The Book of Taliesyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Book of Taliesyn
Studioalbum av Deep Purple
Utgjeve 11. desember 1968 (US)
juli 1969 (UK)
Innspelt august - oktober 1968
ved De Lane Lea i Kingsway i London
Sjanger Hardrock, progressiv rock, bluesrock, psykedelisk rock[1]
Lengd 43:57 (Original LP)
65:19 (2000 CD)
Selskap Harvest Records (UK)
Tetragrammaton (US)
Polydor (Canada)
Produsent Derek Lawrence
Kritikk

Allmusic

Deep Purple-kronologi
Shades of Deep Purple
(1968)
The Book of Taliesyn Deep Purple
(1969)

The Book of Taliesyn er det andre albumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeven ut på EMI sitt Harvest Records i Storbritannia (1969), Tetragrammaton i USA (1968) og Polydor i Canada og Japan (1969).

Albumet består av den same psykedeliske og progressive rockestilen frå Shades of Deep Purple, men det enkelte av songane er røffare i kantane, og ein start på den nye stilen som Deep Purple introduserte i 1970 med Deep Purple in Rock. Dei originale songane deira er lengre og meir varierte enn dei originale songane på Shades of Deep Purple, og synte at bandet hadde vorte meir kreative og ambisiøse når det gjaldt å skrive sine eigne songar.

Sjølv om tittelen på albumet ikkje er nemnd i namnet på nokre av songane, vert linja «The Book of Taliesyn» nemnd i teksten til songen «Listen, Learn, Read On."

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple skulle ut på ein forholdsvis stor turné i USA, som byrja i oktober, etter at debutalbumet deira, Shades of Deep Purple, uventa hadde gjort det stort i landet med singelen «Hush». Singelen vart ein massiv hit i USA og gjorde bandet brått populære der. Det amerikanske selskapet hadde pressa dei attende i studio berre nokre månader før turneen byrja. Dette skjedde sjølv før debutalbumet deira hadde vorte gjeve ut i heimlandet Storbritannia. Andre årsaker for å presse bandet i studio var at dei ville få fleire songar dei kunne framføre på konsertane sine.

Tidleg i august 1968 gjekk dei i studio for øvingar og innspelingar. Med stort press på seg auste det ikkje akkurat ut mange idear frå bandet. Sidan dei mangla originale songar, tok dei derfor med fleire coverversjonar, sidan nokre av songane dei hadde skrivne sjølv ikkje vart rekna som gode nok for eit album. Desse songane vart i staden framførte på BBC-opptak for radioshowet «Top Gear» som John Peel dreiv.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple gjekk i studio med ambisjonane om å lage betre originale songar enn på det førre albumet, samt ta med nokre coverversjonar. Den siste finpussen på albumet byrja tidleg i oktober og enda den tiande. Bandet hadde opphavleg ikkje planlagt å vere i studio heilt til oktober, men produksjonen var entusiastisk og alle i bandet var perfeksjonistar, særleg Ritchie Blackmore. «Shield» and «Anthem» vart spelte inn først, etterfølgd av «Wring That Neck,» «Listen, Learn, Read On,» «Kentucky Woman» og «Exposition/We Can Work It Out». «River Deep - Mountain High» var meint som det siste sporet, så innspelinga av denne vart utsett til dei andre songane var ferdige. Songen vart spelt inn den 10. oktober, som var siste innspelingsdagen deira i studio. Produsent for albumet var Derek Lawrence, som òg hadde produsert det førre albumet deira.

Lydbanda vart miksa i både mono og stereo. Monolydbanda vart kasta sidan ingen av plateselskapa deira hadde bruk for dei. Miksinga skulle opphavleg gjerast i lag med bandet, men på grunn av tett timeplan i oktober gjorde Lawrence dette utan dei. Bandet mislikte først dette sterkt, men resultatet vart at albumet hadde betre lyd enn det første albumet deira.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Namnet på albumet var henta frå eit kjend walisisk manuskript frå 1300-talet med visse dikt tilskriven diktaren Taliesin frå 500-talet.

Det amerikanske selskapet til Deep Purple, Tetragrammaton, gav ut to singlar, «Kentucky Woman,» med instrumentalen «Wring That Neck» (kalla «Hard Road» i USA) som B-side. Denne singelen kom ut i desember, etter at albumet hadde vore ut nokre månader. «Wring That Neck» vart spelt mykje på konsertane deira, sjølv inn i Mark II-tida, der Blackmore og Lord kunne vise seg fram på instrumenta sine.

«Kentucky Woman» nådde 38. plass, men selskapet likte ikkje at han ikkje vart ein like stor suksess som «Hush» hadde vore. I eit ivrig forsøk på å auke platesalet gav dei ut ein ny singel i desember, ein kraftig forkorta versjon av «River Deep - Mountain High» (som er over 10 minuttar lang på albumet) med «Listen, Learn, Read On» som B-side. Singelen selde dårleg, og nådde ikkje like høgt som «Kentucky Woman,» ,men slo faktisk Ike and Tina Turner sin versjon i ein periode.

Det engelske selskapet deira, EMI, gav òg ut «Kentucky Woman» som singelen, men heldt seg til denne eine. Albumet selde forholdsvis dårleg i Storbritannia, slik Shades of Deep Purple òg hadde gjort.

John Peel, som leia radioshoet Top Gear, hadde tidlegare møtt bandet då dei spelte for showet hans. Etter høge forventningar hadde han berre middels reaksjonar for albumet:

«Gruppa har gjort fine ting for Radio One og dei spelar verkeleg bra live. Eg forstår ikkje kvar dette albumet gjekk gale, det er altfor anspent på eit vis. Dei spelte «Wring That Neck» mykje betre for eit nyleg Top Gear.»

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Listen, Learn, Read On»   Rod Evans, Ritchie Blackmore, Jon Lord, Ian Paice 4:05
2. «Wring That Neck» (opphavleg kalla «Hard Road» i USA) Blackmore, Nick Simper, Lord, Paice 5:13
3. «Kentucky Woman»   Neil Diamond 4:44
4. «(a) Exposition»
«(b) We Can Work It Out»  
Beethoven, Blackmore, Simper, Lord, Paice,
John Lennon, Paul McCartney
7:06

Side to[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
5. «Shield»   Evans, Blackmore, Lord 6:06
6. «Anthem»   Evans, Lord 6:31
7. «River Deep, Mountain High»   Jeff Barry, Ellie Greenwich, Phil Spector 10:12

Bonusspor på CD-utgåve[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
8. «Oh No No No» (unytta opptak) Mike Leander, Leon Russell 4:25
9. «It's All Over» (BBC Top Gear; 16. januar 1969) Ben E. King, Bert Berns 4:14
10. «Hey Bop a Re Bop» (BBC Top Gear; 16. januar 1969) Evans, Blackmore, Lord, Paice 3:31
11. «Wring That Neck» (BBC Top Gear; 16. januar 1969) Blackmore, Simper, Lord, Paice 4:42
12. «Playground» (nymiksa instrumentalt studioopptak; 18. august 1968) Blackmore, Simper, Lord, Paice 4:29

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]