Sjøorre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjøorre
Sjøorrehann
Sjøorrehann
Sjøorrehoe
Sjøorrehoe
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av sjøorre
Utbreiinga av sjøorre
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Melanitta
Art: Sjøorre M. fusca
Vitskapleg namn
Melanitta fusca
Sjøorreegg

Sjøorre (Melanitta fusca) er ei stor dukkand i andefamilien. Fuglen hekkar i dei nordlege delane av Europa og nordvestre delar av Asia, og har overvintring mellom anna i kystområdar i nordlege Europa og ved Svartehavet og Kaspihavet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannen er svart med ein kvit flekk under auga. Hoa si fjørdrakt er brun med ein kvit flekk mellom auga og nebben. Vengane har kvit spegel på begge kjønn. Sjøorren er 51–58 cm lang. Føda til sjøorren er i hovudsak blautdyr og krepsdyr, men òg småfisk og marine botndyr, i ferskvatn kan dei ta insekt og larvar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Sjøorren hekkar i område frå Fennoskandia og Estland austover til elva Jenisej i Russland. Overvintring skjer langs kystar i Vest-Europa, nordlegaste Middelhavet, Svartehavet og Kaspihavet. Der er dessutan små, isolerte populasjonar som hekkar på øyar i innsjøar, ca. 3000 moh. i austlegaste Tyrkia.[2]

I nordaustre delar av Asia hekkar sibirsjøorre (Melanitta stejnegeri), og i nordlege delar av Nord-Amerika hekkar knoppsjøorre (Melanitta deglandi). Begge er nærståande artar som liknar sjøorre og før vart rekna som underartar til sjøorren.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sjøorren hekkar på liknande stader som den nærslekta svartanda. Best trivst fuglen ved fjellvatn omgjeve av bar- eller bjørkeskog. Fuglen treng plass for å ta til vengane, og vatnet må ikkje vere for lite eller ha skogen for tett innpå. Hekking er konstatert frå Telemark og Hordaland i sør til lengst nord og aust i Finnmark. Hekking ved kysten er registrert frå Sogn og nordover. På kysten held der seg mange unge sjøorrar gjennom sommaren. Dette er fuglar som ikkje hekkar.

Den norske bestanden var rekna å ligge mellom 800 og 1300 individ i 2015, og dette er ein tilbakegang frå tidleg 1990-talet,[3] og fuglen var langt vanlegare tilbake på 1800-talet. Sjøorren hekkar talrikast i bjørkebeltet, der reiret vert lagt i kratt av vier, einer eller lyng, og nær vatn.

Hekkeåtferd[endre | endre wikiteksten]

Reiret er godt gøymd og lite forseggjort. Dei 8–14 egga, som vert lagde frå slutten av mai fram til tidleg i juli, er gulkvite, og hoa rugar dei i 27–28 døgn. Gjennom denne tida vert reiret fora med fjør frå henne. Hannen held seg i området til ruginga er godt i gang, då reiser han og flokkar seg med andre hannar. Ungane finn seg raskt mat sjølve etter klekkinga. Om natta vert dei varma av mora eller ei anna ho. Dei er laust knytte til den biologiske mora, og ei ho kan gjerne ta til seg ungar frå eit anna kull.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Arten er delvis trekkfugl. Fuglen reiser frå Nord-Noreg i september, og frå Sør-Noreg i september-november. Dei som dreg overvintrar i det vestlege Europa sørover til nordlege delar av Spania. Sjøorrane overvintrar på norskekysten frå Troms og sørover, med hovudtyngda i Trøndelag og på Jæren. Truleg er dette både norske hekkefuglar og fuglar som har kome austfrå. Sjøorrar kan sjåast på innsjøar fram til islegginga. Flokkar av sjøorrar kan sjåast på veg nordover og inn i landet i tida frå april til byrjinga av juni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark sjøorre Melanitta fusca (Linnaeus, 1758) Henta 4. desember 2010
  2. Carboneras, C., G. M. Kirwan, og C. J. Sharpe (2020). Velvet Scoter (Melanitta fusca), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whwsco3.01
  3. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av sjøorre Melanitta fusca for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 4. desember 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]