SARS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Severe Acute Respiratory Syndrome (SARS) er ein akutt infeksjon i luftvegane valda av SARS-viruset. Feber, følgd av snøgt tiltakande pustevanskar er hovudsymptoma, men tilstanden omfattar også frostanfall, muskelverk, hovudverk og nedsett matlyst.

Sannsynlege tilfelle av SARS nasjonsvis, 1. november 200231. juli 2003.
Land Sjuke Døde Mortalitetsrate(%)
Folkerepublikken Kina * 5327 349 6.6
Hong Kong * 1755 299 17
Canada 251 43 17
Republikken Kina * 346** 37 11
Singapore 238 33 14
Vietnam 63 5 8
USA 27 0 0
Filippinane 14 2 14
Tyskland 9 0 0
Mongolia 9 0 0
Thailand 9 2 22
Frankrike 7 1 14
Australia 6 0 0
Malaysia 5 2 40
Sverige 5 0 0
Italia 4 0 0
Storbritannia 4 0 0
India 3 0 0
Sør-Korea 3 0 0
Indonesia 2 0 0
Sørafrika 1 1 100
Macau * 1 0 0
Kuwait 1 0 0
New Zealand 1 0 0
Irland 1 0 0
Romania 1 0 0
Russland 1 0 0
Spania 1 0 0
Sveits 1 0 0
Totalt 8096 774 9.6
(*) Tala for Folkerepublikken Kina (utanom særskilde administrative regionar), Macau, Hong Kong, og Taiwan er rapporterte separat av WHO.
(**) Sidan 11. juli 2003, har 325 tilfelle frå Taiwan (Republikken Kina) vorte utelatne. Laboratorieopplysingar om desse var utilstrekkelege eller ufullstendige; 101 av desse tilfella døde.
Kjelde:WHO [1]

Mortalitet[endre | endre wikiteksten]

I førstninga meinte ein at mortaliteten (dødsfall blant dei sjuke) låg omkring 3 %, seinare har ein sett at den kan koma så høgt som 15 %. WHO reknar med at mortaliteten ved SARS varierer frå 0 til 50 % avhengig av alderen til pasientane: Mindre enn 1 % hjå personar under 25 år, 6 % hjå personar mellom 25 og 44 år, 15 % hjå personar mellom 45 og 64 år, og over 50 % hjå personar som er 65 år eller eldre. (WHO Update 49)

Etiologi og epidemiologi[endre | endre wikiteksten]

SARS coronavirus.

Tilstanden viste seg første gongen i november 2002 i Guangdongprovinsen i byen Foshan, i Folkerepublikken Kina. Gjennom kontakt med sjuke og utstrekt reiseverksemd av smitta personar, spreidde tilstanden seg ganske snøgt til andre land i Asia og til Nord-Amerika, Europa og Oseania. Årsaka til SARS er eit coronavirus (SARS-CoV) som vart funne i mars 2003. WHO meiner at den maksimale inkubasjonstida (mellom smittetidspunkt og sjukdomsutbrot) er 10 dagar. Den første opphopinga av sjuke i hotell og bustadblokker i Hong Kong har vist at smitteoverføring med SARS-viruset kan vera svært effektiv. Viruset er først og fremst spreidd ved dropesmitte eller gjennom direkte eller — fordi det kan overleva i inntil 6 timar utanfor menneskekroppen — indirekte kontakt. Det er også påvist i avføring og urin. Helsepersonell (lækjarar, sjukepleiarar og tilsette ved sjukehus) er blant grupper som har vore særleg utsette for smitte. Det sist rapporterte tilfellet av sannsynleg SARS, er frå 13. juli 2003 i USA.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Ved utbrotet er sjukdomsteikna influensaliknande og kan vera: feber, myalgi (muskelsmerter), utmatting (letargi), plager frå mage og tarm, hoste, sår hals og andre uspesifikke symptom. Det einaste sjukdomsteiknet som ser ut til å vera sams for alle pasientane er feber over 38 °C. Andenaud kan koma etter kvart. Symptoma kjem vanlegvis til syne 2–10 dagar etter smittetidspunktet (opp til 13 dagar skal ha vorte rapportert). I dei fleste tilfelle kjem sjukdomen etter 2 til 3 dagar.

Fysiske teikn[endre | endre wikiteksten]

Tidlege fysiske teikn kan vera ukonklusive eller fråverande. Somme pasientar kan ha snøgg pust (tachypne) og rallelydar ved auskultasjon. Seinare vil tachypné og utmatting vera meir framtredande.

Undersøkingar[endre | endre wikiteksten]

Røntgenbilete av lunger med fortettingar som viser pneumoni hjå ein pasient med SARS.

Røntgenundersøking av lungene kan vera svært ueinsarta ved SARS. Der er ingen patognomiske kjenneteikn på SARS, men ofte vil lungebileta visa flekkvise infiltrat (skuggar) i alle delar av lungene. Lungebilete tidleg i sjukdomsforløpet kan vera normale.

Talet på kvite blodlekamar og blodplater er ofte lågt. Det vart tidleg rapportert ein tendens til relative nøytrofili og ein relativ lymfopeni i blodprøver — relativ fordi det totale talet på kvite blodceller vil vera lågt. Andre laboratorieprøver viser auka nivå av laktat dehydrogenase (LDH), lett auka kreatin kinase (CK) og C-reaktivt protein (CRP).

Diagnostiske testar[endre | endre wikiteksten]

Etter at sekvensen til RNA i coronaviruset som valdar SARS vart bestemt 12. april, 2003, er det blitt produsert fleire diagnostiske testar, og somme av desse er seinare utprøvde med vekslande hell:

  • Ein test er ein ELISA (enzyme-linked immunosorbent assay) test som påviser antistoff mot SARS-viruset temmeleg påliteleg, men først 21 dagar etter at symptoma viser seg.
  • Ein annan test er ein immunfluorescenstest, denne kan påvisa antistoffa 10 dagar etter sjukdomsutbrotet, men er ein tidkrevande prøve som krev spesialutstyr (immunofluoresensmikroskop) og røynde laborantar.
  • Ein tredje er ein PCR-test (polymerase chain reaction) som kan påvisa genetisk materiale frå SARS-virus i prøvar frå blod, spytt, vevsprøver og avføring. PCR-testen har så langt vist seg å vera svært spesifikk (målretta), men mindre sensitiv (følsom). Dette vil seia at medan ein positiv PCR-test ganske sikkert viser at ein pasient har SARS, så betyr ikkje eit negativt resultat at vedkomande heilt sikkert ikkje har SARS.

WHO har gjeve ut retningslinjer for bruk av desse diagnostiske testane her

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Ettersom det ikkje finst effektive lækjemiddel eller vaksinar mot SARS, er snøgg påvising av og rette tiltak mot sjukdommen viktig for å meistra han. Dette inkluderer isolasjon av sjuke, sannsynleg sjuke og mistenkte sjuke samt dei næraste kontaktane deira. I storparten av dei landa som har innført slike tiltak, har dette hindra import av sjuke og spreiing av sjukdom.

Det mest føremålstenlege behandlingsopplegget av SARS vert enno debattert. Hjå pasientar med rask forverring er intensiv støttebehandling viktig, t.d. febernedsetjande lækjemiddel, respiratorbehandling og parenteral tilførsel av lækjemiddel og næring. Påverknad av immunapparatet gjennom behandling med steroidar kan også vera aktuelt. Mellom 10 og 20 % av dei sjuke treng respiratorbehandling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]