Myrsongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Myrsongar

Status i verda: LC Livskraftig

MyrsongarFoto: Marek Szczepanek
Myrsongar
Foto: Marek Szczepanek

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Acrocephalidae
Slekt: Acrocephalus
Art: A. palustris
Vitskapleg namn
Acrocephalus palustris
Bechstein, 1798

Myrsongar, Acrocephalus palustris, er ein kjerrsongar som for tida er klassifisert i familien Acrocephalidae. Han hekkar i temperert klima i Europa og Vest-Asia, er flyttfugl som overvintrar hovudsakleg i søraustlege Afrika. Han er kjent for å innlemme framifrå imitasjonar av eit breitt utval av andre sine fuglesongar inn i sin eigen song.

Myrsongar hekkar i ei rekkje av hovudsakleg fuktige habitat, men i Afrika overvintrar han mest av alt i tørt, godt vegeterte område. Han er vanleg over store delar av hekkeområdet og utvidar distribusjonen i einskilde område. Denne insektetande songfuglen kan lett forvekslast med fleire nære slektningar, men hannen sin imiterande song er svært karakteristisk for arten.

Skildring og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein mellomstor songar. Han er mykje lik fleire andre kjerrsongarar i utsjånad, slik som røyrsongar som òg finst i våtmarker og har ei liknande utbreiing av hekkeområde. Hannen sin særeigen song er nyttig for identifikasjon, ettersom ingen andre medlemmer av slekta etterliknar andre fuglar i vesentleg grad. Myrsongaren har òg ein tendens til å unngå habitat av einsidig siv som er røyrsongaren sitt føretrekte habitat.[1]

Arten er monotypisk, og han har ingen monaleg geografisk variasjon. Kjønna er like i utsjånad. Hybridisering med både røyrsongar og busksongar har tidvis vore registrert.[1]

Den globale populasjonen er estimert til mellom 10 og 27 millionar individ.[2]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Myrsongar hekkar i dei midtre breiddegradar av Europa og Vest-Asia, frå Den engelske kanalen til ca. 70 grader aust. I hovudsak er han utbreidd i område med kontinentalt klima, men han hekkar òg i alle europeiske land unntatt Irland og Island,[3] i aukande mengd i sørlege Skandinavia, Finland og Nordvest-Russland. Han er hovudsakleg ein låglandsfugl, men finst i høgder opp til 3000 moh. i Georgia. Dei siste tiåra har han utvida utbreiingsområdet mot nord,[1] men i Storbritannia er han no nesten utdøydd som hekkefugl.[4] Grunnen til nedgangen der er ikkje godt dokumentert, det finst mykje passande habitat i landet.[5]

I Vest-Europa hekkar myrsongar hovudsakleg i vegetasjon på fuktig eller sesongmessig oversumt mark, og er spesielt tiltrekt av høg, urteaktig vegetasjon som brennesle, mjødurt, plantar av mjølkeslekta og til ung vier og anna låge, treaktige plantar. Han kan hekke nær urbane område med eigna vegetasjon, til dømes i Berlin, og òg tidvis på dyrka marker. I den austlege delen av utbreiingsområdet, hekkar han på tørre bakkar med buskar og i ope skogsterreng.[1]

Trekk[endre | endre wikiteksten]

Myrsongar overvintrar hovudsakleg i Søraust-Afrika, frå Kapp-provinsen nord til Zambia og Malawi. Han gjer bruk av ei rekkje godt vegeterte habitat, frå fuktig, låg vegetasjon til tett kratt og utkanten av skog, i høgder opp til 2400 moh.[1]

Myrsongarar tenderer til å migrere frå Europa til Afrika via Midt-Austen. Mange kryssar Den arabiske halvøya og møter Afrika på Raudehavskysten av Sudan. Vanlegvis forlèt dei vaksne fuglane hekkekoloniane straks etter at ungane er sjølvstendige, og ungane følgjer ca. to veker seinare. Dei fleste fuglane kjem til Raudehavskysten frå medio august til medio september, med ein topp av vaksne i august og av juvenile fuglar i september. Dei har ein tendens til å halde seg mykje av hausten i nordaustlege eller austlege Afrika, før dei held fram sørover mot overvintringsområda i desember eller januar.[1]

Om våren vil myrsongarar forlate overvintringsområda i mars eller april. Ein trur dei stort sett følgjer same ruter som i hausttrekket. Fuglane som hekkar i Søraust-Europa, til dømes på Svartehavskysten, kan kome dit i slutten av april. I andre delar av utbreiingsområdet, vil dei fleste av fuglane ikkje komme før midten av mai. I vestlege og nordlege utkanten av utbreiingsområdet, til dømes England, kjem dei først i slutten av mai eller byrjinga av juni.[1]

Arten har vore registrert som tilfeldig gjest så langt vest som på Island og Madeira.[1]

Status i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Myrsongar er ein relativt ny art i Noreg, hekking var registrert første gongen i Tønsberg i 1970. I 2010 er han spreidd frå Rogaland i vest austover rundt Oslofjordområdet til Mjøsbygdene.[3]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Sosial åtferd og forplanting[endre | endre wikiteksten]

Myrsongar er vanlegvis monogam, vil vanlegvis velje ny make kvart år og trekk ikkje nødvendigvis tilbake til same hekkeområdet som tidlegare året. I hekkekoloniane er dei territoriale, ofte er med territorium gruppert i lause koloniar. I Afrika lever dei i hovudsak einslege, og kan forsvare territorium til ei viss grad.[1]

Reiret er koppforma, bygd hovudsakleg av blad og plantestenglar, og det ligg vanlegvis i tett vegetasjon, i varierande høgder. Kullet er på tre til seks egg. Begge kjønn bringer mat til ungane.[1] I det minste i det kontinentale Europa, har arten eit kort hekkesesong, 52-55 dagar.[6] I nokre område, som til dømes i Bulgaria, blir myrsongarreir i monaleg grad parasittert av gauk.[7]

Song[endre | endre wikiteksten]

Myrsongar er best kjent for den særs gode imiterande songen av hannar, og ein sjeldan gong av hoer. Kvar mannleg myrsongar flettar inn songimitasjonar av eit breitt utval av andre fuglar inn i songen sin. Det er andre sporvefuglar som oftast blir imiterte, men rop frå andre fuglefamiliar som vadarar, hornfuglar og duer har òg blitt notert. I gjennomsnitt kjenner kvar hannfugl imitasjonar av 75 andre arter i songen sin, litt fleire afrikansk enn nordlege arter blir etterlikna. All læring ser ut til å skje i sommaren då fuglen blir klekt i Europa eller Asia, og gjennom den første vinteren i Afrika. Fuglesongar som dei høyrer i påfølgjande år blir ikkje lagt inn i repertoaret til myrsongaren.[1] Hoer kan ytre ein enkel, ikkje-imiterande song, og ei rekkje andre rop er òg kjente frå hofuglar.

Kosthald og beiteåtferd[endre | endre wikiteksten]

Myrsongar er mest insektetarar, tar òg nokre edderkoppar og små mengder sniglar. Til vanleg plukkar han insekt frå vegetasjonen, men kan nokre gonger fange dei på bakken eller i lufta. Om hausten kan han ta litt bær. Det finst lite detaljkunnskap om kosthaldet under vinteropphaldet i Afrika, men beiteteknikkane om vinteren er kjente for å vere som om sommaren.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 Birds of the Western Palearctic interactive (DVD-Rom). Oxford University Press and BirdGuides Ltd. 2006. 
  2. IUCN, Red List: Acrocephalus palustris henta 27. oktober 2011.
  3. 3,0 3,1 Fonstad, Tore; Benny Génsbøl, Morten Günther, Jens Frimer Andersen, Bjarne Bertel (2008). Aschehougs fuglebok med CD-er. Oslo: Aschehoug. ISBN 978-82-03-23569-6. 
  4. British Trust for Ornithology, BirdFacts: Marsh Warbler henta 27. oktober 2011
  5. Biodiversity Action Plan for Acrocephalus palustris (Marsh warbler) henta 27. oktober 2011
  6. (Leisler, B. & Wink M. (2000). «Frequences of multiple paternity in three Acrocephalus species (Aves Sylviidae) with different mating systems (A. palustris, A. arudinaceus, A. paludicola)». Ecology, Ethology and Evolution 12: 237–49. 
  7. Antonov, Anton et al (2006). «Egg rejection in Marsh Warblers (Acrocephalus palustris) heavily parasitized by Common Cuckoos (Cuculus canorus)». The Auk 123 (2): 1801–35. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Myrsongar