Meet on the Ledge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meet on the Ledge
Singel av Fairport Convention
frå albumet What We Did on Our Holidays
B-side

«Throwaway Street Puzzle» (Hutchings/Thompson)

Språk engelsk
Innspelt August-september 1968 i Kingsway Recorders og Olympic Studio nr. 1, London
Sjanger Folkrock
Lengd 2:49
Selskap Island WIP 6047
Komponist Richard Thompson
Låtskrivar(ar) Richard Thompson
Produsent Joe Boyd (Witchseason Productions)
Fairport Convention-kronologi 
«If I Had a Ribbon Bow»
(1968)
Meet on the Ledge «I'll Keep It With Mine»
(1969)


«Meet on the Ledge» var den andre singelen til Fairport Convention. Songen er henta frå albumet What We Did on Our Holidays. BBC Radio 2's Sold On Song TOP 100 songs stemde songen fram til 17. plass[1]. Dei hadde spelt «Meet on the Ledge» under lanseringa av From the Roundhouse (eit kortliva fjernsynsprogram om undergrunnsmiljøet i London) i 1969[2]. Songen ser ut til å omhandla eit møte med døden, kanskje eit tap av ein ven eller til og med ei kjensle av si eiga dødelegheit. Tittelen på songen kjem frå eit stort, lågthengande tre som Thompson, som barn, brukte å leike i og som han og venene kalla «The Ledge».

Songen vart den uoffisielle kjenningsmelodien til Fairport Convention. På konsertane deira, og særleg den årlege Cropredyfestival, vert songen ofte spelt som siste song og eit signal til fansen om at det ikkje kjem fleire songar etter denne.[3]

Thommpson var noko utrygg på sin eigen vokal på denne tida. I staden er det Sandy Denny og Ian Matthews som syng songen. Thompson spelte songen inn att for albumet Small Town Romance (eit bonusspor), men har ikkje spelt songen mykje i repertoaret sitt. Han var framleis i tenåra då han skreiv songen. Fairport Convention spelte inn songen på ny i 1987 for albumet In Real Time: Live '87 og som singel for 20-årsjubileet til bandet. Då den siste utgjevinga kom ut sa bandmedlem Ric Sanders «Vi skal gje han ut kvart 20 år til han vert ein hit.» Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Eleanor Shanley, Noel Murphy og Continental Drifters. Tittelen er nytta på eit samlealbum av Fairport Convention og ei bok om dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BBC Radio
  2. Virgin Radio, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 26. januar 2011 
  3. Sungen mot slutten av Cropredy, arkivert frå originalen 9. juni 2011, henta 26. januar 2011