Tomorrow Never Knows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Tomorrow Never Knows» er ein song av The Beatles og den siste songen på studioalbumet deira Revolver frå 1966. Han er tilskriven Lennon/McCartney, men vart hovudsakleg skrive av John Lennon.

Songen er merkverdig fordi det var første gong ein vokal vart innspelt gjennom ein Leslie-høgtalar for å oppnå ein vibrato-effekt. Ein slik høgtalar vert vanlegvis nytta i eit hammondorgel. Det var òg første gong at eit automatisk dobbelspor-system vart nytta. Dette systemet plasserte automatisk vokalen på dei to stereospora, der ein før måtte synge songen inn to gonger på kvart spor.

«Tomorrow Never Knows» er siste songen på Revolver og ein av dei mest eksperimentelle songane Beatles hadde laga så langt i karrieren. Dette gav Revolver eit rykte som eit av dei viktigaste og mest uttrykksfulle albuma til bandet.[1]

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

John Lennon skreiv songen i januar 1966 basert på ein tekst frå boka The Psychedelic Experience av Timothy Leary, Richard Alpert og Ralph Metzner, som dei igjen baserte på og siterte frå Den tibetanske dødeboka. Poenget med boka vart at nedbrytinga av sjølvkjensla under påverknad av LSD og andre psykedeliske narkotika i praksis var den same kjensla som når ein døyr, og derfor kravde liknande rettleiing.[2][3]

Tittelen på songen var ein av Ringo Starr sine språkbommertar og er ikkje å høyre i sjølve songen. Lennon valde denne tittelen fordi han var noko brydd av det spirituelle temaet i songen.[4] Arbeidstittelen på songen var «Mark I».[5]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Lennon spelte først songen til Brian Epstein, George Martin og dei andre medlemmene i Beatles heime hos Epstein.[6] McCartney hugsar at sjølv om songen berre går i akkorden C, så aksepterte Martin han slik han var. Harmonistrukturen i songen kjem frå indisk musikk, og er basert på ein C-bordun.

Lennon fortalte produsent Martin at han ønskte eit lydbilete som om det var hundre syngande tibetanske munkar, og Martin fekk den vanskelege oppgåva med å finne ein høveleg effekt med det primitive utstyret dei hadde. Lennon foreslo at han kunne heisast opp i taket i eit tau og så verte dytta slik at han svinga i ein sirkel rundt mikrofonen medan han song. Forslaget vart nedstemt av Martin.[7] Den 19 år gamle lydteknikaren Geoff Emerick kom til slutt opp med ideen om å køyre lyden frå mikrofonen gjennom ein Leslie-høgtalar og på den måte oppnå den ønska effekten.[5][8]

Sidan Lennon alltid hata å gjere doble innspelingar av vokalen, gjekk studioteknikaren Ken Townsend, heim same kveld og skapte det første ADT-systemet (automatisk dobbelspor). Ved å ta signalet frå den originale innspelinga og lydhovudet og forseinke dei litt, skapte ha ein effekt av to lydbilete, ikkje berre eitt. Ved å endre på farte og frekvensane kunne han òg skape andre effektar, som Beatles nytta seg av under resten av innspelinga av Revolver.[9] Ein bør merke seg at vokalen til Lennon likevel heilt tydeleg er spelt inn to gonger på to spor, men etter gitarsoloen er det nye systemet nytta på vokalen.[10]

Eksperimentering og bandsløyfer[endre | endre wikiteksten]

Songen var ein av dei første innan sjangeren psykedelisk rock med sterkt komprimerte trommer med baklengs innspelte cymbalar, baklengs gitar, handsama vokal, bandsløyfe-effektar, ein sitar og ein tambur-bordun.

McCartney tok med seg ei rekkje ¼-tommar breie lydbandsløfer som han hadde laga heime. McCartney fann ut at om han tok av slettehovudet frå ein lydbandopptakar og så sette inn i sløyfe med lydband i opptakaren som gjekk rundt og rundt, så ville alt han spelte inn verte lagt oppå kvarandre.[11] Bandsløyfene skapte ein måseskrik-liknande effekt, som i røynda var latteren til McCartney.[12] Andre effektar som vart nytta var delar av gitarsoloen frå songen deira «Taxman», som vart kutta opp, spelt av baklengs og transponert ned ein tone.[13]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt inn sin eigen versjon av songen, nokre av desse er Oasis, David Lee Roth, Phil Collins og 801.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Beatles, Radiohead albums voted best ever archives.cnn.com
  2. Pied Piper Of Psychedelic 60's, Dies at 75 – 1 June 1996 nytimes.com
  3. The first English language translation of the famous Tibetan death text summum.us
  4. geocities.com
  5. 5,0 5,1 Spitz 2005 s 600
  6. Miles 1997 s. 290
  7. Spitz 2005 p602
  8. Miles 1997 s. 291
  9. Spitz 2005 s. 603
  10. «Tomorrow Never Knows» (Vers 4/7 - 1:27 til 2:47)
  11. Spitz 2005 p601
  12. MacDonald - "Revolution in the Head" - 2005.
  13. The Beatles Bible: Tomorrow Never Knows. Vitja 16. desember 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]