde funne ressursar til å produsera det no ferdige albumet og kunne tilby svært lite økonomisk støtte til turneen.[10] I motsetning til det som hadde skjedd tidlegare, då det amerikanske plateselskapet hadde brukt mykje pengar på førehand til promotering og folk som såg bandet på vegen kunne finna stablar med LP-ar og singlar til sals på kvar konsert,[43] vart denne gongen singelen «Emmaretta» og katalogen til bandet liggjande i butikkhyllene.[36] Faktisk opplevde bandet nokre økonomiske avgrensingar under turneen og bad manageren John Coletta om å flyga heim, slik at hotellrekningane skulle bli mindre.[36][44] Coletta kommenterte seinare at 1969 var eit bortkasta år for Deep Purple i USA.[45]

Sjølv om deira siste singel gjorde det dårleg, heldt Deep Purple oppe eit rykte som eit godt liveband i USA.[44] Bandet hadde no byrja å utvikla scenenærværet sitt til noko større, og gjekk i ei høgare og tyngre retning og fokuserte meir og meir på det instrumentale samspelet mellom Blackmore og Lord.[36][44] Spesielt sistnemnde hadde funne ein måte å kortslutta dei originale Leslie-høgtalaraneHammond C-3-orgelet sitt og kopla instrumentet direkte inn i stablane på Marshall-forsterkarane, noko som gav ein brølande lyd og matcha gitaren i lydstyrke.[44][46]

Sjølv om bandet hadde utvikla seg til å bli eit svært dyktig band på scena, byrja det å koka internt, og bandmedlemmene byrja å bli meir høglydte om kva retning dei ønskte at musikken skulle ta, i tillegg til at dei var misnøgde med korleis dei vart behandla økonomisk.[47][48] Simper noterte i seinare intervju: «Når me byrja å tena pengar, forsvann venskapane ut av vindauget». Han noterte vidare at Blackmore var spesielt irritert over at Lord og Evans tente meir enn dei andre bandmedlemmene på grunn av at dei hadde komponert B-sida av «Hush»-singelen («One More Rainy Day»).[49] I mellomtida var Lord og Blackmore lei av å bli identifisert som ein «klone av Vanilla Fudge»[45] og byrja å lengta etter eit skarpare, råare og generelt tyngre lydbilete, lik den som vart introdusert på Led Zeppelin sitt debutalbum,[3][50][51] som vart ein stor suksess på begge sider av Atlanterhavet etter utgivinga i januar 1969.[52][53] Dei meinte at Rod Evans, med si ømme, mjuke stemme, ikkje kunne takla høgare, meir aggressivt materiale.[36][50] Evans hadde òg uttrykt reservasjonar mot å halda fram i bandet og ytra ønske om å flytta til USA for godt.[48][54] Spenninga var òg stor i forhold til bassisten Nick Simper,[36] viss spelestil, i følgje Paice, vart rekna som «fastlåst på slutten av 50- og byrjinga av 60-talet» av dei andre bandmedlemmene og ueigna for den nye musikalske retninga dei ønskte å forfølgja.[55] På den andre sida stod Simper på Blackmore si side mot Lord sin overdrivne innverknad på låtskrivinga til bandet og var kritisk til at klassisk musikk kom i vegen for den hardare rocken.[22][56] Som eit resultat av desse spenningane var kommunikasjonen mellom bandmedlemmene på eit minimum under turneen.[36] I mai vart Lord og Blackmore samde om å endra besetninga og skifta ut Evans.[57] Dei diskuterte ideane sine med trommeslagaren Paice, og fekk hans samtykke til å endra besetninga.[26][50] Coletta vart overraska då han fekk høyra nyheitene til trioen, og råda dei til å halda tett om det til turneen var over og dei hadde komme heim.[26][58]

Slutten på Mark I-formasjonen[endre | endre wikiteksten]

Tilbake i England i byrjinga av juni måtte avgjerda haldast hemmeleg inntil promoturneen for den britiske utgivinga av The Book of Taliesyn var ferdig.[58] I mellomtida byrja jakta på ein ny vokalist til å erstatta Evans, og Blackmore bad om hjelp frå sin gamle ven Mick Underwood, på det tidspunktet trommeslagaren i det britiske rockebandet Episode Six.[26] Underwood tilrådde Episode Six-vokalisten Ian Gillan, som Blackmore og Lord kontakta på ein konsert i London.[59] Gillan, som ikkje såg noko framtid i det dåverande bandet sitt,[59] var entusiastisk over å bli med i Deep Purple og involverte bassisten Roger Glover, som han danna ein låtskrivarduo med.[48] Ifølgje Simper var det i utgangspunktet ikkje planlagt at Glover skulle erstatta han, noko som kom av det kreative samhaldet mellom dei to Episode Six-medlemmene.[60] Gillan overtalte den motvillige Glover til å prøvespela for Deep Purple, og dei to vart snart splitta mellom det nye bandet, som med glede ønskte dei begge velkomne, og pliktene overfor Episode Six i samband med ein turné i Storbritannia.[61] Evans, Simper og Episode Six-managementet var uvitande om desse hendingane og om at den nye besetninga allereie var i full gang med å skriva og øva på nye låtar.[37] Innimellom konsertar over heile landet hadde Deep Purple øvd inn låten «Hallelujah» med Evans og Simper for å gi ut ein ny singel, men han vart i staden spelt inn i all løyndom den 7. juni av den ferske Mark II-besetninga i De Lane Studios, med Glover som studiomusikar.[37] Den siste konserten med Mark I-besetninga var i Cardiff 4. juli 1969, og Mark II-besetninga debuterte live på The Speakeasy Club i London 10. juli.[39] Den siste konserten Gillan og Glover spelte med Episode Six var i Little Bardfield 26. juli 1969.[39] Singelen «Hallelujah» vart sleppt i slutten av juli i USA og Storbritannia og inneheldt ein redigert versjon av «April» på B-sida, den siste originale utgivinga på vinyl av Mark I-formasjonen.[37]

Etter oppseiinga reiste Evans til USA saman med kona si og dukka opp igjen i 1971 som vokalist i det amerikanske progressivrockbandet Captain Beyond.[37][62] Simper saksøkte managementet til Deep Purple for kontraktsbrot, og tvisten vart løyst økonomisk på minneleg vis.[37] Seinare danna han rockebandet Warhorse.[37][63]

Musikken frå albumet Deep Purple vart berre spelt under turneane i 1969 og aldri framført igjen av andre besetningar, sjølv om Simper spelte songar frå dei tre første Deep Purple-albuma med hyllestbandet Nasty Habits i Europa i 2010.[48]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[23]
PopMatters6/10 stars[24]
Collector's Guide to Heavy Metal7/10[64]

Deep Purple vart praktisk talt ignorert av musikkpressa i USA ved utgivinga i juni 1969 og hoppa opp og ned på Billboard 200-lista i nokre veker, med ei toppnotering på 162. plassen. og kom ikkje i nærleiken av suksessen til dei to forgjengarane sine.[65][66] Dei økonomiske problema til Tetragrammaton fekk ein del av skulda, for promoteringa var laber, men mangelen på ein hitsingel som kunne sendast på FM-radio eller ein turné som støtte for albumet var òg viktige faktorar.[25][32]

I Storbritannia overtydde ikkje singelen «Emmaretta» kritikarane og kjøparane, og han hamna ikkje på hitlistene.[10][67] På utgivingstidspunktet vart Deep Purple generelt ignorert av britisk musikkpresse, som var meir fokusert på den spennande Concerto for Group and Orchestra enn på eit album med ei utdøydd besetning.[37] Albumet selde dårleg i Europa, men vart til slutt gullsertifisert i Tyskland i 1990.[68]

Moderne meldingar er generelt positive. AllMusic-skribenten Bruce Eder kallar albumet «eit av dei mest oppkvikkande progressive rockalbuma nokosinne, og ein vellykka visjon av ein musikalsk veg som gruppa kunne ha teke, men ikkje gjorde», og noterer korleis Deep Purple lykkast i å kombinera «heavy metal si tidlege, rå spenning, intensitet og djervskap med den progressive kompleksiteten til rocken og intellektuelle omfang.»[23] Jedd Beaudoin i Popmatters set i meldinga si pris på det tyngre stilen i songane og legg merke til korleis «Evans høyrest meir og meir malplassert ut i eit band som vart stadig meir komfortabel med å strekkja seg utanfor rammene av reine popstykke», som i sporet «April», som han ikkje berre reknar som «det mest ambisiøse på heile plata, men òg utan tvil det beste.»[24] David Bowling omtaler i Blogcritics-spalta si albumet som «det minst tilfredsstillande av dei tre tidlege karriereutgivingane deira, sjølv om det òg kan vurderast som deira mest eventyrlystne» på grunn av «slingringa gjennom ei rekkje ulike stilar og lyder». Men med tanke på utviklinga til Blackmore og Lord som artistar på denne utgivinga, konkluderer han med at det er «ei passande avslutning på det formative året til bandet.»[25] Martin Popoff rosar albumet for å vera «sterkare, meir aggressivt og mykje betre spelt inn» enn dei to første platene, og viser det originale arbeidet til «eit merkeleg sjelfullt psychband som skil seg ut», med unntak av songar Evans, «ved dei hardtslåande utøvarane sine».[64]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle krediteringar er tilpassa frå originalutgivingane.[15][69]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Chasing Shadows»Ian Paice, Jon Lord5:34
2.«Blind»Lord5:26
3.«Lalena»Donovan Leitch5:05
4.«Fault Line» (instrumental)Ritchie Blackmore, Nick Simper, Lord, Paice1:46
5.«The Painter»Blackmore, Rod Evans, Lord, Simper, Paice3:51
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Why Didn't Rosemary?»Blackmore, Evans, Lord, Simper, Paice5:04
7.«Bird Has Flown»Lord, Evans, Blackmore5:36
8.«April»Blackmore, Lord12:10
Bonusspor på ommastra CD-utgåve
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«The Bird Has Flown» (Alternativ A-side-versjon)Lord, Evans, Blackmore2:54
10.«Emmaretta» (Studioinnspelt B-side)Lord, Evans, Blackmore3:00
11.«Emmaretta» (BBC Top Gear-innspeling, 14. januar 1969)Lord, Evans, Blackmore3:09
12.«Lalena» (BBC radio-innspeling; 24. juni 1969)Leitch3:33
13.«The Painter» (BBC radio-innspeling; 24. juni 1969)Blackmore, Evans, Lord, Simper, Paice2:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 Robinson: s. 4
  2. 2,0 2,1 Thompson: s. 58
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Popoff: s. 33
  4. 4,0 4,1 Robinson, Simon (2000). The Book of Taliesyn Remastered (CD Booklet). Deep Purple. London: EMI. s. 8. 7243 5 21608 22. 
  5. «The Book of Taliesyn Billboard Singles». AllMusic. Arkivert frå originalen 14. mars 2016. Henta 2. februar 2014. 
  6. «Top Singles - Volume 10, No. 16, December 16 1968». Library and Archives Canada. 16. desember 1968. Henta 2. februar 2014. 
  7. 7,0 7,1 Bloom: s. 121
  8. Thompson: s. 56
  9. 9,0 9,1 9,2 «Deep Purple Live Index - search for Mk I (68/69)». Deep Purple Live Index.com. Henta 25. januar 2014. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 Robinson: s. 5
  11. 11,0 11,1 Popoff: s.36
  12. 12,0 12,1 «Deep Purple - A Critical Retrospective/Rock Review». YouTube. Arkivert frå originalen 13. desember 2021. Henta 25. juli 2018. 
  13. 13,0 13,1 Thompson: s. 57
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 Popoff: s. 34
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 Deep Purple (2000). Deep Purple Remastered (CD-omslag). London, UK: EMI. 7243 5 21597 27. 
  16. «Derek Lawrence Interview». Deep-Purple.net. May 2003. Henta 9. juli 2023. 
  17. Popoff: s. 35
  18. Greenwald, Matthew. «Donovan - Lalena review». AllMusic. Henta 13. mars 2017. 
  19. «Donovan Chart History: The Hot 100». Billboard. Henta 13. mars 2017. 
  20. 20,0 20,1 «Radio & TV Shows». Deep Purple Tour Page. Purple. de. Henta 21. september 2014. 
  21. Robinson, Simon (2000). The Book of Taliesyn Remastered (CD-hefte). Deep Purple. London: EMI. s. 10. 7243 5 21608 22. 
  22. 22,0 22,1 22,2 Robinson, Simon (July 1983). «Nick Simper Interview from «Darker than Blue», July 1983». Darker than Blue. Nick Simper official website. Henta 15. januar 2014. 
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 Eder, Bruce. «Deep Purple - Deep Purple review». AllMusic. Henta 8. februar 2017. 
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 Beaudoin, Jedd (20. oktober 2011). «Deep Purple: Shades of Deep Purple / The Book of Taliesyn / Deep Purple». Popmatters. Henta 9. juli 2023. 
  25. 25,0 25,1 25,2 25,3 25,4 Bowling, David (16. november 2011). «Music Review: Deep Purple - Deep Purple». Blogcritics. Henta 12. februar 2017. 
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 26,5 26,6 Robinson: s. 7
  27. 27,0 27,1 27,2 Bloom: s.123
  28. Popoff: s. 28
  29. «25 Years of Deep Purple The Battle Rages On .... - Interview with Jon Lord». Keyboards. January 1994. Arkivert frå originalen 17. mai 2010. Henta 22. januar 2014. 
  30. AA.VV. (17. juni 2000). Inglis, Ian, red. The Beatles, Popular Music and Society: A Thousand Voices. London: Palgrave Macmillan. s. 46. ISBN 978-0-312-22236-9. 
  31. Bogdanov, Vladimir; Woodstra, Chris; Erlewine, Stephen Thomas, red. (2002). All Music Guide to Rock: The Definitive Guide to Rock, Pop, and Soul. Backbeat Books. s. 1322–1323. ISBN 978-0-87930-653-3. 
  32. 32,0 32,1 Robinson: s. 8
  33. Kurtz, Peter. «Pearls Before Swine - One Nation Underground anmeldelse». AllMusic. Henta 13. mars 2017. 
  34. Thompson: s. 31
  35. 35,0 35,1 35,2 35,3 Thompson: s. 59
  36. 36,0 36,1 36,2 36,3 36,4 36,5 36,6 36,7 36,8 Robinson: s. 6
  37. 37,0 37,1 37,2 37,3 37,4 37,5 37,6 37,7 37,8 Robinson: s. 10
  38. «Album Reviews» (PDF). Melody Maker: 21. 20. september 1969. Henta 15. september 2021. 
  39. 39,0 39,1 39,2 Robinson, Simon (1995). Deep Purple in Rock (CD Booklet). Deep Purple. London: EMI. s. 9. 7243 8 3401925. 
  40. «Deep Purple». The Highway Star.com. Henta 4. juli 2020. 
  41. Robinson: s. 11
  42. «Shades of Deep Purple». Deep-purple.net. Henta 19. februar 2014. 
  43. Popoff: s. 39
  44. 44,0 44,1 44,2 44,3 Thompson: s. 60
  45. 45,0 45,1 Cornyn, Stan. «Stay Tuned By Stan Cornyn: Loudest Purple». Rhino.com. Rhino Records. Henta 6. mars 2017. 
  46. Till, Rupert (2010). Pop Cult: Religion and Popular Music. Continuum. s. 122. ISBN 978-0-8264-3236-0. 
  47. Popoff: p. 37
  48. 48,0 48,1 48,2 48,3 Anasontzis, George (2010). «Nick Simper». Rockpages.gr. Arkivert frå originalen 30. august 2010. Henta 9. juli 2023. 
  49. Tyler, Kieron On The Roundabout With Deep Purple Henta 31. august 2020
  50. 50,0 50,1 50,2 Thompson: p. 61
  51. «Ritchie Blackmore - Recalls Life with Deep Purple». Guitar.com. Arkivert frå originalen 10. oktober 2014. Henta 15. januar 2014. 
  52. «Led Zeppelin Official Charts». Official Charts Company. Henta 26. mars 2017. 
  53. «Led Zeppelin Billboard Albums». AllMusic. Arkivert frå originalen 26. august 2012. Henta 26. mars 2017. 
  54. Popoff: s. 46
  55. Popoff: s. 48
  56. Popoff: s. 40
  57. Bloom: s. 125
  58. 58,0 58,1 Thompson: s. 62
  59. 59,0 59,1 Thompson: s. 69
  60. Bloom: s. 126
  61. Thompson: s. 69-70
  62. Ruhlmann, William. «Captain Beyond Biography». AllMusic. Henta 8. mars 2017. 
  63. Unterberger, Richie. «Warhorse Biography». AllMusic. Henta 8. mars 2017. 
  64. 64,0 64,1 Popoff, Martin (October 2003). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 1: The Seventies. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 83. ISBN 978-1894959025. 
  65. «Deep Purple Billboard Albums». AllMusic. Arkivert frå originalen 16. februar 2013. Henta 9. februar 2017. 
  66. Bloom: s. 127
  67. «Plateanmeldelser 1968-1976: mk1». New Musical Express, 22. februar 1969. Deep Purple Appreciation Society website. Henta 29. september 2017. 
  68. «Gold-/Platin-Datenbank search for Deep Purple». Bundesverband Musikindustrie. 
  69. Deep Purple (1969). Deep Purple (LP Sleeve). London, UK: Harvest Records SHVL 759.