Concerto for Group and Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Concerto for Group and Orchestra
Konsertalbum av Deep Purple & The Royal Philharmonic Orchestra
Språk engelsk
Utgjeve 10. desember 1969 (USA)[1]
January 1970 (Storbritannia)
Innspelt 24. september 1969
Spelestad Royal Albert Hall (London)
Sjanger
Lengd 59:26
Selskap Tetragrammaton (USA)
Harvest (Storbritannia)
Polydor (Canada)
Produsent Deep Purple
Deep Purple-kronologi 
Deep Purple
(1969)
Concerto for Group and Orchestra Deep Purple in Rock
(1970)


Concerto for Group and Orchestra er ein concerto komponert av Jon Lord med tekstar av Ian Gillan. Han vart først framført av Deep Purple og Royal Philharmonic Orchestra dirigert av Malcolm Arnold den 24. september 1969 og gjeven ut på vinyl i desember 1969. Utgjevinga var det første Deep Purple-albumet med Ian Gillan på vokal og Roger Glover på bass. Etter at partituret gjekk tapt i 1970, vart det framført på ny i 1999 med eit gjenskapt partitur. 1969-konserten var den første nokon gong som kombinerte rockemusikk og eit fullt orkester.

Musikalsk form[endre | endre wikiteksten]

Concerto for Group and Orchestra syner nokre av karakteristikkane for concerto grosso, sinfonia concertante og solokonsert for orkester:

  • Første sats (Moderato - Allegro): etter ein utførleg orkesterintroduksjon speler Gruppa og Orkesteret i forskjellige blokker, og prøver å ta dominans over hovudtemaet - denne duellen mellom ei gruppe solistar mot eit orkester er ganske vanleg i «concerto grosso».
  • Andre sats (Andante), med tekst sungen av Ian Gillan: her vert gruppa meir integrert med oreksteret, medan dei likk tydeleg over orkesteret, noko som gjev satsen ei kjensle av sinfonia concertante.
  • Tredje sats (Vivace - Presto): utanom trommesoloen til Ian Paice, er musikken tett knytt saman og gruppa glir i eitt med orkesteret og gruppa vert på eit vis ein del av orkesteret.

Original framføring i Royal Albert Hall i 1969[endre | endre wikiteksten]

Framføring[endre | endre wikiteksten]

Stykket vart først framført og spelt inn den 24. september 1969 i Royal Albert Hall i London, av:

Programmet bestod av:

  1. Symfoni nr. 6, Op. 95 (Malcolm Arnold), framført av The Royal Philharmonic Orchestra
    1. 1. sats: «Energico» (9:19)
    2. 2. sats: «Lento» (8:52)
    3. 3. sats: «Con Fuoco» (7:02)
  2. «Hush» (Joe South, 4:42), framført av Deep Purple
  3. «Wring That Neck» (Ritchie Blackmore, Nick Simper, Jon Lord, Ian Paice, 13:23), framført av Deep Purple
  4. «Child in Time» (Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Lord, Paice - 12:06), framført av Deep Purple
  5. Concerto for Group and Orchestra (Jon Lord, med tekst av Ian Gillan), framført av Deep Purple med Royal Philharmonic Orchestra
    1. 1. sats: «Moderato-Allegro» (19:23)
    2. 2. sats: «Andante» (19:11)
    3. 3. sats: «Vivace-Presto» (13:09)

Delar av tredje satsen av Conerto vart spelt som ekstranummer.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Concerto for Group and Orchestra vart først gjeven ut på vinyl i desember 1969 i USA (Tetragrammaton) og i januar 1970 i Storbritannia (Harvest). Desse utgjevingane inneheldt berre «Concerto», der andre satsen er delt i to halvdelar.

Den 4. april 1970 vart Concerto synt på britisk fjernsyn som The Best of Both Worlds.

I 1990-åra kom konserten ut på CD med songane «Wring That Neck» og «Child in Time».

I 2002 gav EMI ut ei spesialutgåve på DVD-A og SACD med Concerto for Group and Orchestra og heile programmet som vart spelt.

I 2003 vart eit videoopptak av konserten gjeven ut på DVD. Fire og eit halvt minutt av første sats manglar derimot i denne videoen.

Framføring i Los Angeles i 1970[endre | endre wikiteksten]

Concerto vart framført ein gong til med Los Angeles Philharmonic Orchestra dirigert av Lawrence Foster ved Hollywood Bowl den 25. august 1970, før partituret gjekk tapt.

Framføring i Royal Albert Hall i 1999[endre | endre wikiteksten]

Den 25. og 26. september 1999, tretti år etter den første framføringa, vart Concerto framført igjen i Royal Albert Hall. For å gjere dette mogeleg vart eit nytt partitur laga av Marco de Goeij som lytta til innspelinga og såg videoen frå 1969-framføringa for å få det til.

Musikarane var:

  • The Kick Horn
    • Simon Clarke: alt- og baryton saksofon, fløyte
    • Roddy Lorimer: trompet og valthorn
    • Tim Sanders: tenor og sopransaksofon

Denne innspelinga av konserten vart gjeven ut som den doble CDen Live at the Royal Albert Hall. Ei nedkorta utgåve av konserten vart òg gjeven ut på DVD, kalla In Concert with the London Symphony Orchestra.

2000-2001 Concerto-turneen[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple la ut på turne med konserten i 2000 og 2001, først i Sør-Amerika med lokale orkester, så i Europa med George Enescu Philharmonic Orchestra, i Japan med New Japan Philharmonic Orchestra, alle dirigert av Paul Mann.

Konserten er sidan vorte framført av fleire andre artistar og orkester.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Original album (1969)
Liste (1969–1970) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[2] 50
Tyske album (Offizielle Top 100)[3] 22
Britiske album (OCC)[4] 26
US Billboard 200[5] 149
Nyframføring (1999)
Liste (1999–2000) Plassering
Tyske album (Offizielle Top 100)[6] 32
Nederlandske album (MegaCharts)[7] 86
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[8] 65
Jon Lord si studioutgåve (2012)
Liste (2012) Plassering
Tyske album (Offizielle Top 100)[9] 37

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]