Ritchie Blackmore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ritchie Blackmore
Ritchie Blackmore 1977.jpg
Med Rainbow i Noreg i 1977
Verkeleg namn Richard Hugh Blackmore
Fødd 14. april 1945 (69 år), Weston-super-Mare i Somerset i England
Instrument Gitar, bass, cello, tangentinstrument, lirekasse, mandolin, mandola, trommer, perkusjon
Sjanger Hardrock, heavy metal, folk rock, bluesrock, new age, psykedelisk rock
Aktive år 1963 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Rainbow, Blackmore's Night, Deep Purple, The Outlaws
Plateselskap Polydor, BMG, Edel, SPV, Spinefarm
Nettstad www.blackmoresnight.com
Kjende instrument
Ritchie Blackmore Signature Stratocaster
                       Gibson ES-335

Richard Hugh «Ritchie» Blackmore (fødd 14. april 1945) er ein britisk gitarist og låtskrivar, som er kjend som ein av dei første gitaristane som blanda element av klassisk musikk med bluesrock.[1] Han byrja den profesjonelle karrieren sin som studiomusikar og vart så eit viktig medlem av Deep Purple, før Blackmore starta ein suksessrik karriere i sitt eige band, Rainbow, og seinare gjekk over til tradisjonell folkrock med Blackmore's Night i lag med kona si.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Blackmore vart fødd i Allandale Nursing Home i Weston-super-Mare i Somerset i Sørvest-England, men flytte til Heston i Middlesex (i dag Stor-London) då han var to. Sjølv om etternamnet Blackmore er trudd å vere av engelsk opphav, var faren walisar, medan mora var engelsk.[2] Han var 11 då han fekk den første gitaren sin. Faren kjøpte denne til han med visse vilkår, mellom anna at han skulle lære og spele skikkeleg, så han tok klassiske gitartimar i eitt år.[3]

På skulen gjorde han det bra i idrett, særskild spydkast. Blackmore forlet skulen 15 år gammal og starta å arbeide som lærling som radiomekanikar ved Heathrow lufthamn. Han fekk då gitartimar hos Big Jim Sullivan.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

Kring 1960 eller 1961 spelte han med fleire mindre lokale band, inkludert eit som heitte the Jaywalkers.[4] Han vart dyktigare på instrumentet sitt og i 1963 byrja han som studiomusikar for Joe Meek og spelte med fleire forskjellige band. Han var medlem av ein instrumental combo, The Outlaws, og akkompagnerte Heinz (på hitten «Just Like Eddie»), og Glenda Collins blant andre.

Blackmore vart med i rockegruppa Deep Purple i 1968 etter å ha vorte invitert av organisten Jon Lord. Den tidlege stilen til Purlpe helte mot psykedelia og progressiv rock.[5] Frå ungdomen av har gitarteknikken hans delvis vore inspirert av fiolin. Denne første besetninga av bandet med songaren Rod Evans varte til midten av 1969, og dei spelte inn tre album.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Det første studioalbumet til den andre besetninga, In Rock (1970), endra stilen til bandet og dei vendte seg mot hardrock. Ian Gillan var songar i denne besetninga som varte til midten av 1973 og produserte fire studioalbum.

Det nye albumet til den tredje besetninga heitte Burn (1974) og hadde med bluessongaren David Coverdale. Denne besetninga varte til midten av 1975 og produserte to studioalbum. Blackmore mislikte offentleg den funky soul-retninga Coverdale og bassist/vokalist Glenn Hughes hadde teke med seg til bandet.[6] På grunn av dette forlet han bandet for å starte sitt eige band, Rainbow. I denne perioden mista Blackmore interessen for gitar,[7] og tok cellotimar hos Hugh McDowell (ELO).[8] Blackmore sa seinare «Når eg spelar forskjellige instrument som cello, syns eg det er forfriskande fordi det gjev ei kjensle av å vere vågal når eg ikkje er sikker på kva akkord eg spelar eller kvar toneart eg er i.»[9]

Blackmore meinte opphavleg å lage eit soloalbum, men danna i 1975 i staden sitt eige band kalla Ritchie Blackmore's Rainbow, som seinare vart forkorta til Rainbow. Med seg hadde han den amerikanske vokalisten Ronnie James Dio og bluesrockbandet hans Elf som studiomusikarar. Denne første besetninga heldt aldri konsertar i lag. Musikken til Rainbow var delvis inspirert av barokkmusikk sidan Blackmore hadde byrja å spele cello, der han kunne skape interessante akkordprogresjonar.[7][9] Debutalbumet til bandet, Ritchie Blackmore's Rainbow, kom ut i 1975. Rainbow skulle opphavleg vere eit eingongsprosjekt, men bandet varte over fleire album og turnear. Blackmore var imponert over den store spennvidda i vokalen til Dio. Kort tid etter det første albumet var spelt inn, rekrutterte Blackmore nye musikarar for det andre albumet, Rising (1976), og det påfølgjande konsertalbumet On Stage (1977). Rising vart opphavleg kalla Blackmore's Rainbow i USA. Etter det enste studioalbumet kom ut og den påfølgjande turneen, forlet Ronnie James Dio Rainbow på grunn av «kreative usemjer» med Blackmore, som mislikte 'Dungeons & Dragons'-tekstane til Dio, som Dio er vorte kjend for.

Blackmore heldt fram med Rainbow og bandet gav ut albumet Down To Earth (1979), med R&B-songaren Graham Bonnet. Albumet hadde ein langt meir kommersiell stil og gav Rainbow den første suksessen deira på salslistene med singelen «Since You Been Gone» (ein versjon av ein Russ Ballard-song) som vart ein stor hit.[10] Bonnet forlet bandet etter turneen for dette albumet.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Det neste albumet, Difficult to Cure (1981), vart spelt inn med den amerikanske vokalisten Joe Lynn Turner. Det instrumentale tittelsporet på albumet var eit arrangement av Beethovens niande symfoni med anna musikk i tillegg. Albumet var enno meir kommers enn det førre albumet og Blackmore samanlikna det med poprockbandet Foreigner.[11] Hardrock-baserte tilbejgnarar meinte at vokalen var for melodisk samanlikna med tidlegare Rainbow-utgjevingar. Musikken var meint for radio i ein meir AOR-stil,[12] noko tidlegare tilhengjarar til ein viss grad mislikte.[13] Det neste studioalbumet til Rainbow var Straight Between the Eyes (1982) og inneheld hitsingelen «Stone Cold». Bent Out of Shape (1983) følgde med singelen «Street Of Dreams». I 1983 vart Blackmore nominert for ein Grammy Award for arbeidet sitt med ein instrumental låt, «Anybody There".[14] Rainbow vart oppløyst i 1984 og eit siste Rainbow-album, Finyl Vinyl, vart sydd saman av konsertopptak og «B-sider» frå forskjellige singlar.

I 1984 gjekk Blackmore saman med den tidlegare «Mark Two»-besetninga av Deep Purple og spelte inn nye album. Denne gjenforeininga varte til 1989 og gav to album.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Den neste besetninga av bandet spelte inn albumet Slaves & Masters (1990), med tidlegare Rainbow-vokalist Joe Lynn Turner. Albumet skilde seg ut frå den tradisjonelle stilen til Deep Purple, Turner vart tvungen ut av bandet og Ian Gillan vart invitert attende seint i 1992 for eit nytt album. Under turneen etter dette albumet slutta Blackmore igjen i bandet i november 1993. Denne gongen for godt.

Blackmore gjenforeinte Rainbow med nye medlemmar i 1994. Denne Rainbow-besetninga, med den skotske songaren Doogie White, varte til 1997 og produserte eit album kalla Stranger in Us All i 1995. Det skulle opphavleg vere eit soloalbum men etter etter press frå plateselskapet vart det kalla Ritchie Blackmore's Rainbow.[15] Sjølv om White ikkje var like særeigen som tidlegare songarar, var albumet ulikt alt tidlegare Rainbow.[12] Det kom ut i post-grunge-tida på midten av 1990-talet og ein verdsturné følgde.[14] Dette vert rekna som det siste hardrockalbumet hans. Rainbow vart lagt på hylla etter den siste konserten deira i 1997.

I Chicago, 2009.

I 1997 danna Blackmore, med kjærasten Candice Night som vokalist, ein tradisjonell folkrockduo kalla Blackmore's Night. Dei spelte inn debutalbumet Shadow of the Moon (1997).[16] Sjølv om ho mangla erfaring som solovokalist, såg Blackmore potensialet hennar og oppfordra henne til å verte den kreative partnaren hans. Blackmore skildra på den tida dei to som «Mike Oldfield pluss Enya».[17] Blackmore nytta hovudsakleg akustisk gitar,[18]. Dei spelte ei blanding av originale songar og andre sine songar. Stilen deira var inspirert av renessansemusikk. Den andre utgjevinga , Under a Violet Moon (1999) heldt fram i same folkrockstil.

2000-talet til i dag[endre | endre wikiteksten]

På følgjande album, særleg Fires at Midnight (2001), har Blackmore stundom nytta meir rockegitar i musikken, medan han har halde seg til folkrockstilen. Konsertalbumet Past Times with Good Company kom ut i 2002. Eit album med julemusikk, Winter Carols kom ut i 2006.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Blackmore vart rangert på 16. plass på lista til Guitar World over dei 100 beste metal-gitaristane gjennom tidene i 2004,[19] og på 50. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene i 2011.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For diskografien med Deep Purple, Rainbow og Blackmore's Night, sjå dei respektive banda.

Studioinnspelingar (1963–1968)[endre | endre wikiteksten]

  • 1963 The Outlaws - «The Return Of The Outlaws» b/w «Texan Spiritual» (Single)
  • 1963 The Outlaws - «That Set The Wild West Free» (Single)
  • 1963 The Outlaws - «Law And Order» b/w «Doo Dah Day» (Single)
  • 1963 Michael Cox - «Don’t You Break My Heart» b/w «Hark Is That A Cannon I Hear» (Single)
  • 1963 Michael Cox - «Gee What A Party» b/w «Say That Again» (Single)
  • 1963 Glenda Collins - «I Feel So Good» (the B-side of single)
  • 1963 Glenda Collins - «If You Gotta Pick A Baby» b/w «In The First Place» (Single)
  • 1963 Heinz - «Dreams Do Come True» b/w «Been Invited To A Party» (Single)
  • 1963 Heinz - «Just Like Eddie» b/w «Don’t You Knock At My Door» (Single)
  • 1963 Heinz - Tribute To Eddie («Tribute To Eddie"; «Hush - A- Bye - Baby"; «Summertime Blues"; «Come On And Dance"; «20 Flight Rock"; «I Remember»)
  • 1963 Heinz - Heinz (EP: «I Get Up In The Morning"; «Talkin’ Like A Man"; «That Lucky Old Sun"; «Lonely River»)
  • 1963 Heinz - «Country Boy» b/w «Long Tall Jack» (Single)
  • 1963 Heinz - Live It Up (EP: «Live It Up"; «Don’t You Understand"; «When Your Loving Goes Wrong»)
  • 1963 Houston Wells - «Only The Heartaches» (Single)
  • 1963 Dave Adams - «Like A Bird Without Feathers» (the B-side of single)
  • 1963 Dave Adams - «You Made Me Cry» (the B-side of single)
  • 1963 Jenny Moss - «Hobbies» b/w «Big Boy» (Single)
  • 1963 Geoff Goddard - «Sky Men» b/w «Walk With Me My Angel» (Single)
  • 1963 Pamela Blue - «My Friend Bobby» b/w «Hey There Stranger» (Single)
  • 1963 Gunilla Thorne - «Go On Then» (the B-side of single)
  • 1963 Joe Meek Orkester - «The Kennedy mars» (Single)
  • 1964 The Outlaws - «Keep A Knockin’» b/w «Shake With Me» (Single)
  • 1964 The Outlaws - «The Bike Beat Part 1» b/w «The Bike Beat Part 2» (Single)
  • 1964 Glenda Collins - «Baby It Hurts» b/w «Nice Wasn’t It» (Single)
  • 1964 Glenda Collins - «Lollipop» b/w «Evrybody’s Got To Fall In Love» (Single)
  • 1964 The Sharades - «Boy Trouble» (the B-side of single)
  • 1964 Andy Cavell - «Tell The Truth» (Single)
  • 1964 Davy Kaye - «A Fool Such As I» (Single)
  • 1964 Houston Wells - «Galway Bay» b/w «Living Alone» (Single)
  • 1964 Houston Wells & The Marksmen - Ramona (EP: «Ramona"; «Girl Down The Street"; «I Wonder Who’s Kissing Her Now"; «Nobody’s Child»)
  • 1964 Heinz - «You Were There» b/w «No Matter What They Say» (Single)
  • 1964 Heinz - «Please Little Girl» b/w «For Lovin’ Me This Way» (Single)
  • 1964 Heinz - «Questions I Can’t Answer» b/w «The Beating Of My Heart» (Single)
  • 1964 Valerie Masters - «Christmas Calling» b/w «He Didn’t Fool Me» (Single)
  • 1965 The Outlaws - «Only For You» (the B-side of single)
  • 1965 Michael Cox - Michael Cox in Sweden (EP: «I’ve Been Thinking"; «Is This Lonesome Old House»)
  • 1965 Glenda Collins - «Johnny Loves Me» b/w «Paradise For Two» (Single)
  • 1965 Glenda Collins - «Thou Shalt Not Steal» b/w «Been Invited To A Party» (Single)
  • 1965 Heinz - «Digging My Potatoes» b/w «She Ain’t Coming Back» (Single)
  • 1965 Heinz - «Don’t Think Twice It’s All Right» b/w «Big Fat Spider» (Single)
  • 1965 Heinz - «End Of The World» b/w «You Make Me Feel So Good» (Single)
  • 1965 Heinz - «Heart Full Of Sorrow» b/w «Don’t Worry Baby» (Single)
  • 1965 Screaming Lord Sutch - «The Train Kept A Rollin’» b/w «Honey Hush» (Single)
  • 1965 Richie Blackmore Orchestra- «Getaway» b/w «Little Brown Jag» (Single)
  • 1965 The Tornados - «Early Bird» b/w «Stomping Through The Rye» (Single)
  • 1965 Jess Conrad - «It Can Happen To You» (the B-side of single)
  • 1965 The Lancasters - «Satan’s Holiday» b/w «Earthshaker» (Single)
  • 1965 The Sessions - «Let Me In» b/w «Bouncing Bass» (Single)
  • 1966 Heinz - «Movin’ In» b/w «I’m Not A Bad Guy» (Single)
  • 1966 Ronnie Jones - «My Only Souvenir» b/w «Satisfy My Soul» (Single)
  • 1966 Soul Brothers - «Goodbye Babe, Goodbye» (Single)
  • 1968 Neil Christian & The Crusaders - «My Baby Left Me» b/w «Yakkety Yak» (Single)
  • 1968 Boz - «I Shall Be Released» b/w «Down In The Flood» (Single)
  • 1968 Sundragon - «Five White Horses» (Single)
  • 1968 Sundragon - Green Tambourine («I Want To Be A Rock’n'roll Star», «Peacock Dress», «Love Minus Zero»)
  • 1968 Anan - «Medina» b/w «Standing Still» (Single)

Som gjestemusikar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The 100 Greatest Guitarists of All Time». Rolling Stone. Jann S. Wenner. 18 september 2011. http://www.rollingstone.com/music/lists/100-greatest-guitarists-20111123/ritchie-blackmore-19691231. Henta 28. mai 2012. 
  2. The Swansea show (Interview with Ritchie Blackmore), September 2001 
  3. Alexis Korner (6 mars 1983), Interview with Ritchie Blackmore, BBC Radio One Gitar Greats series 
  4. «Ritchie Blackmore Diskografi». Blackmore's Night. http://www.blackmoresnight.com/moon_castle_pages/blackmore_diskografi.htm. Henta 28. mai 2012. 
  5. Browne, David. «Deep Purple early years: Seventy Seven Minutes In Prog Rock Heaven». http://www.deep-purple.net/review-files/earlyyears/earlyyears.htm. Henta 28. mai 2012. 
  6. "History» track on the «Deep Purple: History and Hits» DVD.
  7. 7,0 7,1 MORDECHAI KLEIDERMACHER (FEBRUARY 1991), When There's Smoke.. THERE'S FIRE!, http://www.thehighwaystar.com/interviews/blackmore/rb199102xx.html 
  8. «RAINBOW: 1974-1976». The Ronnie James Dio Web Site. http://www.ronniejamesdiosite.com/NewsInterviews/RainbowTours/rainbow1.htm. Henta 28. mai 2012. 
  9. 9,0 9,1 Warnock, Matt (28 January 2011), Ritchie Blackmore: The Autumn Sky Interview, http://guitarinternational.com/wpmu/2011/01/28/ritchie-blackmore-the-autumn-sky-interview/ 
  10. Frame, Pete (March 1997). «Rainbow Roots and Branches.» The Very Best of Rainbow (liner notes). 
  11. In an interview in Sounds (July 25th 1981), a UK music paper
  12. 12,0 12,1 Adams, Bret. «Stranger in Us All». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r347818. Henta 28. mai 2012. 
  13. Rivadavia, Eduardo. «Rainbow». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p5219. Henta 28. mai 2012. 
  14. 14,0 14,1 «Ritchie's Bio». The Official Ritchie Blackmore and Blackmore's Night website. http://www.ritchieblackmore.com/ritchie_bio.html. Henta 28. mai 2012 30 desember 2010. 
  15. Adams, Bret. «Blackmore's Night». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/blackmores-night-p289774. Henta 28. mai 2012. 
  16. Adams, Bret (26 februar 2011). «Stranger in Us All». allmusic. http://www.allmusic.com/album/r347818. 
  17. Adams, Bret. «Blackmores Night». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/blackmores-night-p289774/biography. Henta 28. mai 2012. 
  18. Adams, Bret (26 februar 2011). «Blackmore's Night». allmusic. http://www.allmusic.com/artist/blackmores-night-p289774. 
  19. Olsen, Eric (2004-02-01), Gitar World's «100 Greatest Metal Guitarists of All Time», http://blogcritics.org/music/article/guitar-worlds-100-greatest-metal-guitarists/, henta 28. mai 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ritchie Blackmore