Mogop
| Mogop | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Orden: | Ranunculales | |
| Familie: | Raununculáceae (Soleiefamilien) | |
| Underfamilie: | Ranunculoideae | |
| Tribus: | Anemoneae | |
| Slekt: | Pulsatilla | |
| Art: | P. vernalis | |
| Vitskapleg namn | ||
| Pulsatilla vernalis | ||
Mogop (Pulsatilla vernalis) er ein om lag 10 cm høg fleirårig plante kubjølleslekta i soleiefamilien. Mogop er giftig i frisk tilstand. Ho blir nytta som legeurt og blir brukt mot vorter, kaldfeber, migrene, udslett og mage-tarmbesvær og som brekkmiddel.
Innhaldsliste |
Utsjånad[endre]
Mogopen har ein overvintrande bladrosett. Han blomstrar i april-juni med ein stor lysfiolett blomster med silkelodne blomsterblad.
Blomstrane er 3-4 cm i diameter, klokkeforma, først nikkande og seinare opprette. Kronblada er lyseraude til raudbrune på yttersida, medan dei er kvite på innsida. Dei er om lag dobbelt så lange som støvbererane. Så snart han er avblomstra, strekkjer stengelen seg og får ein «barberkost» i toppen. Kosten består av ei samling små nøttefrukter, kvar av dei med ein fin, silkeglinsande hårpensel for enden.
Mogopen er silkehåra, noko som vernar mot eksteme temperaturar om våren. Sjølve planta er mellom 5 til 15 cm høg. Etter blomstring held blomsterstengelen fram med å vekse.
Mogopen kan bli fleire tiår gamal, kan hende over 100 år. Frøa derimot er kortliva og kan miste mykje av spireevna i løpet av eit år.
Utbreiing[endre]
I Noreg veks mogop på tørre stader, både på furumoar og i fjellet, i Noreg frå Modum og nord til Sunndal og Tynset. Han blomstrar tidleg i fjellet.
I Sverige veks mogopen frå Skåne til sør i Jämtland. Arten er i tilbakegang i den sørlege delen av utbreiingsområdet.
Mogop finst på tørr, mager jord på heden på Jylland i Danmark, men er særs seldsynt.
I Frankrike finn ein mogop mellom 1300 og 3600 meter over havet i Alpane, Pyreneane og på einskilde stadar i Vosges og i Massif Central (Plomb du Cantal, Mont Lozère, Mont Mézenc).
Kultur[endre]
Mogop er fylkesblomster i Oppland og landskapsblomma i Härjedalen.
Kjelder[endre]
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
Bakgrunnsstoff[endre]
- Den virtuella floran - Mosippa
- Botanisk museum
- Hotade artar i Värmland, Länsstyrelsen i Värmland, 2010, ISBN 91-88844-98-6