Songen The Man Who Sold the World

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Man Who Sold the World
Song av
frå albumet The Man Who Sold the World
Utgjeve 4. november 1970 (USA)
April 1971 (UK)
Innspelt Trident og Advision Studios, London
18. april - 22. mai 1970
Sjanger Rock
Lengd 3:55
Selskap Mercury Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Tony Visconti
The Man Who Sold the World
Singel av Lulu
B-side «Watch That Man»
Utgjeve 11. januar 1974
Innspelt 1973
Sjanger Rock
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Mick Ronson
Lulu-kronologi
The Man Who Sold the World «The Man with the Golden Gun»
(1974)

«The Man Who Sold the World» er ein song av David Bowie. Songen er tittelsporet på det tredje studioalbumet hans, gjeven ut i USA i november 1970 og i Storbritannia i april 1971. Songen har vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Lulu i 1974 og Nirvana i 1993.

Inspirasjon og forklaring[endre | endre wikiteksten]

We passed upon the stair, we spoke of was and when
Although I wasn't there, he said I was his friend
Which came as some surprise I spoke into his eyes
I thought you died alone, a long long time ago

David Bowie (1970)

Tittelen på songen minnar om science fiction-romanen til Robert A. Heinlein frå 1949, The Man Who Sold the Moon, som Bowie kjende til.[1] Songen har ingen likskapar med soga i boka. Personen i songen møter ein slags dobbeltgjengar, som er indikert i det andre refrenget der «I never lost control» er byta ut med «We never lost control».[2] Utanom dette er episoden ikkje forklart, som James E. Perone skreiv: Bowie møter hovudrolla i songen, men det er ikkjart kvar dette uttrykket tyder, eller kven eksakt denne mannen er. Hovudsaken med songen er at han måler - riktignok på ein flyktig måte - hovudrolla som enno eit døme på utskot i samfunnet som det finst fleire av på albumet.[3]

Som med mange av songane på albumet er temaet i songen samanlikna med grøsser-fantasy-verka til H. P. Lovecraft.[4] Tekstane vert òg sagt å reflektere uroa Bowie hadde for spalta personlegdom, og vert trudd å vere delvis inspirert av diktet «Antigonish» av William Hughes Mearns:[5]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • «The Man Who Sold the World» kom ut i USA som B-sider til singlane «Space Oddity» (1972) og «Life on Mars?» (1973). Han finst òg på fleire samleplater av Bowie.
  • Ei nyinnspeling produsert av Brian Eno finst på singelen av songen «Strangers When We Meet». Denne versjonen finst òg på bonussplata som følgde somme versjonar av Outside - Version 3.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Lulu[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av den skotske songaren Lulu i 1974, som spelte han i ein «sjuskete, nesten Berlin-kabaret-aktig stil».[6] Han vart gjeven ut som singel den 11. januar 1974 og nådde tredjeplassen i Storbritannia. Bowie produserte denne versjonen i lag med Mick Ronson under innspelinga av Pin Ups og spelte òg gitar, saksofon og song korvokal på versjonen. Resten av bandet bestod av Ronson på gitar, Trevor Bolderbass, Mike Garsonpiano og Aynsley Dunbartrommer.[7]

Richard Barone[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt av den amerikanske songaren Richard Barone i 1987 for kammerpop-albumet Cool Blue Halo. Han nytta cello, akustisk gitar og symfonisk perkusjon.

Nirvana[endre | endre wikiteksten]

I dagboka si rangerte Kurt Cobain frå den amerikanske grungegruppa Nirvana albumet The Man Who Sold the World på 45. plass på lista si over dei 50 favorittalbuma hans.[8] Ei konsertopptak av songen vart spelt inn av bandet i 1993 under MTV Unplugged-framferda deira, og gjeven ut på MTV Unplugged in New York same året. Songen vart òg gjeven ut som singel for albumet og vart mykje spelt på radio. Musikkvideoen vart òg mykje vist på stasjonar som MTV. Nirvana spelte songen ofte på konsertane sine sidan, fram til Cobain døydde i 1994.

Etter denne versjonen kom ut jamra Bowie seg over at når han sjølv spelte songen så møtte han etterpå «ungdom som kjem opp til meg og seier, 'det er kult at du spelar ein Nirvana-song'. Og eg tenkjer, 'dra til hel... din litle dritt.»[9]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. King, Maureen, "Future Legends: David Bowie and Science Fiction", in Morrison, Michael A. (ed.) (1997). Trajectories of the Fantastic: Selected Essays from the Fourteenth International Conference on the Fantastic in the Arts. Westport, CT: Greenwood. s. 131.  The Man Who Sold the Moon er òg tittelen på ei novellesamling av Heinlein. I 1975 fortalte Bowie ein journalist at han hadde fått tak i filmrettane til til ein annan roman av Heinlein, Stranger in a Strange Land, og ønskte å skrive filmmusikken og spele rolla som Valentine Michael Smith. Sidan den gong har Bowie sagt at han har lese romanen, men aldri tenkt å lage filmen.since then, Bowie has said he had read the novel but never intended to make the film (sjå Campbell, Virginia, "Bowie at the Bijou", i Movieline, april 1992, s. 35).
  2. King, Maureen, "Future Legends: David Bowie and Science Fiction", i Morrison, Michael A. (ed.) (1997). Trajectories of the Fantastic: Selected Essays from the Fourteenth International Conference on the Fantastic in the Arts. Westport, CT: Greenwood. s. 131. 
  3. Perone, James E. (2007). The Words and Music of David Bowie. Westport, CT: Praeger. ss. 15–6. 
  4. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s. 38.
  5. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.100; Allmusic review. allmusic.com. Henta 1. mai 2011.
  6. David Buckley (1999). Op. cit: s. 196.
  7. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Op. cit.: s. 118.
  8. Kurt's Journals - His Top 50 Albums. www.nirvanaclub.com. Henta 1. mai 2011.
  9. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s. 138-139.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]