Come Taste the Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Come Taste the Band
Studioalbum av Deep Purple
Utgjeve 10. oktober 1975
Innspelt 3. august - 1. september 1975
Musicland Studios i München
Sjanger Hardrock, funkrock, heavy metal
Lengd 37:16
Selskap EMI/Purple (UK)
Warner Bros. (US)
Produsent Martin Birch & Deep Purple
Kritikk
Deep Purple-kronologi
Stormbringer
(1974)
Come Taste the Band Perfect Strangers
(1984)

Come Taste the Band er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple som kom ut i oktober 1975. Albumet er produsert av bandet i lag med Martin Birch, som òg var lydteknikar. Det er det einaste Deep Purple-albumet med Tommy Bolin, som erstatta Ritchie Blackmore på gitar.

Då Blackmore forlet bandet, trudde mange at Deep Purple kom til å gje seg. Det var David Coverdale som bad Jon Lord om å fortsetje med bandet, og Tommy Bolin fekk oppgåva om å ta over på gitar.

Ei luksusutgåve av albumet kom ut i 2010.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Musikalsk er albumet meir kommersielt enn tidlegare Deep Purple-album, og helte meir mot vanleg hardrock med overtonar av soul og funk. I følgje Glenn Hughes og Jon Lord vart albumet hovudsakleg skriven i Los Angeles, medan det vart spelt inn i München, utanom «Comin' Home» som vart skriven i studio. Bassisten reiste attende til England før albumet var ferdig for å behandle hans dåverande store kokainmisbruk. Musikken er sterkt prega av funk, som kom med Glenn Hughes og Bolin. Bolin var òg påverka av jazz, men retninga på albumet var meint å vere meir som Burn frå 1974, med tyngre fokus på hardrock. Innspelinga med Bolin gjorde at bandet hadde større kreativ fridom enn dei hadde hatt med Ritchie Blackmore, som var vanskeleg å samarbeide med på denne tida. Generelt vert albumet rekna som eit av dei dårlegare albuma til Deep Purple og det selde heller ikkje særleg bra (19. plass i Storbritannia, 43. plass i USA). Albumet selde til sølvplate 1. november 1975 i Storbritannia for 60 000 selde kopiar i Storbritannia.

Etter at turneen for albumet var over i mars 1976 vart Deep Purple oppløyst, og dei kom først saman att åtte år seinare. Tommy Bolin døydde av ein heroinoverdose i desember 1976. Ian Gillan, som forlet bandet tre år seinare, har sagt at han ikkje reknar albumet som eit verkeleg Deep Purple-album.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Comin' Home»   Tommy Bolin, David Coverdale, Ian Paice 3:55
2. «Lady Luck»   Jeff Cook, Coverdale 2:48
3. «Gettin' Tighter»   Bolin, Glenn Hughes 3:37
4. «Dealer»   Bolin, Coverdale 3:50
5. «I Need Love»   Bolin, Coverdale 4:23
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «Drifter»   Bolin, Coverdale 4:02
7. «Love Child»   Bolin, Coverdale 3:08
8. «This Time Around/Owed to 'G'»   Hughes, Jon Lord, Bolin 6:10
9. «You Keep on Moving»   Coverdale, Hughes 5:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Tommy Bolin - Gitarar, vokal, bassgitar på «Comin' Home», korvokal på «Comin' Home» og vokal på «Dealer»
  • David Coverdale - vokal
  • Glenn Hughes - bass, vokal (på «Gettin' Tighter» og «This Time Around»)
  • Jon Lord - tangentinstrument, piano, synthesizer
  • Ian Paice - trommer, perkusjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]