Woman from Tokyo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Woman from Tokyo
Singel av Deep Purple
frå albumet Who Do We Think We Are
B-side
  • «Black Night» (live) (Europa)
  • «Super Trouper» (USA)
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1973
Innspelt 1972
Sjanger
Lengd 5:48
Selskap
Komponist Roger Glover, Jon Lord, Ian Gillan, Ritchie Blackmore, Ian Paice
Tekstforfattar Roger Glover, Jon Lord, Ian Gillan, Ritchie Blackmore, Ian Paice
Låtskrivar(ar)
Produsent Deep Purple
Deep Purple-kronologi 
«Smoke on the Water»
(1972)
Woman from Tokyo «Super Trouper»
(1973)


«Woman from Tokyo» er ein song av det engelske rockebandet Deep Purple. Han vart først gitt ut i 1973 på albumet deira Who Do We Think We Are, og seinare som singel.

Låten var med på DVD-en Deep Purple with Orchestra – Live in Montreux frå 2011 framført av Mark VIII-utgåva av Deep Purple (Gillan, Paice, Glover, Morse, Airey) med fullt symfoniorkester dirigert av Stephen Bentley-Klein.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple var eit av dei første rockebanda som opptredde i Japan tidleg på 1970-talet. Som ei hyllest skreiv bandet songen «Woman from Tokyo». Det var ein av dei siste låtane med vokalisten Ian Gillan, som forlét bandet i 1973 for å satsa på ein solokarriere.[3] Songen inneheld japanske bilete som «the rising sun» og «an Eastern dream», og teksten handlar om ei japansk kvinne som sjarmerer forteljaren. «Woman from Tokyo» voks til å bli ein av dei mest populære songane til bandet og vart spelt mykje på radio. Trass i dette inkluderte ikkje bandet låten i live-settet sitt på den tida, og byrja først å spela han då dei reformerte seg i 1984.[4].

Deep Purple si beundring for progressiv rock blir spegla i den lange drøymande soloen midt i låten.[3] Denne soloen finst berre på albumversjonen og manglar på singelen, noko som forklarer den store skilnaden i lengda på dei versjonane.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Cash Box kalla låten «den superdrivne rockaren som alle vil hoppa på med ein gong.» Dei kalla han òg ein «superladd rockar framført med stor energi av kongane av elektrisk rock.»[5] Record World kalla den ein «cooker» og ein «rock 'em sock 'em item.»[6]

«Woman from Tokyo» vart rangert som nummer 3 på Ultimate Classic Rock si liste over dei 10 beste Roger Glover-låtane.[7]

Eduardo Rivadavia frå AllMusic meinte at «Woman from Tokyo» saman med «Rat Bat Blue» var dei einaste låtane frå Who Do We Think We Are som var gode. Han meinte at songen «hinta om stordomen frå tidlegare tider med sitt karakteristiske Ritchie Blackmore-riff.»[8]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

«Woman from Tokyo» vart ein hit og nådde sjetteplassen på den nederlanske singellista.[1][9] Songen nådde 16. plassen i Tyskland og 23. plassen i Belgia.[10] Han vart ein smålåten suksess i USA, og nådde nr. 60 på hitlistene der.[4] I Canada nådde han 62. plassen den 12. mai[11] og kom inn att på lista i oktober, då han nådde 64. plassen.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Stay Tuned By Stan Cornyn: Loudest Purple – Rhino». Rhino.com. 
  2. «Deep Purple Mk8 news». Deep-purple.net. Henta 7. juni 2021. 
  3. 3,0 3,1 Prato, Greg. «Woman From Tokyo Song Review». AllMusic. Henta 12. juli 2023. 
  4. 4,0 4,1 «Woman from Tokyo Songfacts». Songfacts.com. Henta 23. september 2018. 
  5. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 27. januar 1973. s. 18. Henta 11. desember 2021. 
  6. «Hits of the Week» (PDF). Record World: 1. 8. september 1973. Henta 22. mars 2023. 
  7. {«Top 10 Roger Glover Songs». Ultimate Classic Rock. 30. november 2013. 
  8. «Who Do We Think We Are – Deep Purple – Songs, Reviews, Credits – AllMusic». AllMusic. Henta 23. september 2018. 
  9. Hung, Steffen. «Deep Purple – Woman From Tokyo». Hitparade.ch. Henta 16. august 2018. 
  10. «germancharts.de – Deep Purple – Woman From Tokyo». Germancharts.dei. Henta 7. juni 2021. 
  11. «RPM Top 100 Singles – 12. mai 1973» (PDF). 
  12. «RPM Top 100 Singles – 20. oktober 1973» (PDF).