Tipplers Tales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tipplers Tales
Studioalbum av Fairport Convention
Innspelt Februar 1978, Chipping Norton Studios, Oxfordshire
Sjanger Folkrock
Lengd 36:26
Selskap Vertigo 9102022
Produsent Fairport Convention
Kritikk
Fairport Convention-kronologi
The Bonny Bunch of Roses
(1977)
Tipplers Tales Farewell Farewell
(1979)

Tipplers Tales er eit album av Fairport Convention frå 1978. Det vart spelt inn på berre ti dagar,[1] og var det siste albumet bandet spelte inn for Vertigo. Simon Nicol skreiv seinare

«Vi fekk oss ein avtale med Vertigo, den som enda med at dei betalte oss for å ikkje lage fleire album. det virka som ei nyhende, som Marx Brothers-linka: 'Kor mykje skal du ha få å IKKJE øve?' 'Åh, det har du ikkje råd til'. Vi gjorde Bonny Bunch og Tipplers Tales og ikkje dei fire andre albuma som var i kontrakten.»[2]

Dave Pegg sa seinare:

«Det var ikkje så mykje pengar. Det var kring £30 000. Det var førte gong me hadde tent så mykje pengar på musikken. Me fekk noko slikt som £7000 kvar. Det var meir penga enn me nokon gong hadde hatt før. Dette var i 78 og det gjorde at me kunne avslutte bandet.»[1]

Tipplers Tales vart av Allmusic skildra som «ikkje eit konseptalbum, sjølv om alkohol går mykje igjen i dei tradisjonelle songane»,[3] men likevel «gjer det bandet kan best, ta nokre fine, gamle tradisjonelle engelske jiggar, reels og tradisjonelle soger og set sitt eige folkrockmerke på dei».[3] Etter Tippler's Tales gjekk det sju år før neste Fairport-album kom ut, Gladys' Leap i 1985.[3][4]

Fleire tradisjonelle folkeviser hadde tidlegare vorte spelt inn av A.L. Lloyd i lag med Dave Swarbrick. Versjonen av «John Barleycorn» ligg nær versjonen som Traffic spelte inn, sidan Steve Winwood hadde lært songen av The Watersons.[5] Melodien er basert på «Wir Pflügen» av Johann Schultz, betre kjend som «We Plough the Fields and Scatter», ein gammal engelsk hausttakkefest-song.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av tradisjonelle, bortsett frå der andre er nemnde.. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Ye Mariners All (Bottom Of The Punch Bowl/ East Nuke Of Fyfe/Ye Mariners All)[6]»   4:29
2. «Three Drunken Maidens[7]»   2:46
3. «Jack O'Rion (Jack O'Rion/Turnabout/Tiree/Miss Stevenson's/Do It Now/March of the Last/Turnabout)[8][9]»   11:04
Side to
# Tittel Lengd
4. «Reynard The Fox»   3:02
5. «Lady Of Pleasure» (Allan Taylor) 2:34
6. «Bankruptured» (Dave Pegg) 1:55
7. «The Widow of Westmoorland[10]»   3:23
8. «The Hair of the Dogma» (Dave Pegg) 1:48
9. «As Bitme» (Dave Pegg/Bruce Rowland) 1:40
10. «John Barleycorn»   4:39

Personnel[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Innerviews: Fairport Convention - Come All Ye - Dave Pegg». www.innerviews.org. http://www.innerviews.org/inner/fairport_pegg.html. Henta 1. februar 2010. 
  2. «History: Simon Nicol writes about Fairport - Fairport Convention's official website». www.fairportconvention.com. http://www.fairportconvention.com/simon_nicol_on_fairport.php. Henta 1. februar 2011. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «allmusicTippler's Tales > Overview». www.allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r7069. Henta 1. februar 2011. 
  4. «Fairport Convention > Discography > Main Albums». www.allmusic.com. http://www.allmusic.com/artist/p4222. Henta 1. februar 2011. 
  5. «John Barleycorn». www.informatik.uni-hamburg.de. http://www.informatik.uni-hamburg.de/~zierke/lloyd/songs/johnbarleycorn.html. Henta 1. februar 2011. 
  6. samla i 1907 og tidlegare spelt inn kvar for seg av A.L. Lloyd og Martin Carthy «Ye Mar'ners All». www.informatik.uni-hamburg.de. http://www.informatik.uni-hamburg.de/~zierke/lloyd/songs/yemarinersall.html. Henta 1. februar 2011. 
  7. ein gammal song, over 200 år gammal då han vart spelt inn av A.L. Lloyd «The Drunken Maidens». www.informatik.uni-hamburg.de. http://www.informatik.uni-hamburg.de/~zierke/lloyd/songs/thedrunkenmaidens.html. Henta 1. februar 2011. 
  8. Hovudsongen er ein versjon av Child-balladen «Glasgerion» «The Child Ballad Collection». members.chello.nl. http://members.chello.nl/r.vandijk2/ChildBallads060-069.html. Henta 1. februar 2011. 
  9. Dave Swarbrick spelte fele på ein tidlegare versjon av A.L. Lloyd. «Jack Orion». www.informatik.uni-hamburg.de. http://www.informatik.uni-hamburg.de/~zierke/lloyd/songs/jackorion.html. Henta 1. februar 2011. 
  10. Eit anna samarbeid mellom Lloyd og Swarbrick.«The Widow of Westmoreland's Daughter». www.informatik.uni-hamburg.de. http://www.informatik.uni-hamburg.de/~zierke/lloyd/songs/thewidowofwestmorelandsdaughter.html. Henta 1. februar 2011.