The House of Blue Light

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The House of Blue Light
Studioalbum av Deep Purple
Utgjeve 12. januar 1987
Innspelt 1986, The Playhouse i Stowe i Vermont
Sjanger heavy metal, hardrock
Lengd 50:38 (CD)
46:16 (LP)
Selskap Polydor (UK)
Mercury Records (US)
GONG Records (HU)
Produsent Roger Glover, Deep Purple
Kritikk
Deep Purple-kronologi
Perfect Strangers
(1984)
The House of Blue Light Slaves and Masters
(1990)

The House of Blue Light er det tolvte studioalbumet til Deep Purple og kom ut i 1987. Det er det andre albumet til den gjenforeinte Mark II-besetninga.

Det tok lang tid å lage og spele inn albumet og Ritchie Blackmore har sagt at mykje av det vart spelt inn på ny.[3] Ian Gillan har sagt at det var store gnissingar internt i bandet som øydela albumet: «Eg ser attende på House Of Blue Light, det er nokre gode songar der, men det er noko som manglar på det samla albumet. Eg kan ikkje føle anda til bandet. Eg kan sjå eller høyre fem profesjonelle folk som gjer deira beste, men det er som eit fotballag, det fungerer ikkje. Det er som elleve superstjerner som spelar på den same banen, men som ikkje er bunden saman i hjarte eller anda.»[4] Organist Jon Lord sa «Me gjorde ein stor feil med å prøve å gjere musikken vår aktuell. Me oppdaga at folk ikkje ønskte at me skulle gjere det.»[5]

Fleire songane på LP-versjonen er kortare enn dei same songane på den originale CD-en som kom ut i 1987.

Det vart laga musikkvideoar til songane «Bad Attitude» og «Call of the Wild».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan og Roger Glover, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Bad Attitude»   Blackmore, Gillan, Glover, Lord 4:43
2. «The Unwritten Law»   Blackmore, Gillan, Glover, Paice 4:34
3. «Call of the Wild»   Gillan, Blackmore, Glover, Lord 4:50
4. «Mad Dog»     4:29
5. «Black & White»   Gillan, Blackmore, Glover, Lord 3:39
6. «Hard Lovin' Woman»     3:24
7. «The Spanish Archer»     4:56
8. «Strangeways»     5:56
9. «Mitzi Dupree»     5:03
10. «Dead or Alive»     4:42

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1987 Billboard 200 34[6]

Singlar

År Singel Liste Plassering
1987 "Call of the Wild" Billboard Mainstream Rock Tracks 14[7]
1987 "Bad Attitude" Billboard Mainstream Rock Tracks 14[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]