Judy Dyble
| Judy Dyble | |
| Verkeleg namn | Judy Aileen Dyble |
| Fødd | 13. februar 1949 (64 år), London |
| Instrument | vokalist, autoharpe, piano, blokkfløyte |
| Aktive år | 1960-åra til i dag |
| Yrke | Musikar |
| Tilknytte artistar | Fairport Convention Giles, Giles and Fripp Trader Horne |
| Nettstad | www.judydyble.com |
Judith Aileen Dyble, betre kjend som Judy Dyble, (fødd 13. februar 1949) er ein prisvinnande britisk songar og låtskrivar, som er mest kjend for å ha vore med på å starte Fairport Convention. Ho vert ofte omtalt som ein folkrock-artist, sjølv om ho faktisk aldri gjorde innspelingar innan denne sjangeren med bandet. Ho har òg spelt i Trader Horne og var ei kort stund med i starten av King Crimson. I tillegg har ho stundom arbeidd på ei solokarriere og i 2009 gav ho ut det prisvinnande albumet Talking with Strangers.
Innhaldsliste |
Biografi [endre]
Det første bandet hennar var Judy and The Folkmen, som eksisterte mellom 1964 og 1966. Ho vart så den første vokalisten i Fairport Convention frå 1967 til 1968. Albumet spelte inn debutalbumet med ho. Under konsertane seint på 1960-talet delte ho scene med namn som Jimi Hendrix og Pink Floyd med Syd Barrett. Ho er mellom anna kjend for å ha sete på scenen og strikka medan Hendrix og Richard Thompson spelte i lag. Dyble var òg gjest på The Incredible String Band-albumet The Hangman's Beautiful Daughter i 1968 og på G.F. Fitz-Gerald sitt Mouseproof i 1970.
Etter Fairport Convention, vart Dyble (i lag med den dåverande kjærasten Ian McDonald) med i det engelske popbandet Giles, Giles and Fripp[1] ved å sette inn ei annonse i Melody Maker.[2] Bandet, utan Dyble, utvikla seg etter kvart til det progressive rockebandet King Crimson.
Dyble starta seinare duetten Trader Horne, med tidlegare Them-medlem Jackie McAuley.[3]
I 1973 forlet Dyble musikkindustrien for å arbeide med ektemannen DJen Simon Stable og seinare arbeidde ho som bibliotekar.
I 1981 under den årlege Fairport Convention-gjenforeininga dukka Dyble overraskande opp som gjesteartist. Ho dukka òg opp i 1982, og på 30- og 40-årsjubileet deira.
I 2003 byrja Dyble å skrive låtar og spele igjen og ho gav ut fleire album.
Diskografi [endre]
- Album
| Tittel | Artist | Selskap | Katalognr. | Utgjeve | Region |
|---|---|---|---|---|---|
| Fairport Convention | Fairport Convention | Polydor | 583 035 | Juni 1968 | UK |
| Morning Way | Trader Horne | Dawn | DNLS 3004 | Mars 1970 | UK |
| Janus | JLS3012 | USA | |||
| Enchanted Garden | Judy Dyble | Talking Elephant | TECD 068 | September 2004 | UK |
| Spindle | Judy Dyble | Talking Elephant | TECD 084 | Februar 2006 | UK |
| The Whorl | Judy Dyble | Talking Elephant | TECD 094 | Juli 2006 | UK |
| Talking with Strangers | Judy Dyble | FiXiT/Brilliant | FXTRCD 113 | August 2009 | UK |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Judy Dyble» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Giles,Giles & Fripp feat Judy Dyble I Talk To The Wind». YouTube. 26 February 2009. http://www.youtube.com/watch?v=q1aPE9CdQX0. Henta 27. januar 2011.
- ↑ Barroso, Koldo (March 2007). «Interview with Judy Dyble of Fairport Convention». The Marquee Club. http://www.themarqueeclub.net/interview-with-judy-dyble-of-fairport-convention. Henta 27. januar 2011.
- ↑ «Judy Dyble». Burning Shed. 2009. http://www.burningshed.com/store/judydyble/. Henta 27. januar 2011.