Come Hell or High Water

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Come Hell or High Water
Konsertalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve november 1994
Innspelt 16. oktober 1993
9. november 1993
Sjanger Hardrock
Lengd 77:19
Selskap BMG/RCA Records
Produsent Pat Regan
Deep Purple-kronologi 
In the Absence of Pink: Knebworth '85
(1991)
Come Hell or High Water King Biscuit Flower Hour Presents: Deep Purple in Concert
(1995)


Come Hell or High Water er ein CD og DVD av hardrockgruppa Deep Purple. Det vart spelt inn 16. oktober 1993 i «Hans-Martin-Schleyer-Halle» i Stuttgart i Tyskland og i Birmingham den 9. november.

Albumet er eit av dei siste med Ritchie Blackmore, sidan han forlet bandet etter konserten den 17. november 1993 i Helsingfors i Finland. Han vart erstatta av Joe Satriani for resten av turneen og sidan av Steve Morse.

Blackmore mislikte at han hadde ein kameramann ved sidan av seg under starten på Birmingham-konserten, og gjekk tilbake til garderoben medan kameramannen vart fjerna. Dette gjer at det er ein uvanleg lang «gitarfri» intro til «Highway Star» og fleire avkorta gitarsoloar gjennom showet. Resten av bandet var misnøgd med denne oppførselen, noko ein kan sjå i intervjua med dei på DVD-en.

CD-en inneheld forkorta versjonar av songar frå Stuttgart-showet, utanom «Anyone's Daughter», som er henta frå Birmingham.

Dei fullstendige konsertversjonane frå Stuttgart og Birmingham kom ut i 2006 som ein boks på fire CD-ar. I 2007 vart dei to konsertane gjevne ut kvar for seg, men Birminham-konserten vart raskt sletta, etter at Ian Gillan protesterte på utgjevinga.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Highway Star» 6:40
2.«Black Night» 5:40
3.«A Twist in the Tale»Blackmore, Gillan, Glover4:27
4.«Perfect Strangers»Blackmore, Gillan, Glover6:52
5.«Anyone's Daughter» 3:57
6.«Child in Time» 10:48
7.«Anya»Blackmore, Gillan, Glover, Lord12:13
8.«a)Lazy»
b)«Space Truckin'»
c)«Woman from Tokyo»
 4:18
2:39
1:53
9.«Speed King» 7:29
10.«Smoke on the Water» 10:26

DVD-innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Highway Star»
  2. «Black Night»
  3. «Talk About Love»
  4. «A Twist in the Tale»
  5. «Perfect Strangers»
  6. «Beethoven's Ninth»
  7. «Knocking at Your Back Door»
  8. «Anyone's Daughter»
  9. «Child in Time»
  10. «Anya»
  11. «The Battle Rages On»
  12. «Lazy»
  13. «Space Truckin'»
  14. «Woman From Tokyo»
  15. «Paint It Black»
  16. «Smoke on the Water»

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]