Scary Monsters (and Super Creeps)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scary Monsters (and Super Creeps)
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 12. september 1980
Innspelt The Power Station i New York City; Good Earth Studios i London februar-april 1980
Sjanger Rock, New Wave, Post-punk
Lengd 45:08
Selskap RCA Records
Produsent David Bowie, Tony Visconti
Kritikk
David Bowie-kronologi
Lodger
(1979)
Scary Monsters (and Super Creeps) Let's Dance
(1983)

Scary Monsters (and Super Creeps) er eit album av den britiske artisten David Bowie, gjeven ut i september 1980RCA Records. Dette var det siste albumet Bowie spelte inn for plateselskapet RCA Records. Dette var det første albumet etter den såkalla Berlintrilogien til Bowie, som bestod av albuma Low, "Heroes" og Lodger (1977-1979). Sjølv om desse albuma vert sett på som nokre av dei viktigaste Bowie gjorde, var dei ikkje spesielt kommersielt suksessrike.[2] Med Scary Monsters oppnådde derimot Bowie «den perfekte balansen»,[3] både musikkpressa hylla det og det nådde førsteplass i Storbritannia.[4][5]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

I følgje medprodusent Tony Visconti var metodane til Bowie mindre eksperimentelle under innspelinga, og han prøvde i større grad å få eit kommersielt lydbilete enn på dei tidlegare platene sine. Derfor var Bowie meir for seg sjølv, og utvikla tekstar og musikk før dei gjekk i studio, i staden for å improvisere fram musikk og tekstar.[3] Bortsett frå ein coverversjon av Tom Verlaine sin «Kingdom Come», var alle songane skrivne av Bowie aleine, i motsetnad til Berlintriologien der han hadde fleire medlåtskrivarar med seg.

Av samarbeidspartnarane frå Berlinperioden, så var ikkje Brian Eno lenger med, men Robert Fripp vart igjen med på gitar, som han hadde vore på "Heroes". Bruce Springsteen-pianisten Roy Bittan var òg tilbake på det første Bowie-album sitt sidan Station to Station (1976), medan Pete Townshend frå The Who gjesta på songen «Because You’re Young».

Stil og tema[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen frå albumet var «Ashes to Ashes», som raskt gjekk opp til førsteplass i Storbritannia. Songen var bygd rundt eit fengande gitarsynth tema av Chuck Hammer, og teksten omhandla karakteren Major Tom frå den første hitten til Bowie, «Space Oddity». I tillegg til at plata vart hylla og gjekk til topps på listene, vert den tilhøyrande musikkvideoen rekna som banebrytande.[6]

Sjølv om «Ashes to Ashes» nærmar seg popmusikk, vert mykje av resten av albumet rekna som eit råare og hardare album enn Bowie hadde gjeve ut sidan Diamond Dogs (1974).[5] Dette kan ein til dømes høyre på opningsporet «It's No Game (Pt. 1)», på tittelsporet og den andre singelen, «Fashion»[5].

Utanom «Ashes to Ashes» var truleg «Teenage Wildlife» songen med den mest personlege teksten på albumet. Musikalsk minna songen ein del om «"Heroes"» og Bowie såg ut til å kome med eit spark mot new wave-artistar, særleg Gary Numan:[3]

A broken-nosed mogul are you
One of the new wave boys
Same old thing in brand new drag
Comes sweeping into view
As ugly as a teenage millionaire
Pretending it’s a whiz-kid world

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget viser Bowie i Pierrot-kostymet frå videoen til «Ashes to Ashes» i lag med bilete teke av Brian Duffy og Edward Bell-måleri.

Utgjeving og omtale[endre | endre wikiteksten]

RCA gav ut Scary Monsters med slagordet «Often Copied, Never Equalled», som ein direkte referanse til dei nye New Wave-artistane som var inspirert av Bowie på denne tida. [3] Albumet vart ofte hylla av musikkpressa, og Record Mirror gav t.d. albumet sju av fem stjerner,[3], medan Melody Maker kalla det «eit skummelt imponerande skritt inn i 80-åra» og Billboard skreiv at «det er det mest tilgjengelege og kommersielle albumet til Bowie på fleire år.»[7] Albumet gjekk til topps på dei britiske albumlistene og til 12. plass i USA. I Noreg nådde albumet 3. plass.

Sjølv om Bowie selde enno meir av sitt neste studioalbum Let's Dance i 1983, vert Scary Monsters av mange rekna som det siste av dei store Bowie-albuma[8] og albumet alle dei seinare Bowie-albuma vert samanlikna med.[3] Seinare album som Heathen eller Reality, vart ofte kalla «det beste albumet sidan Scary Monsters».[9]

I 2000 plasserte musikkmagasinet Q albumet på 30. plass av dei 100 beste britiske albuma nokon sinne. I 2002 plasserte Pitchfork Media det på 93. plass på lista over dei 100 beste albuma frå 1980-åra.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «It's No Game (Part 1)»   4:15
2. «Up the Hill Backwards»   3:13
3. «Scary Monsters (and Super Creeps)»   5:10
4. «Ashes to Ashes»   4:23
5. «Fashion»   4:46
Side to
# Tittel Lengd
6. «Teenage Wildlife»   6:51
7. «Scream Like a Baby»   3:35
8. «Kingdom Come» (Tom Verlaine) 3:42
9. «Because You're Young»   4:51
10. «It's No Game (Part 2)»   4:22

Nye utgåver[endre | endre wikiteksten]

Albumet har vorte gjeve ut på CD fire gonger. Den første var i 1984 av RCA, den andre i 1992 av Rykodisc (med fire bonusspor), den tredje i 1991 av EMI (med nymastra digitallyd og utan bonusspor) og sist i 2003 av EMI som SACD (Super Audio Compact Disc).

Bonusspor 1992[endre | endre wikiteksten]

  1. «Space Oddity» (Nyinnspelt versjon frå 1979) – 4:47
  2. «Panic in Detroit» (Nyinnspelt versjon frå 1979, tidlegare ikkje gjeve ut) – 3:00
  3. «Crystal Japan» (Japansk singel frå 1979) – 3:08
  4. «Alabama Song» (Britisk singel frå 1979) – 3:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Scary Monsters – Blender». Blender. http://www.blender.com/guide/back-catalogue/53969/scary-monsters.html. Henta 2009-06-16. 
  2. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.302
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 David Buckley (1999). Ibid: s.363-375
  4. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.314
  5. 5,0 5,1 5,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.108-114
  6. Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.29
  7. Patrick Humphrey (2007). "You've Been Around", MOJO 60 Years of Bowie: s.79
  8. All Music Guide anmelding
  9. Google-anmeldingar