Space Oddity
| Space Oddity Studioalbum av David Bowie |
||
| Utgjeve | 4. november 1969 | |
| Innspelt | Trident Studios i London juni-september 1969 | |
| Sjanger | Folkrock, progressiv rock | |
| Lengd | 45:13 | |
| Selskap | Philips (Europa) Mercury (USA) Rykodisc Ny utgåve 30. januar 1990 |
|
| Produsent | Tony Visconti Gus Dudgeon på «Space Oddity». |
|
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| David Bowie-kronologi | ||
| David Bowie (1967) |
Space Oddity | The Man Who Sold the World (1970) |
Space Oddity er eit musikkalbum av den britiske musikaren David Bowie frå 1969. Det vart opphavleg gjeve ut i Storbritannia av Philips som David Bowie og av Mercury i USA som Man of Words/Man of Music. Sidan 2009 har berre namnet David Bowie vorte nytta, som òg er namnet på debutalbumet hans.
Plata er ei blanding av folkrock, balladar og progrock, og NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har sagt om det at «noko av det høyrde til 1967, noko av det til 1972, men i 1969 verka det upassande. I hovudsak kan ein sjå på albumet i dag som alt Bowie hadde vore og lite av det som skulle kome, alt er rota i saman, der han kjempar om å få kontroll...»[1]
Albumet vert i hovudsak rekna for det første skikkelege Bowie-albumet[2], og det første som plateselskapa tykte det var verdt å gje ut att på nytt. Fleire kjende musikarar spelte på albumet, inkludert Herbie Flowers, Tim Renwick, Terry Cox og Rick Wakeman, i tillegg til cellisten Paul Buckmaster, multiinstrumentalist og plateprodusent Tony Visconti og Moody Blues-bassist John Lodge. Før resten av albumet vart spelt inn, var allereie songen «Space Oddity» gjeven ut på singel.[3] Tony Visconti såg på singelen som ei «barneplate», og lèt Gus Dudgeon ta seg av produseringa.[4] Visconti produserte derfor resten av songane på albumet, bortsett frå det som seinare vart tittelsporet på plata.
Innhaldsliste |
Komposisjon [endre]
Tittelsporet vert rekna som ein av Bowie sin mest kjende songar[5], og er hovudsakleg akustisk med skumle tonar laga på ein Stylophone, eit slags lommeorgel. Tittelen og emnet i songen var inspirert av Stanley Kubrick-filmen 2001: A Space Odyssey og introduserte karakteren Major Tom. Enkelte har sett på songen som ein metafor for heroinbruk, der nedtellinga i introen samsvarar heroinet som går gjennom nåla.[6] Hitten «Ashes to Ashes» frå 1980 erklærte at «We know Major Tom's a junkie» («me veit at Major Tom er narkoman»).
«Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» verka sterkt påverka av Bob Dylan[7] med munnspel, skarp gitarlyd og snerrande vokal. «Letter to Hermione» var ein farvelballade til den tidlegare kjærasten til Bowie, Hermione Farthingale, som òg er tema i «An Occasional Dream»[1], ei neddempa vise, som kunne vore på debutalbumet David Bowie. Farthingale forlet Bowie til fordel for ein amerikansk dansar ho møtte i Bergen. «God Knows I'm Good» er ein observasjon av ein butikktjuv som angrar seg. Denne er òg spelt inn i same stil som tidlegare i 60-åra.[1]
«Cygnet Committee» har vorte kalla det første meisterverket til Bowie[8] og er songen som kanskje mest peikar framover mot dei framtidige platene til Bowie. Hovudkarakteren i songen er ein som «bryt ned barrierar for sine unge tilhengjarar, men finn ut at han berre gav dei ein mogelegheit til å avvise og øydeleggje han».[9] Bowie sjølv skildra songen som noko ein hippie kunne ha laga, som var klar til å følgje kva for karismatisk leiar som helst. [8] Ein annan song som peika framover mot tema Bowie kom attende til 1970-åra, i dette tilfellet personlegdomsbrot, var «Janine», som inneheld tekstlinja «But if you took an axe to me, you’d kill another man not me at all».[2]
«Wild Eyed Boy from Freecloud» var inspirert av buddhisme med eit 50 mann stort orkester, i staden for den originale gitar- og celloversjonen som var b-sida til «Space Oddity»-singelen. Dette var òg første gong Mick Ronson spelte gitar på ei Bowie-plate, sjølv om han ikkje er kredittert for dette på omslaget. [10]
«Memory of a Free Festival» var Bowie sine minner om ein kunstfestival han organiserte i august 1969. Den lange slutten på songen («The Sun Machine is coming down / And we're gonna have a party») vart samanlikna med The Beatles sin «Hey Jude».[11] Songen er òg tolka som ein hånleg kommentar til motkulturen han tilsynelatande lovprisa.[12] I 1970 delte Bowie songen i to og gav dei ut som a- og b-side til ein meir rocka versjon av songen, spelt inn av bandet han hadde med seg på The Man Who Sold the World som kom seinare på året: Mick Ronson, Tony Visconti og Mick Woodmansey - ei tidleg utgåve av bandet Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.
Sjølv om tittelsporet hadde gått heilt til femteplass i Storbritannia tidlegare på året, vart det lite på plata som elles minna om denne songen, og albumet selde dårleg, trass i forholdsvis god kritikk.[11] Etter at Bowie slo igjennom med The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972, klatra derimot albumet til 17. plass i Storbritannia, og 16. plass i USA.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av David Bowie.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Space Oddity» | 5:15 | |||||||
| 2. | «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» | 6:55 | |||||||
| 3. | «(Don't Sit Down)» (Stundom ein del av «Unwashed And Somewhat Slightly Dazed».) | 0:39 | |||||||
| 4. | «Letter to Hermione» | 2:28 | |||||||
| 5. | «Cygnet Committee» | 9:33 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 6. | «Janine» | 3:18 | |||||||
| 7. | «An Occasional Dream» | 2:51 | |||||||
| 8. | «Wild Eyed Boy from Freecloud» | 4:45 | |||||||
| 9. | «God Knows I'm Good» | 3:13 | |||||||
| 10. | «Memory of a Free Festival» | 7:05 | |||||||
| Bonusspor på 1990-utgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 11. | «Conversation Piece» (B-side til singelen «The Prettiest Star») | 3:05 | |||||||
| 12. | «Memory of a Free Festival Part 1» (Singel A-side frå 1970) | 3:59 | |||||||
| 13. | «Memory of a Free Festival Part 2» (B-side til singelen frå 1970) | 3:31 | |||||||
«Don't Sit Down» vart tatt bort frå utgåva av Space Oddity som kom i 1972
Andre utgåver [endre]
I 1990 vart Space Oddity gjeve ut på CD med bonusspor, i tillegg til «Don't Sit Down», som på originalen.
Albumet vart igjen gjeve ut i 1999 av EMI, utan bonusspor men med nymastra digital lyd. «Don't Sit Down» vart derimot verande på albumet.
I 2009 vart albumet gjeven ut på ny med ein ekstra bonussdisk.
Innhald på 2009-utgåva [endre]
Alle songar av David Bowie med mindre anna er sagt
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Space Oddity» (Demo version) | 5:10 | |
| 2. | «An Occasional Dream» (Demo version) | 2:49 | |
| 3. | «Wild Eyed Boy from Freecloud» (B-sida til «Space Oddity», 1969) | 4:56 | |
| 4. | «Brian Matthew interviews David/Let Me Sleep Beside You» (BBC Radio session D.L.T. (Dave Lee Travis Show), 1969) | 4:45 | |
| 5. | «Unwashed and Somewhat Slightly Dazed» (BBC Radio session D.L.T. Show, 1969) | 3:54 | |
| 6. | «Janine» (BBC Radio session D.L.T. Show, 1969) | 3:02 | |
| 7. | «London Bye Ta-Ta» (Stereo version) | 3:12 | |
| 8. | «The Prettiest Star» (Stereo version) | 3:12 | |
| 9. | «Conversation Piece» (Stereo version) | 3:06 | |
| 10. | «Memory of a Free Festival (Part 1)» (Singel A-side) | 4:01 | |
| 11. | «Memory of a Free Festival (Part 2)» (Singel B-side) | 3:30 | |
| 12. | «Wild Eyed Boy from Freecloud» (Alternate album mix) | 4:45 | |
| 13. | «Memory of a Free Festival» (Alternate album mix) | 9:22 | |
| 14. | «London Bye Ta-Ta» (Alternate stereo mix) | 2:34 | |
| 15. | «Ragazzo Solo, Ragazza Sola» (Bowie (musikk), Ivan Mogul (tekst) - Full-length stereo version) | 5:14 |
Medverkande [endre]
- David Bowie – vokal, 12-strengsgitar, Stylophone, orgel
- Mick Wayne – gitar
- Tim Renwick – gitar, fløyte, blokkfløyte
- Keith Christmas – akustisk gitar
- John Lodge – bass
- Tony Visconti – bass, fløyte og blokkfløyte
- Herbie Flowers – bass
- Terry Cox – trommer
- Rick Wakeman – Mellotron, elektrisk cembalo
- Paul Buckmaster – cello
- Benny Marshall and Friends – munnspel
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «David Bowie (1969 album)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.28–29
- ↑ 2,0 2,1 David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.36–79
- ↑ Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.257
- ↑ David Buckley (1999). Ibid: s.36
- ↑ Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.197
- ↑ Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.198
- ↑ Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.227
- ↑ 8,0 8,1 Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.57
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Ibid: s.29
- ↑ David Buckley (1999). Ibid: s.79
- ↑ 11,0 11,1 Christopher Sandford (1996, 1997). Loving the Alien: s.60
- ↑ Nicholas Pegg (2000). Ibid: s.141-2