Spansk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Spansk historie er ofte delt inn i epokar som har namn etter dei som herska i landområdet på denne tida. Denne artikkelen tek for seg dei grove trekka av historia til det som i dag er Spania.

Forhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Tidlege innbyggjarar på den iberiske halvøya er ukjende, men kan ha inkludert baskarar. Den viktigaste kulturen frå førhistorisk tid finn ein rundt byen Tartessos. Sjøfarande fønikarar, grekarar og kartagenarar grunnla handelsbyar langs kysten til Middelhavet, som Gadir (dagens Cádiz), Emporion (Empúries) og Carthago Nova (Cartagena). Frå 800-talet f.Kr. vandra keltiske stammar inn i landet over Pyreneane.

Romartida[endre | endre wikiteksten]

Romarane kom til den iberiske halvøya under den andre puniske krigen mot Kartago100-talet f.Kr. I løpet av to hundreår med krigar nedkjempa romarane alle dei tidlegare innbyggjarane på halvøya og la det under seg som Hispania. Seinare blei Hispania delt i mindre provinsar, medan Lusitania, som svarar nokolunde til dagens Portugal, blei skilt ut. Språket, lovane og grunnleggjande kulturelle trekk i dagens Spania stammar frå denne tida.

Muslimsk tid[endre | endre wikiteksten]

Då Romarriket fall blei Spania hovudsakleg teke over av visigotarar, men blei raskt erobra av muslimske maurarar frå Nord-Afrika frå 711 av. Dei la hovudstaden i landet dei kalla Al-Andalus til Córdoba og innleidde ei glanstid for kunst og vitskap. Tre små område som seinare blei til kongedøma Asturias, Navarra og Aragon heldt seg kristne. Mot slutten av den muslimske tida blei det vanskelegare å vera kristen eller jøde i Al-Andalus. Samstundes hadde dei kristne kongedøma styrkt makta si, og vann tilbake landet i det som er blitt kjent som La Reconquista, gjenerobringa. Den siste muslimske staten, Granada, blei erobra i 1492.

Spansk stormaktstid[endre | endre wikiteksten]

Spania blei eitt rike då Ferdinand II av Aragon og Isabella I av Castilla sameinte rika sine i ein personalunion. Deira utvising av jødar og muslimske maurarar førte til ein økonomisk og kulturell tilbakegang. Riket skulle likevel snart få tilgang på nye rikdomar.

1500-talet ekspanderte Spania som kolonimakt etter at Christopher Columbus oppdaga Amerika med spansk støtte. Landet la under seg store landområde både i den nye verda og den gamle, inkludert Portugal med koloniar i ein kort periode frå 1580 til 1640. Dei store rikdomane førte til ein spansk gullalder både i moderlandet og koloniane.

Auka konkurranse frå andre europeiske land, som England og Nederland svekte det spanske imperiet. På 1800-talet frigjorde mange av dei spanske koloniane seg og Spania stod framfor ein nedgang som stormakt. Den spansk-amerikanske krigen sette ein endeleg stopp for spansk herredøme i Latin-Amerika.

Ufred[endre | endre wikiteksten]

Spania blei okkupert av Napoleon tidleg på 1800-talet, men spanjolane reiste seg til ein blodig geriljamotstand. Etter frigjeringskrigen (18081814) gjekk landet igjennom ei rekkje konfliktar mellom liberalarar og rojalistar, og over arvefølgja. Landet var republikk frå 1871 til 1873 før monarkiet blei gjeninnført gjennom ein serie statskupp.

Den andre spanske republikken blei innført i 1931, men eit mislukka kuppforsøk i juli 1936 starta den spanske borgarkrigen som enda med siger for den fascistiske generalen Francisco Franco. Spania var eit diktatur fram til Franco døydde i 1975, og arvingen han sjølv hadde utpeikt, kong Juan Carlos, gradvis gav makta tilbake til folket.