Songen Space Oddity

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Space Oddity
Singel av David Bowie
frå albumet Space Oddity
B-side «Wild Eyed Boy from Freecloud» (1969)
«Velvet Goldmine» (1975)
Utgjeve 11. juli 1969
26. september 1975 (nyutgjeving)
Innspelt Trident Studios, 20. juni 1969
Sjanger Psykedelisk folk, spacerock
Lengd 5:15
Selskap Philips (UK)
Mercury (U.S.)
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Gus Dudgeon
David Bowie-kronologi
«Love You Till Tuesday»
(1967)
Space Oddity «Ragazzo Solo, Ragazza Sola»
(1969)

«Space Oddity» er ein song av den britiske artisten David Bowie frå 1969. Songen vart først gjeven ut på singel, før han kom med på albumet med same namn. Songen omhandlar astronauten Major Tom, som på mystisk vis forsvinn i verdsrommet. Singelen vart gjeve ut samtidig med månelandinga til Apollo 11, og BBC spelte songen som ein del av dekninga av hendinga.

I 2013 spelte den kanadiske astronauten Chris Hadfield inn ein video av songen på International Space Station. Teksten var noko endra og sluttar med at Major Tom landar trygt. Dette er den første musikkvideoen som er spelt inn i verdsrommet.[1] Hadfield annonserte videoen på Twitter-kontoen sin[2] og Bowie svara Hadfield med «Hallo Spaceboy».[3]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

For here am I sitting in a tin can
Far above the world
Planet earth is blue
And there's nothing I can do

David Bowie (1969)

«Space Oddity» er ei sterk soge, som har tatt tittelen frå Arthur C. Clarke-boka, og Stanley Kubrick-filmen, 2001: A Space Odyssey, som begge kom i 1968. Likskapen i titlane tyder på at Bowie hadde filmen i tankane då han skreiv songen. Hovudkarakteren i filmen og romanen vert kalla David Bowman.

Songen er ofte tolka til å omhandle sjølvøydelegging og det å vere fråskilt menneskelegheita. Major Tom si kryptiske melding «Though I'm past one hundred thousand miles / I'm feeling very still / And I think my spaceship knows which way to go / Tell my wife I love her very much (She knows!)», tyder på at han lever og har det bra, og vel å slå av kommunikasjonen med bakkekontrollen.

Det virkar som om Bowie stadfestar denne tolkinga i oppfølgjaren til «Space Oddity», «Ashes to Ashes» frå 1980, der bakkekontrollen til slutt får følgjande melding frå Major Tom: «I'm happy, hope you're happy too». Andre tolkar songen som ein metafor for narkotikabruk, og særleg heroin. I «Ashes to Ashes», kan kommunikasjonsmangelen til Major Tom tolkast som eit menneske som har mista kontakten på grunn av narkotika. «Space Oddity» er stundom tolka som «ein dårleg rus». I starten av songen tar Major Tom piller («take your protein pills and put your helmet on»), og pillene har sin effekt («and I'm floating in a most peculiar way / and the stars look very different today»), men til slutt kjem aldri Major Tom ut av rusen.

I eit intervu på VH1 Legends i 1997, fortalte Bowie at songen var inspirert av forholdet hans til Hermione Farthingale, ei kvinne Bowie hadde djupe kjensler for.

Fleire andre artistar har laga songar som omhandlar liknande tema, og som gjenspelgar Bowie-songen. I tillegg til Bowie sin eigen «Ashes to Ashes» gav Elton John ut songen «Rocket Man», som fortel soga om ein einsam astronaut i verdsrommet, som er «not the man they think I am at home». Bowie viser til Elton John då han i ei konsertutgåve av «Space Oddity», gjeven ut på David Bowie BBC Sessions 1969-1972, syng «I'm just a rocketman!». I 1983 gav den tyske popsongaren Peter Schilling ut sin eigen versjon av soga, kalla «Major Tom», sjølv om han lenge hardnakka hevda at han aldri hadde høyrt om Bowie sin song.

Bowie returnerte igjen til soga i 1995, der ein remix av The Pet Shop Boys av songen «Hallo Spaceboy» brukte delar av teksten frå den originale «Space Oddity». Denne songen, som opphavleg var på plata Outside, vart gjeven ut på singel.

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Etter at Bowie forlet plateselskapet Deram, forhandla manageren hans Kenneth Pitt fram ein avtale om eit album (med opsjon på eitt til to album i tillegg) med Mercury Records, og den britiske avdelinga deira Phillips i 1969. Han prøvde så å finne ein produsent. George Martin avslo tilbodet, medan Tony Visconti likte demoutgåva av plata. Han tykte derimot ikkje like mykje om singelen «Space Oddity», og gav produksjonsansvaret vidare til Gus Dudgeon. Ein tidleg versjon av songen hadde vore med i marknadsføringsfilmen Love You Till Tuesday.

Bowie spelte inn ein ny versjon av songen, som raskt vart gjeven ut på singel 11. juli 1969, samtidig med månelandinga til Apollo 11. BBC brukte songen under fjernsynsdekninga av månelandinga og gav god reklame, og Bowie fekk sin første hit. Songen nådde femteplass i Storbritannia, men gjekk ikkje inn på listene i USA.

Mogol skreiv ein italiensk tekst til songen, og Bowie spelte inn vokalen på nytt. Denne utgåva vart gjeve ut på singel i Italia med namnet «Ragazzo Solo, Ragazza Sola» («Einsam gut, einsam jente»), i følgje rapportar var dette for å ta bort merksemda frå versjonar spelt inn av dei italienske banda Equipe 84 og The Computers.

I 1969 fekk songen Ivor Novello-prisen, i lag med Peter Sarstedt-songen «Where Do You Go To (My Lovely)».

Songen vart etter kvart så kjend at albumet som han kom ut på (som opphavleg hadde namnet David Bowie i Storbritannia, og Man of Words/Man of Music i USA) vart gjeve ut på ny med namnet Space Oddity i 1972. Sidan har albumet berre vorte kalla dette.

I desember 1972 filma Mick Rock Bowie som spelar songen under innspelinga av Aladdin Sane, og dette klippet vart brukt for å reklamere for ei ny utgåve av singelen. Denne utgåva gjekk opp til 15. plass på Billboardlista i USA, og i 1975 kom enno ei utgåve av singelen, som gjekk heilt til topps.

Ei utgåve med mykje enklare arrangement vart spelt på Kenny Everett's New Year's Eve Show i 1979, og gjeve ut som b-sida på singelen «Alabama Song» i februar 1980. Denne utgåva kom òg som bonusspor på Rykodisc si utgåve av albumet Scary Monsters (and Super Creeps)

Singel[endre | endre wikiteksten]

Original frå 1969
  1. «Space Oddity» (Bowie) – 4:33
  2. «Wild Eyed Boy from Freecloud» (Bowie) – 4:52
Ny utgåve frå 1975
  1. «Space Oddity» (Bowie) – 4:33
  2. «Changes» (Bowie) – 3:33
  3. «Velvet Goldmine» (Bowie) – 3:09

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Gus Dudgeon - produsent

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]