Solveig Heilo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solveig Heilo

Fødd24. desember 1981 (42 år)
FødestadBærum kommune
OpphavNoreg
Sjangerfolkemusikk, rock, pop, bluegrass, klassisk musikk, blues, soul, country, klezmermusikk, elektronisk musikk
Instrumenttrommesett, trompet, domra, pitched percussion instrument, bassgitar, gitar, ukulele, banjo, balalaika, siter, harpe, fløyte, trekkspel, piano, munnspel, mandolin
PlateselskapPropeller Recordings
Verka sommusikar, gitarist, songar

Solveig Heilo, òg kjend som Sol, (fødd 24. desember 1981) er ein norsk komponist, artist, musikar, musikkprodusent, arrangør, designar og kostymedesignar. Heilo er best kjend frå bandet Katzenjammer. Ho er multiinstrumentalist og arbeider innan fleire musikksjangrar.[1][2][3]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Heilo vaks opp i Bærum som den yngste av fire sysken. Faren lærte dei å spele piano, og mora song med dei kvar dag. Begge brørne hennar er musikalsk aktive, og ho har skrive musikk saman med broren Kristian Heilo. Ho var sju år gammal då ho byrja med perkusjon i Haslum skoles jentekorps, og tolv år gammal deltok ho som trommeslagar under fakkelstafetten til Lillehammer-OL saman med ti år eldre perkusjonistar frå Norges musikkhøgskole. Etter vidaregåande skule reiste ho verda rundt og enda opp i Connecticut, der ho ein kort periode var perkusjonist i symfoniorkesteret i Norwalk.[2][4]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Årane 1998–2000 gjekk Heilo på musikklinja på Rud vidaregåande skule i Bærum. Der møtte ho Marianne Sveen, som ho seinare fekk inn i Katzenjammer. Frå 2000 til 2001 tok ho faga foto og teater ved Buskerud Folkehøgskole. Sidan flytta ho til Oslo og studerte komposisjon og musikkproduksjon ved Nordisk Institutt for Scene og Studio frå 2003 til 2005. Her vart Katzenjammer danna av Heilo, Anne Marit Bergheim og Turid Jørgensen Honerud. Ho byrja då å spela gitar og andre instrument Katzenjammer ynskte å bruka og debuterte òg som vokalist. Ho gjekk ut av Nordisk Institutt for Scene og Studio med dei beste karakterane til årskullet, og mottok St. Olavsprisen som Årets student.[2][5][6]

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Frilans[endre | endre wikiteksten]

Etter studietida jobba Heilo som frilansmusikar saman med fleire kjende artistar, blant anna spelte ho keyboard for Bertine Zetlitz, vokal og fleire instrument på albumet Diggin Deep (2006) av HP Gundersen, trompet for Westlife, vokal og trommer på fleire Espen Lind- og Stargate-innspelingar, vokal og trommar for Magnus Ugglas band, trompet på Grand Island-albumet Boys and Brutes (2008), vokal på Vinni sin låt Mørkredd (2011), mandolin på Thomas Dybdahl-songen Før Morgengry (2011) og dessutan perkusjon og vokal med Odd Nordstoga og Kåre Vestrheim på eit videoprosjekt for NRK.[2][7][8]

I 2005 sat Heilo og Johan Wilhelm Schioldborg saman eit musikkstudio hos Propellar Recordings, der ho øvde på innspeling av fonogram, og produserte det første demoalbumet til Katzenjammer. I 2012 og 2013 jobba ho som komponist, arrangør, musikar, musikkprodusent, teknikar, designar og skodespelar i Worsøe sin teaterproduksjon Stilleben.[2][9]

I 2013 kunngjorde Holmenkollbakken og Skiforbundet ein songkonkurranse blant anerkjende musikarar og komponistar. Målet var ein ny, offisiell «Kollen-låt», og fleire prominente norske band og komponistar sende inn bidrag. Saman med Terje Borg skreiv Heilo vinnarlåten, og Kollenbrølet (2013) er no den offisielle Holmenkollen-songen.[10]

Katzenjammer[endre | endre wikiteksten]

Sol Heilo med Bassbalalaikaen til katzenjammer «Akerø»
Foto: Ketil Hardy

Heilo har vore sentral i arrangementa og komposisjonane til til Katzenjammer, og var medprodusent på det første (Le Pop) og tredje (Rockland) albumet deira. Ho var med å skriva singlane Rock Paper Scissors og I Will Dance frå albumet A Kiss Before You Go (2011) og har skrive singlane My Dear og Shine Like Neon Rays frå albumet Rockland (2015). Saman med Eivind Buene står ho bak Katzenjammer sin versjon av Bjørn Rønningens julesang Vi Tenner Våre Lykter, som er tittelsporet på Kronprinsparets humanitære fond si juleplate frå 2011. Ho arrangerte òg all vokal for Katzenjammer-versjonen av The Pogues sin song Fairytale of New York, der Tormod Tvete Vik gjorde arrangementet for strykarar. Ho arrangerte åleine Katzenjammer-versjonane av songane When You Wish Upon a Star, God Rest Ye Merry Gentlemen og White Christmas.[2][11][12][13][14][15][16]

Katzenjammer står bak omarrangeringa og innspelinga av musikken til animasjonsfilmen Dyrene i Hakkebakkeskogen (Qvisten animasjon, 2016). Musikken er skriven av Thorbjørn Egner og Christian Hartmann med unntak av "Skinkestek" (Heilo). Gaute Storaas står bak den øvrige filmmusikken.

Design[endre | endre wikiteksten]

Heilo gjorde designen til det første albumet til Katzenjammer, Le Pop (2008), saman med systera Kaja Heilo og Sandrine Pagnoux. Ho deltok òg i designen til andrealbumet A Kiss Before You Go (2011) saman med Mathias Fossum og Heydays, og hadde eineansvar for design til tredjealbumet Rockland (2015). Ho har òg designa det meste av salsartiklane til Katzenjammer, som t-skjorter, buttons og koppar, i tillegg til plakatar, sceneoppsett, tidleg webdesign og design av den velkjende balalaikabassen Akerø. Dei fleste av scenekostyma ho brukar i Katzenjammer har ho sydd sjølv, og ho har òg sydd kjolar som salsartiklar for Katzenjammer.[11][17][18][19]

Andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

I 2012 starta Heilo eit band saman med Unni Wilhelmsen og Hanne Mari Karlsen. Trioen spelar eit utval av låtar skrivne av Wilhelmsen og Heilo. Alle byter på å spela til saman 14 instrument, og alle syng. Heilo er òg med på soloprosjektet til Magnus Grønneberg, der ho spelar trommar og syng. I 2015 deltok ho med vokal på CC Cowboys sitt siste album Til det blir dag (2015). Ho jobbar òg på eit prosjekt saman med Andreu Jacob, der begge produserer og spelar noko av Heilo sitt nyskrivne material. Ho har starta eit nytt prosjekt ho kallar SOL, der fokuset er hennar solomaterial.[3] [20][21][22]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album
  • Skinhorse Playground (2017)
Singlar
  • Hold on (2012)
  • America (2017)
  • Killing Karma (2017)

Katzenjammer[endre | endre wikiteksten]

  • Le Pop (2008)
  • A Kiss Before You Go (2011)
  • A Kiss Before You Go: Live in Hamburg (2012)
  • Rockland (2015)
  • Live at Gearbox (2016)
Singlar
  • Play My Darling, Play (2008)
  • Demon Kitty Rag (2009)
  • A Bar in Amsterdam (2009)
  • Tea with Cinnamon (2010)
  • Den lengste natten (2010), med Øystein Dolmen & Lisa Gansmoe
  • I Will Dance (When I Walk Away) (2011)
  • Rock-Paper-Scissors (2011)
  • A Fairytale of New York (2012)
  • Lady Gray (2014)

Deltakingar[endre | endre wikiteksten]

  • HP and his Patient Orchestra: Diggin' Deep (2007)
  • Grand Island: Boys and Brutes (2008)
  • HP and his Patient Orchestra: Uncle Johnny Had a Cool Guitar (2008)
  • Barneselskapet: Supersanger med Fantorangen og Kuraffen (2010)
  • Vinni: Mørkredd (2011)
  • Kronprinsparets fond: Vi tenner våre lykter – Kronprinsparets fond (2011)
  • CC Cowboys: Til det blir dag (2015)
  • Aslak Borgersrud: Det er valgfritt å irritere seg (2016)
  • Filmmusikk: Dyrene i Hakkebakkeskogen (2016)
  • Kutoppen: KuToppen – Musikken fra filmen (2018)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Katzenjammers nettsted». Henta 19. oktober 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Solveig Heilo» (på norsk). Rockheim - det nasjonale museet for populærmusikk, en avdeling i Museene i Sør-Trøndelag. Arkivert frå originalen 20. januar 2021. Henta 19. oktober 2015. 
  3. 3,0 3,1 «About Katzenjammer» (på engelsk). Arkivert frå originalen 4. januar 2016. Henta 28. oktober 2015. 
  4. " «"All the lost People" by Sol & Kristian Heilo». Henta 20. oktober 2015. 
  5. «westerdals.no - tidligere studenter». Arkivert frå originalen 15. april 2015. Henta 19. oktober 2015.  Arkivert 15. april 2015 på Wayback Machine.
  6. Fitzpatrick, Rob (4. mars 2012). «Ready for Anything». The Sunday Times. News International. Henta 26. februar 2013. 
  7. «"Diggin' Deep (2006) Rockipedia)». Henta 20. oktober 2015. 
  8. «Boys and Brutes, krediteringer på Discogs». Henta 28. oktober 2015. 
  9. «Stilleben - Worsøe». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 19. oktober 2015.  Arkivert 4. mars 2016 på Wayback Machine.
  10. «NRK - Dette er den nye Kollen-låta"». Henta 19. oktober 2015. 
  11. 11,0 11,1 «discogs.com - Solveig Heilo». Henta 20. oktober 2015. 
  12. «Pressemelding Kronprinsparets fond» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016. Henta 19. oktober 2015. 
  13. «side2.no - "Årets vakreste julelåt?" (Norwegian)». 
  14. «Le Pop, krediteringer på Discogs». |accessdate=2015-10-28
  15. «A Kiss Before You Go, krediteringer på Discogs». Henta 28. oktober 2015. 
  16. «Rockland, krediteringer på Discogs». Henta 28. oktober 2015. 
  17. «Le Pop, krediteringer på Discogs». |accessdate=2015-10-28
  18. «A Kiss Before You Go, krediteringer på Discogs». Henta 28. oktober 2015. 
  19. «Rockland, krediteringer på Discogs». 
  20. «Porsgrunns Dagblad - "Vakkert med de dyktige damene"». Henta 20. oktober 2015. 
  21. «"Unni, Sol & Hanne TRIO"». Henta 19. oktober 2015. 
  22. «Magnus Grønneberg tar med seg fire damer til Stavern». Henta 28. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]