Tysk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tysk historie

Det tyske flagget

Dei tyske folka blei ikkje samla i ei politisk eining før seint på 1800-talet, men dei hadde likevel sterk innverknad på vestleg historie frå dei blei kjende i Europa i det første tusenåret fvt.

Det tysk-romerske riket, som varte frå det åttande hundreåret til 1806, var det første tyske keisarriket. Riket dekte dagens Tyskland, Tsjekkia, Austerrike, Sveits, Nederlanda, det austlege Frankrike, og nordlege og sentrale delar av Italia. Statsoverhovudet var som regel den tyske keisaren, og kjerneområda var alltid det som no er tyske statar.

Det tyske keisarriket som varte frå 1871 til 1918 blei ofte kalla det andre riket fordi det stamma frå mellomalderriket. Vidare kalla Adolf Hitler sitt Nazi-Tyskland for det tredje riket. Det demokratiske Tyskland mellom desse vart kalla Weimar-republikken.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.