Fireball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fireball
Studioalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1971 (USA)[1]

September 1971 (Storbritannia)[2]

Innspelt September 1970 – juni 1971
Studio De Lane Lea Studios og Olympic Studios i London og The Hermitage i Welcombe i North Devon
Sjanger
Lengd 40:30
Selskap Harvest
Produsent Deep Purple
Deep Purple-kronologi 
Deep Purple in Rock
(1970)
Fireball Machine Head
(1972)


Singlar frå Fireball
  1. «Strange Kind of Woman»
    Utgjeve: 12. februar 1971 [3]
  2. «Fireball»
    Utgjeve: 25. oktober 1971
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[4]
Collector's Guide to Heavy Metal9/10[5]
Music Story4.5/5 stars[6]

Fireball er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut i 1971 og det andre med Mark II-besetninga deira. Det vart spelt inn på ulike tidspunkt mellom september 1970 og juni 1971. Det vart det første av tre album av bandet som gjekk til topps på albumlista i Storbritannia, sjølv om det ikkje heldt seg på listene like lenge som forgjengaren Deep Purple in Rock. Sjølv om albumet har selt over ein million eksemplar i Storbritannia, har det aldri vorte sertifisert der.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet var det første Deep Purple jobba med etter å ha etablert karrieren med In Rock, som hadde vore ein kritisk og kommersiell suksess og halde seg på hitlistene i over eit år. På grunn av dette var gruppa stadig etterspurt for konsertar, noko som byrja å gå ut over helsa til bandmedlemmene. Klaverspelaren Jon Lord fekk ryggproblem (som stammar frå tida i The Artwoods, då han måtte transportera eit Hammondorgel til konsertar utan hjelp frå eit scenemannskap), og bassisten Roger Glover fekk mageproblem som forhindra han frå å spela live ved fleire høve. Gitaristen Ritchie Blackmore følte at han hadde fått rett i avgjerda om å konsentrera seg om hardrock, og meinte at suksessen i gruppa i stor grad kom frå han. Dette førte til ein aukande konflikt med vokalisten Ian Gillan, og forholdet mellom dei to byrja å bli anstrengt.

Materialet til albumet vart innøvd i Welcombe Manor i Devonshire i desember 1970.[7] Bandet avlyste fleire konsertar for å setja saman materiale som kunne fungera som ein oppfølgjar til In Rock. «Strange Kind of Woman» vart skrive under desse øktene, og låten vart saman med «The Mule» spelt inn i januar 1971. Ein annan låt, «Freedom», vart skrive på Welcombe og spelt inn under desse sesjonane, men kom ikkje med på den endelege sporlista. Anna materiale vart spelt inn mellom konsertane fram til mars.[8] «Strange Kind of Woman» vart lagt til live-settet i gruppa i slutten av januar, og utvikla seg raskt til å bli eit showpiece der Gillan song Blackmores gitarriff på ein call and response måte.[9] Den siste låten som vart spelt inn var «Demon's Eye» i juni.[10]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Fireball nådde førsteplass på den britiske albumlista,[11] og låg òg på førsteplass i fleire andre europeiske land som Tyskland, Austerrike og Sverige. I Nord-Amerika utkonkurrerte han forgjengaren In Rock og nådde 32. plassen i USA[12] og nr. 24 i Canada.[13]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege britiske versjonen hadde «Demon's Eye» som tredje spor, men inkluderte ikkje «Strange Kind of Woman», som i staden vart gitt ut som singel der. Den amerikanske versjonen inneheld det sistnemnde sporet i staden for det førstnemnde.[10] Den boogie-inspirerte singelen «Strange Kind of Woman» nådde åttandeplassen i Storbritannia og Tyskland, og gjekk heilt til topps i Danmark. «Fireball», tittelsporet til albumet, vart òg gitt ut som singel og nådde 15. plassen i Storbritannia.

«Strange Kind of Woman» har vore ein fast del av livesettet gjennom heile karrierne deira, og «Fireball» har òg hatt nokre få liveopptredenar, hovudsakleg som ekstranummer, då han kravde at Ian Paice brukte ei kontrabasstromme som vart sett opp i pausen etter hovudsettet. «Strange Kind of Woman» og «The Mule» vart spelt jamleg på konsertane deira gjennom heile 1972 (og finst på livealbumet Made in Japan), der sistnemnde erstatta ein instrumental «Paint It Black» som ein reiskap for ein trommesolo av Paice.[14]

«Anyone's Daughter» vart spelt på turneane i 1993-1994, medan «Fools», «No One Came», «I'm Alone», «Demon's Eye» og «No No No No» alle har dukka opp med jamne mellomrom på ulike turnear sidan 1996.

Utgivingar og nyutgivingar[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege vinyl-utgivinga var i eit dobbeltfalsa omslag, med ein generisk Harvest LP-pose og eit tekstvedlegg.

I september 2010 vart det gitt ut ein CD i 24k gull i avgrensa opplag av Audio Fidelity. CD-en vart mastra frå dei originale masterbanda av Steve Hoffman. Gull-CD-en inneheldt den originale USA-sporlista med «Strange Kind of Woman» og har ikkje «Demon's Eye».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste i bandet reknar ikkje albumet som ein klassikar, sjølv om det er ein av Ian Gillan sine favorittar. Han uttalte i eit intervju i 1974: «Grunnen til at eg likte det så godt, var fordi eg syntest at det var byrjinga på enorme uttrykksmoglegheiter når det gjaldt låtskriving. Og nokre av spora på det albumet er verkeleg, verkeleg oppfinnsame.»[15] Gillan uttalte likevel òg at inkluderinga av «Anyone's Daughter» på albumet var «litt moro, men eit mistak.»[16]

Spesielt Ritchie Blackmore uttalte offentleg at han ikkje var altfor nøgd med Fireball. Han sa om produksjonen: «Det var litt av ein katastrofe, fordi det vart sett saman i studio. Presset frå leiinga, me hadde ikkje tid. Eg sa til dei: 'Viss de vil ha ein LP, må de gi oss tid.' Men det ville dei ikkje. Eg berre kasta idear til gruppa som eg kom på i farten.»[15]

Jon Lord uttalte at Fireball «vandrar litt» og «går til stader som bandet ikkje forventa at det skulle gå til». Lord rosa fleire av låtane på albumet, mellom anna «No No No No» og «Fools», og trekte spesielt fram trommespelet til Ian Paice på tittelsporet.[17]

Seinare påverknader[endre | endre wikiteksten]

I ein episode av That Metal Show den 9. april 2011 uttalte gitarvirtuosen Yngwie Malmsteen at storesøstera hans hadde gitt han Fireball då han var åtte år gammal, og at det «forandra alt» for han. På same måte har Metallica-trommeslagaren Lars Ulrich uttalt at han kjøpte eit eksemplar av Fireball i løpet av 12 timar etter at faren hadde teke han med på ein Deep Purple-konsert i København i 1973, og han krediterer konserten og albumet for å ha vekt hans interesse for hardrockmusikk.[18]

På same måte uttalte Michael Monroe i podcasten til Eddie Trunk at det var det første albumet han kjøpte, og eit av dei første han høyrde saman med Led Zeppelin II, og at det hadde stor innverknad på karrieren hans innan rock and roll.

King Diamond nemner òg Fireball som det første studioalbumet han kjøpte som tenåring, og som ein viktig innverknad på den framtidige karrieren hans.[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice.

Original europeisk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Fireball»3:25
2.«No No No»6:54
3.«Demon's Eye»5:19
4.«Anyone's Daughter»4:43
Side to
Nr.TittelLengd
1.«The Mule»5:23
2.«Fools»8:21
3.«No One Came»6:28

Original nordamerikansk og japansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Fireball»3:25
2.«No No No»6:54
3.«Strange Kind of Woman»4:07
4.«Anyone's Daughter»4:43
Side to
Nr.TittelLengd
1.«The Mule»5:23
2.«Fools»8:21
3.«No One Came»6:28

Bonusspor på 25-årsjubileumsutgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Strange Kind of Woman» (A-side remix '96) 4:07
9.«I'm Alone (single B-side)» 3:08
10.«Freedom» (unytta studioopptak) 3:37
11.«Slow Train» (unytta studioopptak) 5:38
12.«Demon's Eye» (remix '96) 6:13
13.«The Noise Abatement Society Tapes (Midnight in Moscow, Robin Hood, William TellTrad.4:17
14.«Fireball» (take 1 – instrumental) 4:09
15.«Backwards Piano» (Reversert pianoslo på slutten av «No One Came.») 0:56
16.«No One Came» (remix '96) 6:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971-1972) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[20] 5
Den austerrikske albumlista Topp 40[21] 1
Belgian Ultratop (Vallonia)[21] 1
Canada Top Albums/CDs (RPM)[22] 24
Den danske albumlista[23] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[24] 3
Finland (The Official Finnish Charts)[25] 2
Den franske albumlista (SNEP)[26] 3
Tyske album (Offizielle Top 100)[27] 1
Italienske album (Musica e Dischi)[28] 3
Den japanske albumlista (Oricon)[29] 66
Norske album (VG-lista)[30] 2
Den svenske albumlista[31] 1
Britiske album (OCC)[32] 1
US Billboard 200[33] 32

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Tyske album (Offizielle Top 100)[34] 42
Liste (1972) Plassering
Tyske album (Offizielle Top 100)[35] 6

Singlar
År Singel Liste Plassering
1971 «Strange Kind of Woman» Danish Singles Chart[36] 1
Den tyske singellista[37] 8
UK Singles Chart[11] 8
Austrian Top 40 Singles[38] 14
Den franske singellista[39] 54
«Fireball» Danish Singles Chart[40] 3
UK Singles Chart[11] 15
Den tyske singellista[41] 19
Dutch MegaCharts[42] 24

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Tyskland (BVMI)[43] Gull 250 000^
Nederland (NVPI)[44] Gull 50 000^
Sverige (GLF)[45] Gull 50 000^
USA (RIAA)[46] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Popoff, Martin (2016). The Deep Purple Family (2nd utg.). Wymer Publishing. s. 88. ISBN 978-1-908724-42-7. 
  2. Popoff, Martin (2016). The Deep Purple Family (2nd utg.). Wymer Publishing. s. 90. ISBN 978-1-908724-42-7. 
  3. Hung, Steffen. «Deep Purple – Strange Kind Of Woman». hitparade.ch. 
  4. Rivadavia, Eduardo. «Deep Purple – Fireball review». AllMusic. All Media Network. Henta 13. mars 2017. 
  5. Popoff, Martin (October 2003). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 1: The Seventies. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 84. ISBN 978-1894959025. 
  6. «Acclaimed Music». www.acclaimedmusic.net. 
  7. Robinson 1996, s. 2,6.
  8. Robinson 1996, s. 10.
  9. Robinson 1996, s. 11.
  10. 10,0 10,1 Robinson 1996, s. 12.
  11. 11,0 11,1 11,2 «Deep Purple Official Charts». Official Chart Company. Henta 2. juni 2020. 
  12. «Deep Purple Chart History: Billboard 200». Billboard. Henta 2. juni 2020. 
  13. «Top Albums/CDs - Volume 16, No. 8, October 09 1971». Library and Archives Canada. 18. august 1973. Henta 2. juni 2020. 
  14. Robinson 1996, s. 16.
  15. 15,0 15,1 Steve Rosen Interviews with Ian Gillan and Ritchie Blackmore, 1974YouTube Henta frå YouTube «Ritchie Blackmore, Guitar God|Part 2/5» den 14. januar 2014.
  16. Album liner notes in anniversary booklet
  17. «Deep Purple - Fireball (VEVO interview with Jon Lord) eturn». YouTube. Henta 20. juni 2017. 
  18. Grow, Kory. «Read Lars Ulrich's Passionate Deep Purple Rock Hall Induction». rollingstone.com. Henta 4. mai 2016. 
  19. King Diamond's official website: «Archived copy». Arkivert frå originalen 16. januar 2013. Henta 15. juli 2014. 
  20. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  21. 21,0 21,1 «Billboard Hits of the World». Billboard 83 (48): 60. 27. november 1971. Henta 8. april 2017. 
  22. "Top RPM Albums: Nummer 7579". RPM. Library and Archives Canada.
  23. «Danske Hitliter: Fireball – Deep Purple». Royal Library, Danmark. Henta 22. september 2017. 
  24. "Deep Purple – Fireball". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 26. april 2018.
  25. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  26. «Le Détail des Albums de chaque Artiste – D». Infodisc.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 22. oktober 2014. Henta 9. juni 2012.  Select Deep Purple from the menu, then press OK.
  27. "Offiziellecharts.de – Deep Purple – Fireball" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2023.
  28. «Classifiche». Musica e Dischi (på italiensk). Henta 27. mai 2022.  Set «Tipo» on «Album». Then, in the «Artista» field, search «Deep Purple».
  29. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  30. "Deep Purple – Fireball". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  31. «SwedishCharts 0969-0872» (PDF). Hitsallertijden.nl. Henta 10. mars 2017. 
  32. "Deep Purple | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 8. juli 2023.
  33. "Deep Purple Album & Song Chart History" Billboard 200 for Deep Purple. Prometheus Global Media. Henta 8. juli 2023.
  34. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment Charts. 1971. Henta 2. april 2022. 
  35. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment Charts. 1972. Arkivert frå originalen 9. mai 2015. Henta 2. april 2022. 
  36. «Danske Hitliter: Strange Kind of Woman – Deep Purple» (på dansk). Royal Library, Danmark. Arkivert frå originalen 9. mars 2016. Henta 8. april 2017. 
  37. «Single – Deep Purple, Strange Kind of Woman». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 8. april 2017. 
  38. «Deep Purple – Strange kind of Woman». Austriancharts.at (på tysk). Media Control Charts. Henta 8. april 2017. 
  39. «infodisc.fr Note : You must select Deep Purple». infodisc.fr. Henta 8. april 2017. 
  40. «Danske Hitliter: Deep Purple» (på dansk). Royal Library, Danmark. Arkivert frå originalen 8. april 2016. Henta 8. april 2017. 
  41. «Single – Deep Purple, Fireball». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 8. april 2017. 
  42. «Deep Purple – Fireball». Dutchcharts.nl (på nederlandsk). Media Control Charts. Henta 8. april 2017. 
  43. «Machine Head» (PDF). Cash Box. 1. april 1972. s. 46. Henta 16. april 2020 – via American Radio History. 
  44. «Dutch album salstrofé – Deep Purple – Fireball» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  45. «popsike.com – DEEP PURPLE «FIREBALL» ORIGINAL GOLD DISC FROM SWEDEN – auction details». www.popsike.com. 
  46. «American album salstrofé – Deep Purple – Fireball». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH