Aserbajdsjansk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Antikken
Antikken og romartida
Atropatene
Det første persiske riket
og Aleksander den store
Kaukasisk Albania
Mellomalderen
Islamsk periode
Seldsjukkane
Atabegar av Aserbajdsjan
Ilkhanatat
Qara Qoyunlu
Aq Qoyunlu
Shirvansjahar
Klassisk historie
Safavid-dynastiet
Khanata
Qajar-dynastiet
Russisk styre
Tidleg sjølvstende
Namnet Aserbajdsjan
Den demokratiske republikken Aserbajdsjan
Marsdagane
Sovjetisk Aserbajdsjan
Aserbajdsjanske SSR
Svart januar
Moderne Aserbajdsjan
Republikken Aserbajdsjan

Aserbajdsjan (aserbajdsjansk Azərbaycan) er eit land i Kaukasusområdet i Eurasia. Landet grensar til Kaspihavet i aust, den russiske republikken Dagestan i nord, Georgia i nordvest, Armenia og Tyrkia i sørvest og Iran i sør. Innbyggjarane i Aserbajdsjan er etnisk varierte, men flesteparten er aserbajdsjanarar, eit tyrkisk folkeslag som utgjer om lag 9 millionar menneske i den sjølvstendige republikken Aserbajdsjan.

Under medisk og persisk styre tok mange kaukasiske albanarar til seg parsismen og konverterte så til kristendomen før dei muslimske arabarane og dei meir viktige muslimske tyrkarane tok over. Tyrkarane trur ein kom i små grupper av ghazi-krigarar som erobra området og tyrkifiserte innbyggjarane, som tok til å snakke tyrkiske språk og konverterte til islam i løpet av ein periode på fleire hundreår.[1]

Etter meir enn 80 år under Det russiske imperiet, vart Den aserbajdsjanske demokratiske republikken grunnlagd i 1918. Staten vart invadert av sovjetiske styrkar i 1920 og vart verande under sovjetarane fram til Sovjetunionen braut saman i 1991.

Førhistorie[endre | endre wikiteksten]

Eldre steinalder[endre | endre wikiteksten]

Grotta Azykh i området Fizuli i Aserbajdsjan vert rekna som ein av dei eldste busetnadane til proto-mennesket i Eurasia. Ein har funne restar etter før-acheuléenkulturen i dei nedre laga av grotta. Kulturen er ein av dei eldste, og på mange måtar lik Olduvai-kulturen i Tanzania, og Lascaux-kulturen søraust i Frankrike.

Frå eldre steinalder har ein i Aserbajdsjan funn frå Aveidag, Taglar, Damjily, Yatagery, Dash Salakhly og somme andre stader. Utskjeringane i steinane i Qobustan, sør for Baku, syner scener frå jakt, fiske, arbeid og dans, og er datert til mellomsteinalderen.

Nyare forsking har indikert av Edens hage har vore mindre metaforisk enn tidlegare trudd. Arkeolog David Rohl har følgd fleire geografiske referansar i Første Mosebok til verkelege stader i det sørlege Aserbajdsjan, nærare bestemt Aji-dalen kring det moderne Tabriz i Iran.[2]

Yngre steinalder[endre | endre wikiteksten]

Yngre steinalder (ca. 5000-talet3000-talet fvt.) var ein overgangsperiode frå steinalderen til bronsealderen. Det er funne mange busetnader frå yngre steinalder i Aserbajdsjan, og frå karbondaterte gjenstandar i denne perioden har ein vist at folk bygde heimar, lagde våpen av kopar og var kjende med vatningsjordbruk.

Bronse- til jernalderen[endre | endre wikiteksten]

Påverknaden frå gamle folkeslag og sivilisasjonar, som sumerarane og elamittane møttest i området kring Aserbajdsjan. Mange forskjellige kaukasiarar ser ut til å vere dei tidlegare innbyggjarane i Sør-Kaukasus og kaukasiske albanarar ser ut til å ha vore mest dominerande.

På 700-talet fvt. slo dei halvnomadiske kimmeriane og skytarane seg ned i området til Kongedømet Mannai. Assyrarane hadde òg ein sivilisasjon som blømde vest for Urmiasjøen i fleire hundreår før Media og Albania, som ikkje må forvekslast med Albania på Balkan, vart oppretta. Dei fleste dokument og inskripsjonar frå antikken som vert nytta til historiske analysar av området, kjem frå assyrarane og frå kongedømet Urartu. For den antikken historia til Aserbajdsjan, nyttar dei fleste vestlege historikarar greske, arabiske, romerske og persiske kjelder.

Media-riket.

Ein trur at albanarane var dei første innbyggjarane i Aserbajdsjan.[3] Tidlege innflyttarar var mellom andre folk frå Skythia på 800-talet fvt.[4] Sør-Kaukasus vart etter kvart erobra av akamenidane kring 550 fvt. I denne perioden spreidde parsismen, læra til Zarathustra, seg i Aserbajdsjan. Akamenidane vart slått av Aleksander den store i 330 fvt. Etter at selevikdane vart svekka i Persia i 247 fvt. tok eit armensk kongedøme kontroll over delar av det moderne Aserbajdsjan mellom 190 fvt. og 428 evt.[5][6] Kaukasiske albanarar grunnla eit kongedøme i det første hundreåret fvt. og vart i stor grad verande sjølvstendige fram til sasanidane danna ein provins av kongedømet i 252 evt.[7][8][9] Den albanske herskaren, kong Urnayr, innførte offisielt kristendomen som statsreligion på 300-talet og Albania vart verande ein kristen stat fram til 700-talet.[10][11] Sasanid-kontrollen enda då dei vart slått av dei muslimske arabarane i 642.[12]

Den påfølgjande folkevandringa til dei eurasiatiske og sentralasiatiske nomadane heldt fram i eit kjent mønster i historia til Kaukasus sidan antikken, frå tida kring Sasanid-persarriket til dei aserbajdsjanske tyrkarane på 1900-talet. Av dei iranske nomadane som drog til og frå Aserbajdsjan finn ein skytarane, alanane og kimmerianane. Altaiske nomadar som khazarar og hunarar var òg innom området. Murane og festningsverka i Darband vart bygde kring tida til sasanidane for å hindre nomadane i å gå over fjellovergangane i Kaukasus. Nomadane slo seg derimot ikkje ned for godt i området.[13]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Albania i Kaukasus og atropatane.

Akamenidane og selevikdane[endre | endre wikiteksten]

Akamenide-riket på det største.

Etter at Media-riket fall, vart heile dagens Aserbajdsjan invadert av den persiske kongen Kyros den store på 500-talet fvt. Dette første persiske riket hadde stor innverknad på den lokale folkesetnaden, sidan religionen parsismen steig fram. Mange av dei lokale albanarane vart kjende som eld-dyrkarar, som kan ha vore eit teikn på parsisk tru, som set heilag eld svært høgt. Zarathustra, grunnleggjaren av religionen, kan ha vore inspirert av dei brennande gassane som siv ut av jordoverflata i området kring dagens Baku.

Dette riket var ganske kortvarig og vart erobra berre to hundreår seinare av Aleksander den store og førte til at den hellenistiske kulturen steig fram gjennom heile det tidlegare persiske riket. Selevkidiske grekarar tok over Kaukasus etter at Aleksander døydde i 323 fvt, men vart etter kvart angripen av press frå Roma, lausrivande grekarar i Baktria, og partarar, eit anna nomadisk iransk folk frå Sentral-Asia, som gjorde store innhogg i dei nordaustlege selevkid-områda frå seint på 300-talet fvt. til 200-talet fvt. og dette førte til slutt at dei lokale kaukasiske folka kunne opprette eit sjølvstendig kongedøme for første gong sidan den mediske invasjonen.

Albania, romersk-partisk rivalisering og sasanidisk erobring[endre | endre wikiteksten]

Romersk inskripsjon i Qobustan
For meir om dette emnet, sjå Albania i Kaukasus.

Det albanske kongedømet, som ikkje må forvekslast med dagens Albania på Balkan, oppstod kring eit kaukasisk folk og vart ein unik stat omringa av store imperium. I det andre og første hundreåret fvt. tok armenarane gradvis over meir og meir av dei albanske områda i sør og erobra områda Karabakh og Utik, som var folkesett av fleire albanske folkegrupper, som idi-folket, gargarianar og kaspiar.[14][15] På denne tida gjekk grensa mellom Albania og Armenia langs elva Kura.[16][17]

Regionen vart ein krigsskodeplass for romarane og partarane og det meste av Albania vart underlagt dei romerske legionane til Pompeius, medan dei sørlege områda var kontrollerte av Partia. Ein steininskripsjon av det ein meiner er den austlegaste bevarte romerske inskripsjonen finst like sørvest for Baku ved Gobustan. Han vart skriven av Legio XII Fulminata under keisar Domitian.

Etter delinga av Armenia mellom Austromarriket og Persia i 387 evt, fekk dei albanske kongane attende kontrollen over provinsane Uti og Artsakh (sør for Kura), då dei sananianske kongane gav desse til dei albanske Arsakid-herskarane mot betaling til Persia.[15][18]

Sasanidisk sølvskive frå Shamakhi, (Aserbajdsjansk historiske nasjonalmuseum).

Historikarar frå mellomalderen, som Movses Khorenatsi og Movses Kaghankatvatsi, skriv at albanarane konverterte til kristendom på 300-talet etter at Gregorius opplysaren frå Armenia forkynna i landet.[19][20] Kristendomen spreidde seg berre gradvis i Albania, og ein stor del av albanarane vart verande parsiar og heidningar fram til den islamske erobringa.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Islamsk erobring[endre | endre wikiteksten]

Tida til kalifane. ██ Profeten Mohammed, 622–632 ██ Det patriarkalske kalifatet, 632–661 ██ Umayyad-kalifatet, 661–750

Muslimske arabarar slo sasanidane og austromarane då dei marsjerte inn i Kaukasus-området. Arabarane gjorde Albania til ein vasallstat etter at den kristne motstanden, leia av prins Javanshir, overgav seg i 667.[21] Mellom 800- og 900-talet byrja arabiske forfattarar å omtale regionen mellom elvane Kura og Aras som Arran.[22] På denne tida kom arabarar frå Basra og Kufa til Aserbajdsjan og erobra landområda som dei innfødde folka hadde reist frå.

Seldsjukkane og etterfølgjande statar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Seldsjukkane.

Seldsjukk-tida i aserbajdsjansk historie var truleg enno viktigare enn den arabiske erobringa, sidan det var med på å forme den etno-språklege nasjonaliteten til dei moderne aserbajdsjanske tyrkarane.

Etter at Abbasid-kalifatet vart svekka, vart Aserbajdsjan i tur og orden underlagt mange dynasti som salaridane, sajidane, shaddadidane, rawadidane og buyidane. Frå byrjinga av 1000-talet vart området gradvis erobra av bølgjer av Oghuz-tyrkiske folk frå Sentral-Asia. Det første av desse tyrkiske dynastia var ghaznavidane frå det nordlege Afghanistan, som tok over delar av Aserbajdsjan i 1030. Dei vart etterfølgd av seldsjukkane, ei vestleg grein av Oghuz som erobra heile Iran og Kaukasus og pressa inn i Irak, der dei styrta buyidane i Bagdad i 1055.

Seldsjukkane vart hovudherskarane i det enorme riket som omfatta heile Iran, Irak og Aserbajdsjan fram til slutten av 1100-talet. I seldsjukk-tida skal den viktige vesiren av seldsjukk-sultanane Nizam ul-Mulk ha innført mange reformer innan utdanning og byråkrati. Det var etter han døydde i 1092 at den velorganiserte seldsjukk-staten byrja å svekkast. Dette vart forsterka då sultan Ahmad Sanjar døydde i 1153.

Lokalt vart seldsjukk-områda styrt av atabegar, som teknisk sett var vasallar under seldsjukk-sultanane, men stundom styrte dei meste på eigahand. Tittelen Atabeg var vanleg under seldsjukk-styret i Midtausten frå starten av 1100-talet. Under styret deira frå slutten av 1100-talet til tidleg på 1200-talet, steig Aserbajdsjan opp som eit viktig kulturelt senter for dei tyrkiske folka. Palassa til Atabeg eldegizidane (eldeniz) og shirvanshahane var vertskap for mange viktige folk på denne tida, som store muslimske kunstnarar og vitskapsfolk. Den mest kjende av Atabeg-herskarane var Shams al-din Eldeqiz (Eldeniz).

Under seldsjukkane vart det gjort store framsteg innan forskjellige vitskapar og filosofi av iranarar som Bahmanyar, Khatib Tabrizi, Shahab al-Din Suhrawardi og andre. Persiske diktarar som Nizami Ganjavi og Khaqani Shirvani, som budde i denne regionen, stod for høgdepunktet i raffinert persisk litteratur i mellomalderen. I tillegg opplevde regionen stor utbygging i denne tida og den unike arkitekturen frå seldsjukkane er vist i festningsmurar, moskear, skular, mausoleum og bruer i Baku, Ganja og Absjeron, som vart bygde på 1100-talet.

I 1225 enda Jalaleddin Kharazmshah frå Khwarezmid-riket Atabeg-styret.

Mongolane og Ilkhanid-styret[endre | endre wikiteksten]

Mongolinvasjonen i Midtausten og Kaukasus var særs øydeleggjande for Aserbajdsjan og naboområda. Frå 1220 byrja Begin beg å betale skatt til mongolane. Jebe og Subotai gjorde den vesle staten nøytral. I 1231 okkuperte mongolane det meste av Aserbajdsjan og tok livet av Khorezmshah Jalaladdin, som hadde styrta Atabeg-dynastiet. I 1235 øydela mongolane byane Ganja, Shamkir, Tovuz, Shabran på veg for å erobre Kiev-riket. I 1236 var heile Transkaukasia underlagd Ogedei khan.

Slutten på mongol-styret og rivaliseringa mellom den svarte og den kvite sauen[endre | endre wikiteksten]

Den siste Il-khanid-herskaren, Abu Sa'id, døydde utan arvingar, noko som førte til at Ilkhan-staten vart oppløyst til små sultanat. Den neste staten i området til Aserbajdsjan, i 1330-åra, var jalayiridane, som styrte Irak, det vestlege Persia, og det meste av Aserbajdsjan. Jalayirid-sultanatet varte kring 50 år, men vart avbroten av erobringa til Timur Lenk og opprøra til Kara Koyunlu (Qara Qoyunlu) som òg vart kalla «svartsau-tyrkarar».

Den første Jalayirid-herskaren var Hasan Buzurg (d. 1356) som tok trona i Tabriz i 1337. Sonen hans Shaikh Uvais slo dei største potensielle rivalen sine, khobanidane (etterkomarar av Amir Koban av khobanidane) og forsterka styret sitt. Han regjerte over Aserbajdsjan frå 1360 til 1374 i ein periode med fred og stabilitet. Etter styret til den svake sultanen Husain, vart jalayrid-staten svekka.

Timur Lenk (Amir Timur) sette i gang ein øydeleggjande invasjon av Aserbajdsjan i 1380-åra, og innlemma mellombels Aserbajdsjan i det store området sitt, som dekte det meste av Eurasia. Shirvanshah-staten under Shirvanshah Ibrahim I var òg vasallar under Timur Lenk og støtta han i krigen mot mongolherskaren Tokhtamysh av Den gylne horden. Aserbajdsjan opplevde uro og religiøs ufred i denne perioden på grunn av sekteriske konfliktar starta av hurufi, bektashi og andre rørsler.

Etter Timur Lenk døydde i 1405, kom den fjerde sonen hans, Shah-Rukh til makta og regjerte til 1446. Vest for området til Shah-Rukh, oppstod to nye rivaliserande tyrkiske statar - Kara Koyunlu kring Vansjøen og Ak Koyunlu (eller «kvitsau-tyrkarar») kring Diyarbakır. Opphavleg var det Kara Koyunlu som var herskande då høvdingen deira Kara Yusuf sigra over sultan Ahmad, den siste av jalayiridane, og erobra det sørlege Aserbajdsjan i 1410. Han oppretta hovudstaden sin i Tabriz. Under Jahan-Shah, utvida Kara Koyunlu områda deira inn i det sentrale Iran og så langt aust som Khurasan. Seinare vart derimot Ak Koyunlu viktigare under Uzun Hasan, og sigra over Jahan-Shah og Qara Qoyunlu i 1468. Uzun Hasan regjerte over heile Iran, Aserbajdsjan og Irak fram til han døydde i 1478. Både Ak Koyunlu og Kara Koyunlu heldt fram Timurid-tradisjonen med å verne litteratur, dikt og kunst, noko dei kjende islamske miniatyrmåleria i Tabriz syner.

Shirvanshahane[endre | endre wikiteksten]

Turbe (Mausoleum) for shirvanshahane i Baku. 1400-talet.
For meir om dette emnet, sjå shirvanshahane.

Shīrwān Shāh[23] eller Sharwān Shāh,[23] var namnet på eit persisk folk[23] av arabisk opphav i mellomalderen.[23] Shirvanshahen oppretta ein innfødd aserbajdsjansk stat[24] og vart herskarar av Shirvan, ein historisk region i dagens Aserbajdsjan. Shirvanshahane oppretta det lengste islamske-dynastiet i den islamske verda.

Rolla til Shirvanshah-staten var viktig i den nasjonale utviklinga av Aserbajdsjan. Shirvanshahane var i stor grad sjølvstendige som lokale herskarar og vasallar frå 861 til 1539, og hadde ein kontinuitet som varte lengre enn noko anna dynasti i den islamske verda. Det er to periodar for den sjølvstendige Shirvan-staten: først på 1100-talet under sultanane Manuchehr og Axsitan, som bygde festninga i Baku, og den andre på 1400-talet under Derbendid-dynastiet. Mellom 1200- og 1300-talet, var shirvanshahane vasallar under mongolane og Timur Lenk.

Shirvanshahane Khalilullah I og Farrukh Yassar leia ein særs stabil periode i historia til dynastiet. Shirvanshah-palasset i Baku (som òg var gravstaden til dynastiet) og Halwatiyya Sufi Khaneqa vart bygde i regjeringstida til desse to herskarane på midten av 1400-talet. Shirvanshah-herskarane var meir eller mindre ortodokse sunni-muslimar, og stod derfor mot dei heterodokse shia-muslimane frå Safavid Sufi-ordenen. I 1462 vart Shaykh Junayd, leiaren for safavidane drepen i eit slag mot shirvanishanane, nær byen Gusar (han vart gravlagd i landsbyen Hazra) – ei hending som førte til ein ny fase i historia til Aserbajdsjan.

Safavidane og starten på shia-islam[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå safavidane.
Sjah Abbas I av Safavidane ved ein bankett
Detalj frå ein takfreske; Chehel Sotoun-palasset i Isfahan

Safavidane (Safaviyeh) var ein religiøs Sufi-orden danna i 1330-åra av sjeik Safi Al-Din (1252–1334), som ordenen er kalla opp etter.

Denne Sufi-ordenen konverterte open til den heterodokse greina av shia-islam mot slutten av 1400-talet. Somme safavid-tilhengjarar, mellom anna Qizilbash-tyrkarane. trudde på den mystiske karakteren til herskarane sine og forholdet deira til huset Ali, og var derfor klare til å kjempe for dei. Safavid-herskarane hevda å vere etterkomarar etter Ali sjølv og kona hans Fatimah, dottera til profeten Muhammed, gjennom den sjuande imamen Musa al-Kazim. Talet på Qizilbashane auka på 1500-talet og generalane deira klarte seg godt i krigen mot Ak Koyunlu-staten og erobra Tabriz.

Safavidane, leia av Ismail I, utvida basen deira, plyndra Baku i 1501 og forfølgde shirvanshahane.

Under styret til Ismail I og sonen hans Tahmasp, vart shia-islam tvungen på dei tidlegare sunni-muslimske innbyggjarane i Iran og Aserbajdsjan. Dette gjekk særleg hardt for seg i Shirvan, der mange sunni-muslimar vart massakrerte. Iran vart eit føydalt teokrati i denne perioden og sjahen vart rekna for å vere det guddommeleg utvalde overhovudet for stat og religion. I denne perioden fekk Qizilbashi-høvdingane stillingar som wakilar (eller juridiske administratorar) med embete ansvarleg for styret av provinsane og klassen shia-islamsk Ulema vart skapt.

Krigane mot det sunni-islamske Osmanske riket heldt fram under regjeringstida til sjah Tahmasp. Dei viktige aserbajdsjanske byane Shamakha, Ganja og Baku vart okkuperte av osmanarane i 1580-åra.

Under styret til sjah Abbas I (1587–1630) tok monarken på seg ein tydeleg persisk nasjonal identitet som fall saman med shia-islam. Styret til Abbas I representerte høgdepunktet i utviklinga av staten og han klarte å drive attende osmanarane og gjenerobre Aserbajdsjan og Shirvan i 1603.

Khanata seint på 1700-talet og tidleg på 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Måleri frå Qajar-tida. Mullahar hos kongen.

Medan borgarkrigen stoppa opp i Iran, var det meste av Aserbajdsjan okkupert av osmanarane (1726 til 1736)[25]. Samstundes (frå 1722 til 1735), under regjeringstida til Peter den store, vart kyststripa langs Kaspihavet som bestod av Derbent, Baku og Salyan underlagt Det russiske imperiet.

Etter at Safavid-riket braut saman, kom Nadir Shah Afshar (Nadir Guli Bey), ein tidlegare slave som hadde stige i gradane militært hos det turkmenske Afshar-folket i Khorasan (ein vasallstat under safavidane) til makta. Han tok kontrollen over Iran frå afghanarane i 1729 og sette så i gang eit ambisiøs tokt og erobra område så langt aust som Delhi, men forsterka ikkje den persiske basen sin og uttømde armeen sin. Nadri hadde effektiv kontroll over sjah Tahmasp II og styrte så som regen for den ungen Abbas III, fram til 1736, då han fekk seg sjølv krona som sjah. Kroninga av Nadir Shah fannstad i Mughan, innanfor grensene til dagens Aserbajdsjan, der det aserbajdsjanske militæret og aristokratiet var samla.

Khanata, nord og sør for elva Aras

Etter at Nadir Shah vart myrda i 1747 vart det persiske riket under afsharidane oppløyst. Fleire muslimske khanat, skildra som aserbajdsjanske i somme kjelder[26][27] og som iranske av andre[28][29], vart i røynda sjølvstendige[30][31][32][33] medan resten var under nominell persisk styre[32][34][35][36]. Innanfor Aserbajdsjan oppstod khanata Shirvan, Baku, Karabakh, Ganja, Quba, Shaki, Talysh, Erivan, Nakhchivan og andre små bystatar. Khanata var i konstant strid med kvarandre og mot ytre trugslar. Dei mektigaste av dei nordlege khanane var Fat'h Ali Khan i Quba (død 1783), som klarte å samle dei fleste nabokhanata under styret sitt og starta eit felttog for å ta Tabriz i kamp mot Zand-dynastiet. Andre mektige khanat var det i Karabakh, som la under seg khanatet Nakhchivan og delar av khanatet Erivan.

I 1796 raida og erobra Agha Muhammed Khan Qajar Aserbajdsjan og Georgia. Somme khanat tok den lagnadstunge avgjesla om å be russarane om støtte, medan andre aserbajdsjanarar var nøgde med Qajar-styret. Russarane, som på denne tida kontrollerte Georgia, hadde alt underlagd seg dei fleste khanata i Kaukasus i 1806. Qajarane svarte på desse hendingane med å erklære krig, som varte fram til 1813 då russarane invaderte Tabriz.

Slagscene på ein vegg i Shaki Khan-palasset.

I følgje professor Tadeusz Swietochowski:

« Det korte og suksessrike russiske felttoget i 1812 vart avslutta med freden i Gulistan, som vart signert den 12. oktober året etter. Avtalen gjorde at Det russiske imperiet innlemma store iranske område, inkluderte Dagestan, Georgia med provinsen Sheragel, Imeretia, Guria, Mingrelia og Abkhasia, samt khanata Karabagh, Ganja, Sheki, Shirvan, Derbent, Kuba, Baku og Talysh. »

[37]

I følgje Svante Cornell:

« I 1812 enda Russland ein krig med Tyrkia og gjekk offensivt ut mot Iran. Dette førte til freden i Gulistan i 1813, som gav Russland kontroll over store område som til då hovudsakleg hadde høyrt til Iran. Heile Dagestan og Georgia, inkludert Mingrelia og Abkhasia vart formelt avstått til Russland, samt åtte aserbajdsjanske khanat (Karabakh, Ganja, Sheki, Kuba, Shirvan, Talysh, Baku og Derbent). Persarane utfordra derimot raskt styret til Russland i området noko som førte til ein militær katastrofe. Iran tapte kontroll over heile Aserbajdsjan, og med Turkemenchai-busetnaden av 1828 truga Russland å opprette kontroll over Aserbajdsjan med mindre Iran betalte krigsskadeerstatning. Britane støtta iranarane på dette området, men dei russiske soldatane hadde marsjert så langt sør som Tabriz. Sjølv om somme område (inkludert Tabriz) vart gjevne attende til Iran, var Russland i røynda på sitt mest vidstrekte.[33] »
Kart som syner Shirvan, Kaukasus og Persia (1748)

Den demokratiske republikken Aserbajdsjan[endre | endre wikiteksten]

Mammed Amin Rasulzade var ein av grunnleggjarane av Den aserbajdsjanske demokratiske republikken i 1918, og vert rekna som ein av nasjonalleiarane i Aserbajdsjan.

Etter at Det russiske imperiet braut saman i 1917, vart ein sjølvstendig republikk utropt i Ganja den 28. mai 1918, etter at eit forsøk på å opprette ein føderal transkaukasisk republikk med Armenia og Georgia vart stoppa. Dette var den første demokratiske republikken oppretta i den islamske verda. I Baku kjempa derimot ein koalisjon av bolsjevikar, dasjnakar og mensjevikar mot ein tyrkisk-islamsk arme leia av Nuru Pasha. Denne koalisjonen vert kalla «Bakukommunen» og inspirerte eller i det stille oversåg massakrane av lokale muslimar av dei godt utrusta dasjnak-armenske styrkane. Denne koalisjonen braut derimot saman og vart erstatta av eit britisk-kontrollert styre kalla Det sentralkaspiske dikaturet i juli 1918. Britiske styrkar under general Dunsterville okkuperte Baku og hjelpte dei dasjnak-armenske styrkane med å forsvare hovudstaden. Baku fall derimot den 15. september 1918 og ein aserbajdsjank-tyrkisk arme gjekk inn i byen, noko som fekk dei britiske styrkane og det meste av den armenske folkesetnaden til å flykte. Det osmanske riket kapitulerte derimot den 30. oktober 1918 og den britiske okkupasjonsstyrken gjekk inn att i Baku.

Aserbajdsjan vart utropt til ein sekulær republikk og det første parlamentet opna den 5. desember 1918. Den britiske administrasjonen anerkjende først ikkje republikken, men samarbeidde i det stille med dei. Midtvegs i 1919 hadde situasjonen i Aserbajdsjan vorte meir eller mindre stabil og dei britiske styrkane forlet landet i august 1919. Tidleg i 1920 rykte derimot bolsjevikane fram, etter å ha sigra i den russiske borgarkrigen og truga den unge republikken, som òg var i krig med Armenia om Karabakh.

Aserbajdsjan vart de facto anerkjent av dei allierte som ein sjølvstendig nasjon i januar 1920 under fredeskonferansen i Paris. Republikken vart styrt av fem råd, alle forma av ein koalisjon av Musavat og andre parti, som den sosialistiske blokka, dei sjølvstendige, dei liberale og det sosialdemokratiske partiet Hummat og det konservative Ittihad. Førsteminister i dei første tre råda var Fatali Khan Khoyski; og i dei siste to Nasib Yusifbeyli. Presidenten for parlamentet, Alimardan Toptsjubasjev, vart anerkjend som statsleiar. Som statsleiar representerte han Aserbajdsjan under fredsforhandlingane i Paris i 1919.

Med støtte av aserbajdsjanske dissidentar i det republikanske styret, invaderte den raude armeen Aserbajdsjan den 28. april 1920. Mesteparten av den nyoppretta aserbajdsjanske hæren var oppteken med å slå ned eit armensk opprør som nettopp hadde brote ut i Karabakh. Aserbajdsjanarane overgav seg ikkje lett, og så mange som 20 000 døydde i det som i røynda var ei russisk gjenerobring av landet.[38] Innføringa av Den aserbajdsjanske sovjetiske sosialistrepublikken vart gjort lettare av det var ei viss støtte for bolsjevikane i Aserbajdsjan, særleg hos industriarbeidarane i Baku.[39] Same dagen vart eit sovjetisk styre danna under Nariman Narimanov. Før året var omme, hadde Armenia møtt same lagnad, og i mars 1921 Georgia òg.

Sovjetisk Aserbajdsjan[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Aserbajdsjan SSR og Aserbajdsjan under andre verdskrigen.
Første bygningen til Den demokratiske republikken Aserbajdsjan i Ganja

Etter at den nasjonale regjeringa overgav seg til bolsjevikane utan kamp, vart Aserbajdsjan erklært ein sovjetisk sosialistrepublikk den 28. april 1920. Kort tid etter vart kongressen for folket i austen halden i september 1920 i Baku. Sjølv om Aserbajdsjan SSR formelt sett var ein sjølvstendig stat, var dei avhengig av og kontrollerte av regjeringa i Moskva. Han vart innlemma i Transkaukasiske SFSR i lag med Armenia og Georgia i mars 1922. Med ein avtale signert i desember 1922, vart TSFSR ein av dei fire originale republikkane i Sovjetunionen. TSFSR vart oppløyst i 1936 og dei tre regionane vart igjen eigne republikkar i Sovjetunionen.

Som andre unionsrepublikkar, vart Aserbajdsjan råka av utreinskingane til Stalin i 1930-åra. I denne perioden, stundom kalla «den raude terroren», vart tusenvis av folk drepne, mellom anna kjende aserbajdsjanarar som Huseyn Javid, Mikail Mushvig, Ruhulla Akhundov, Ayna Sultanova og andre. Leiaren for utreinskingane i Aserbajdsjan var Mir Jafar Baghirov, den første sekretæren i Kommunistpartiet i Aserbajdsjan, som følgde ordrane til Stalin utan spørsmål. Det spesielle målet hans var dei intellektuelle, men han tok òg kommunistleiarar som hadde sympatiar med opposisjonen eller som kunne ha lent seg mot pan-turkisme eller hadde kontaktar i opprørsrørsla i Iran og Tyrkia.

I 1940-åra forsynte Aserbajdsjan SSR mykje av Sovjetunionen med gass og olje under krigen mot Nazi-Tyskland og var derfor ein strategisk viktig region. Den tyske invasjonen av Sovjetunionen i juni 1941 nådde Store Kaukasus i juli 1942, men tyskarane gjekk aldri inn i Aserbajdsjan. Mange aserbajdsjanarar kjempa i den sovjetiske armeen (kring 600–800 000) og den aserbajdsjanske generalmajor Azi Aslanov vart to gonger æra som helt av Sovjetunionen. Kring 400 000 aserbajdsjanarar omkom i andre verdskrigen. Tyskarane hadde òg eit mislukka forsøk på å samarbeide med politiske emigrantar som Mammed Amin Rasulzade.

Ei av-stalinisering og betre tilhøve etter 1950-åra førte til betre utdanning og velferd i det meste av Aserbajdsjan. Dette skjedde samstundes med ei rask urbanisering og industrialisering. I denne perioden vart ei ny bølgje med russifisering utført for å slå alle innbyggjarane i Sovjetunionen saman til ein ny einskapleg sovjetisk nasjon.

I 1960-åra byrja ein å sjå teikn på sturkturkriser i det sovjetiske systemet. Den viktige oljeindustrien i Aserbajdsjan vart mindre viktig for sovjetisk økonomi, delvis fordi andre område av Sovjetunionen starta å produsere olje og delvis fordi dei kjende oljeressursane på land byrja å verte tomme, medan ein såg det som for dyrt å starte oljeboring til havs. Som følgje av dette hadde Aserbajdsjan den lågaste veksten i produktivitet og økonomisk utbytte av sovjetrepublikkane, med unntak av Tadsjikistan. Etniske spaningar, særleg mellom armenarar og aserbajdsjanarar byrja å gro, men valden vart undertrykt.

I eit forsøk på å stoppe den aukande strukturkrisa utpeikte regjeringa i Moskva i 1969 Heydar Aliyev som førstesekretær for Det aserbajdsjanske kommunistpartiet. Aliyev betra mellombels dei økonomiske tilhøva og starta alternative industriar, som bomull. Han samla òg den herskande eliten i republikken, som no bestod nesten utelukkande av etniske aserbajdsjanarar, og vende dermed om russifiseringsprosessen som hadde starta nokre år tidlegare. I 1982 vart Aliyev medlem av kommunistpartiet i Moskva, den høgaste stillinga det var mogeleg for ein aserbajdsjanar å få i Sovjetunionen. I 1987, då perestrojka starta, vart han tvungen til å gå av av den sovjetiske leiaren Mikhail Gorbatsjov, som Aliyev var politisk usamd med.

Seint i 1980-åra var det aukande uro i Kaukasus, først om Nagorno-Karabakh-saka. Ei politisk oppvakning skjedde i februar 1988 med ei fornying av den etniske konflikten, der Armenia ønskte å innlemme den aserbajdsjanske Nagorno-Karabakh autonome oblast i Armenske SSR. Armenarane dreiv ut hundretusenvis av aserbajdsjanarar frå Karabakh og Armenia i mars 1988, medan pogromar av den armenske folkesetnaden i Baku og Sumgait fann stad. Russland påførte militærstyre ved fleire høve, men uroa heldt fram å spreie seg.

Den etniske striden synte at Kommunistpartiet ikkje kunne hamle opp med nasjonale interesser og med glasnost-anda, byrja sjølvstendige publikasjonar og politiske organisasjonar å tre fram. Av desse organisasjonane var den klårt viktigaste Populærfronten i Aserbajdsjan (PFA), som hausten 1989 var klar til å ta over makta frå Kommunistpartiet. PFA vart derimot raskt splitta av ein konservativ islamsk ving og ein moderat ving. Splittinga vart etterfølgd av eit utbrot av vald mot armenarar i Baku og sovjetiske soldatar som gjekk imellom.

Uroa kulminerte i valdeleg konfrontasjon då sovjetiske soldatar drap 132 sivile i Baku den 20. januar 1990. Aserbajdsjan erklærte seg sjølvstendig frå Sovjetunionen den 30. august 1991 og vart ein del av Samveldet av sjølvstendige statar. Mot slutten av 1991 hadde kampane i Nagorno-Karabakh eskalert til full krig, som enda med ein spent våpenkvile som framleis varer per 2012. Sjølv om ein oppnådde våpenkvile, har begge sidene nekta å forhandle sidan armenske soldatar framleis held stillingane sine i Karabakh samt korridorar som knyter enklaven til Armenia.

Sjølvstendige Aserbajdsjan[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå politikk i Aserbajdsjan.

President Mutalibov (1991-1992)[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Aserbajdsjan i 1990-1991 kanskje ofra meir i kampen for sjølvstende frå Sovjetunionen enn nokon annan sovjetrepublikk, vart sjølvstendet innført av president Ayaz Mutalibov den 30. august 1991 etterfølgd av det sovjetiske kuppforsøket i 1991. Mütallibov vart den einaste sovjetleiaren utanom Zviad Gamsakhurdia som støtta det sovjetiske kuppforsøket med å sende ut ei melding frå Teheran, sjølv om han seinare oppløyste Kommunistpartiet i Aserbajdsjan og føreslo grunnlovsendringar for direkte landsdekkjande presidentval.

Den 8. september 1991 vart det første presidentvalet i landet halde, der Mutalibov var den einaste kandidaten. Valet var verken fritt eller rettferdig ut frå internasjonale standardar og Mutalibov vart formelt den valde presidenten i Aserbajdsjan. Då Øvste sovjet av Aserbajdsjan SSR godkjende sjølvstendeerklæringa den 18. oktober 1991, vart Det aserbajdsjanske kommunistpartiet oppløyst. Dei tidlegare medlemmane i partiet, inkludert president Ayaz Mutalibov heldt dei politiske stillingane sine.

I desember 1991 vart det halden ei landsdekkjande folkeavstemming der aserbajdsjanarane støtta sjølvstendeerklæringa og med oppløysinga av Sovjetunionen vart Aserbajdsjan anerkjent som sjølvstendig stat, først av Tyrkia, Israel, Romania og Pakistan.

Samstundes heldt konflikten om Nagorno Karabakh fram, trass i forsøk på fredsforhandlingar. Tidleg i 1992 utropte det armenske leiarskapet i Karabakh ein sjølvstendig republikk. I det som no var full krig mellom Armenia og Aserbajdsjan fekk armenarane overtaket, med støtte frå den russiske hæren. Begge sider deltok i grusame handlingar, som Khojaly-massakren av sivile aserbajdsjanarar den 25. februar 1992, som førte til opprør over at regjeringa ikkje føretok seg noko. Mütallibov vart tvungen til å tre av for Den aserbajdsjanske nasjonalforsamlinga den 6. mars, etter press frå Den aserbajdsjanske populærfronten.

Mutalibov hadde ikkje bygd ein god nok hær, for han frykta han ville miste kontroll over hæren, og dette førte til at styret hans vart styrta. Den 6. mai fall den siste byen med aserbajdsjansk folkesetnad i Nagorno-Karabakh, Shusha, til armenarane. Den 14. mai var Khojaly-massakren til høyring i Det aserbajdsjanske høgsterådet og Mütallibov vart friteken for alt ansvar og gjeninnsett som president, men dagen etter, 15. mai, tok armerte styrkar leia av Den aserbajdsjanske populærfronten kontroll over kontora i Det aserbajdsjanske parlamentet og Aserbajdsjanske statsradio og televisjon, og avsette dermed Mütallibov, som reiste til Moskva. Høgsterådet i Aserbajdsjan vart oppløyst og overlet oppgåvene sine til Den aserbajdsjanske nasjonalforasmlinga likt representert av medlemmar av Den aserbajdsjanske populærfronten og tidlegare kommunistar. To dagar seinare tok armenske styrkar kontroll over Lachin, Isa Gambar vart vald til ny formann i Nasjonalforsamlinga og vart mellombels aserbajdsjansk president fram til det nye valet vart halde 17. juni 1992.

President Elchibey (1992-1993)[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegare kommunistane klarte ikkje å finne ein dugande kandidat til presidentvalet i 1992 og Abulfaz Elchibey, leiaren for Den aserbajdsjanske populærfronten (PFA) og tidlegare dissident og politisk fange, vart vald til president med meir enn 60 % av stemmene. I programmet sitt var han mot medlemskap i Samveldet av uavhengige statar, nærare tilknyting til Tyrkia og eit ønske om å knyte nærare band til iranske aserbajdsjanarar.

Heydar Aliyev, som hadde vorte hindra i å stille til president på grunn av ei aldersgrense på 65 år, gjorde det godt i Nakhichevan. Han måtte kjempe mot ein armensk blokade av Nakichevan, men Armenia leid av at Aserbajdsjan stoppa all jernbanetrafikk inn og ut av Armenia og skar av dei fleste sambanda mellom landet og verda utanfor. Dei negative økonomiske effektane av den armensk-aserbajdsjanske konflikten såg ut til å illustrere kor avhengige nasjonane i Kaukasus var av kvarandre.

I løpet av eit år etter valet sitt, måtte president Elchibey møte den same situasjonen som hadde ført til at Mutalibov måtte gå av. Kampane i og kring Nagorno Karabakh gjekk stadig i favør av Armenia, som erobra kring ein femtedel av territoriet til Aserbajdsjan og førte til at meir enn ein million innbyggjarar måtte flytte. Eit militært opprør mot Abulfaz Elchibey braut ut tidleg i juni 1993 i Ganja leia av obserst Surat Huseynov. Leiarskapen i Den aserbajdsjanske populærfronten var brått utan politisk støtte som følgje av tilbakeslaga i krigen, ein stadig dårlegare økonomi og motstand frå grupper leia av Heydar Aliyev. I Baku tok Aliyev kontroll over makta og styrkte raskt stillinga si. Ei tillitsavstemming vart halden i august og Elchibey måtte gå av.

Heydar Aliyev (1993-2003)[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare president i Aserbajdsjan, Heydar Aliyev, var den første aserbajdsjanske medlemmen i Politburo.

Presidentvalet den 3. oktober 1993 vart ein knusande siger for Aliyev. I mars 1994 klarte Aliyev å kvitte seg med nokre av motstandarane sine, inkludert Surat Huseynov, som vart arrestert i lag med andre rivalar. I 1995 vart det tidlegare militærpolitiet skulda for å ha planlagt eit kupp og vart oppløyst. Kupplanleggarane vart linka til MHP-vingen av tyrkiske nasjonalistar. Seinare, i 1996, drog Rəsul Quliyev, tidlegare talar i parlamentet, i eksil. Så mot slutten av 1996 styrte Heydar Aliyev Aserbajdsjan som absolutt herskar.

Etter nokre mindre reformer og signeringa av den såkalla «Hundreårskontrakten» i oktober 1994 (om det enorme oljefeltet Azeri-Chirag-Guneshli) som førte til auka oljeeksport til vestlege marknader, byrja økonomien og betre seg. Dei ekstreme nivåa av korrupsjon og nepotisme i statssystemet skapt av Aliyev, hindra Aserbadsjan frå ei meir berekraftig utvikling, særleg i sektorar som ikkje hadde med petroleumsindustrien å gjere.

I oktober 1998 vart Aliev vald på ny som president. Den svekka opposisjonen skulda han for valfusk, men valet vart ikkje fordømd internasjonalt. Den andre perioden hans var prega av mindre reformer, auka oljeproduksjon og dominansen til British Petroleum som det største utanlandske oljeselskapet i Aserbajdsjan. Tidleg i 1999 vart det enorme Shah Deniz-gassfeltet oppdaga og gjorde Aserbajdsjan til ein potensiell storleverandør av gass. Ein gasseksportavtale vart signert med Tyrkia i 2003. Arbeidet på den etterlengta Baku-Tbilisi-Ceyhan-røyrleidninga og Baku-Tbilisi-Erzerum-gassrøyrleidninga vart starta i 2003. Oljerøyrleidninga stod ferdig i 2005 og gassrøyrleidninga i 2006. Aserbajdsjan er òg delaktig i den planlagde Nabucco-røyrleidninga.

Ilham Aliyev

Heydar Aliyev vart sjuk, og i april 2003 kollapsa han på scenen og kunne ikkje lenger delta i det offentlege. Sommaren 2003 vart han lagt inn på sjukehus i USA, der han vart erklært død 12. desember 2003.

Ilham Aliyev (2003)[endre | endre wikiteksten]

I nok eit kontroversielt presidentval, vart sonen Ilham Aliyev vald til president same året. Valet var prega av massevald og vart kritiserte av utanlandske observatørar. Kort tid etter var den politiske motstanden mot Alyev-administrasjonen sterk. Mange var misnøgd med den dynastiske suksesjonen og pressa på for eit meir demokratisk styre. Ilham Aliyev vart gjenvalt i 2008 med 87 % av stemmene, medan opposisjonen boikotta valet. I ei folkeavstemming i 2009 vart grensa for der lenge presidenten kunne sitte avskaffa og trykkefridomen var innskrenka.

Det aserbajdsjanske paralmentsvalet i 2010 danna eit parlament som var fullstendig lojale til Aliyev. For første gong i aserbajdsjansk historie vart ingen medlemmar av opposisjonen frå partia Den aserbajdsjanske populærfronten eller Musavat valt. The Economist merka Aserbajdsjan som eit autoritært regime og plasserte det på 135. plass på ei demokrati-indeks liste av 167 land.

I 2011 oppstod protestaksjonar mot styret til Aliyev og eit ønske om demokratiske reformer og eit nytt styre. Aliyev svarte med strenge tryggingsrestriksjonar og nytta makt til å knuse forsøka på opprør i Baku, og nekta å gjere konsesjonar. Godt over 400 aserbajdsjanarar har vorte arresterte etter protestane starta i mars 2011.[40] Opposisjonsleiarar, som Isa Gambar i Musavat, har sagt at demonstrasjonane vil halde fram, sjølv om politiet har hatt få vanskar med å stoppe protestaksjonar så snart dei har byrja.[41]

Den 24. oktober 2011 vart Aserbajdsjan vald inn som ikkje-permanent medlem i Tryggingsrådet i SN.[42][43]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Seyahatname av Evliya Çelebi (1611–1682)
  2. Mark Elliot (2004). Azerbaijan (3. utg.). Surrey i Storbritannia: Trailblazer Publications. ISBN 1-873756-79-8. 
  3. Historical Dictionary
  4. AserbajdsjanUS Library of Congress Country Studies.
  5. "Armenia-Ancient Period"US Library of Congress Country Studies
  6. Strabo, "Geography"Perseus Digital Library, Tufts University.
  7. Historical Dictionary s. 38
  8. James Stuart Olson. An Ethnohistorical Dictionary of the Russian and Soviet Empires. ISBN 0313274975
  9. Encyclopaedia Britannica: The list of provinces given in the inscription of Ka'be-ye Zardusht defines the extent of the empire under Shapur, in clockwise geographic enumeration: (1) Persis (Fars), (2) Parthia, (3) Susiana (Khuzestan), (4) Maishan (Mesene), (5) Asuristan (southern Mesopotamia), (6) Adiabene, (7) Arabistan (northern Mesopotamia), (8) Atropatene (Aserbajdsjan), (9) Armenia, (10) Iberia (Georgia), (11) Machelonia, (12) Albania (eastern Caucasus), (13) Balasagan up to the Caucasus Mountains and the Gate of Albania (also known as Gate of the Alans), (14) Patishkhwagar (all of the Elburz Mountains), (15) Media, (16) Hyrcania (Gorgan), (17) Margiana (Merv), (18) Aria, (19) Abarshahr, (20) Carmania (Kerman), (21) Sakastan (Sistan), (22) Turan, (23) Mokran (Makran), (24) Paratan (Paradene), (25) India (probably restricted to the Indus River delta area), (26) Kushanshahr, until as far as Peshawar and until Kashgar and (the borders of) Sogdiana and Tashkent, and (27), on the farther side of the sea, Mazun (Oman)
  10. "Albania"Encyclopaedia Iranica, vol. I, s. 807.
  11. "Voices of the Ancients: Heyerdahl Intrigued by Rare Caucasus Albanian Text" by Dr. Zaza Alexidze Arkivert 2009-01-17 ved Wayback Machine. – Aserbajdsjan International, Summer 2002
  12. "Islamic Conquest."
  13. s. 385–386
  14. Hewsen, Robert H., Ethno-History and the Armenian Influence upon the Caucasian Albanians, in: Samuelian, Thomas J. (Hg.), Classical Armenian Culture. Influences and Creativity, Chico: 1982, 27–40.
  15. 15,0 15,1 Vladimir Minorsky. A History of Sharvān and Darband in the 10th–11th Centuries.
  16. Sjå Strabo, Geography, 11.5 (engelsk utg. H.C. Hamilton, Esq., W. Falconer, M.A.); også Pliny the Elder, The Natural History, (red. John Bostock, Henry Thomas Riley).
  17. Hewsen, Robert H. Armenia: a Historical Atlas. Chicago, Illinois: University of Chicago Press, 2001
  18. M. Chaumont, "Albania, Ancient country in Caucasus" Encyclopaedia Iranica
  19. Moses Khorenatsi. History of the Armenians, translated from Old Armenian by Robert W. Thomson. Harvard University Press, 1978
  20. Movses Kalankatuatsi. History of the Land of Aluank, translated from Old Armenian by Sh. V. Smbatian. Yerevan: Matenadaran (Institute of Ancient Manuscripts), 1984
  21. Historical Dictionary s. 71
  22. Historical Dictionary s. 20
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 Barthold, W., C.E. Bosworth "Shirwan Shah, Sharwan Shah". Encyclopaedia of Islam Edited by: P. Bearman, Th. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel and W.P. Heinrichs. Brill, 2nd edition
  24. Tadeusz Swietochowski. Russia and Azerbaijan: A Borderland in Transition, Columbia University, 1995, s. 2, ISBN 0231070683: "In the fifteenth century a native Azeri state of Shirvanshahs flourished north of the Araxes."
  25. Balland, D. «ĀŠRAF ḠILZAY». Encyclopædia Iranica. Henta 11. april 2012. 
  26. Świętochowski, Tadeusz; Collins, Brian C. (1999). Historical dictionary of Azerbaijan. Scarecrow Press. s. 4. ISBN 0-810-83550-9. Henta 11. april 2012. 
  27. Buttino, Marco; Świętochowski, Tadeusz (1993). In a collapsing empire: underdevelopment, ethnic conflicts and nationalisms in the Soviet Union, Volume 28. Feltrinelli Editore. s. 189. ISBN 8-807-99048-2. Henta 11. april 2012. 
  28. «Azerbaijan». Encyclopædia Iranica. Henta 11. april 2012. «This new entity consisted of the former Iranian Khanates of Arrān, including Karabagh, Baku, Shirvan, Ganja, Talysh (Ṭāleš), Derbent (Darband), Kuba, and Nakhichevan (Naḵjavān), which had been annexed to Russland by the treaties of Golestān (1813) and Torkamānčāy (1828) under the rubric of Eastern Transcaucasia.» 
  29. Encyclopaedia Britannica Online: History of Azerbaijan
  30. Avery, Peter; Hambly, Gavin (1991). The Cambridge History of Iran. Cambridge University Press. s. 126. ISBN 0521200954. «Agha Muhammad Khan could now turn to the restoration of the outlying provinces of the Safavid Kongedømet. Returning to Tehran in the spring of 1795, he assembled a force of some 60,000 cavalry and infantry and in Shawwal Dhul-Qa'da/May, set off for Azarbaijan, intending to conquer the country between the rivers Aras and Kura, formerly under Safavid control. This region comprised a number of independent khanates of which the most important was Qarabagh, with its capital at Shusha; Ganja, with its capital of the same name; Shirvan across the Kura, with its capital at Shamakhi; and to the north-west, on both banks of the Kura, Christian Georgia (Gurjistan), with its capital at Tiflis.» 
  31. Baddeley, John Frederick (1908). The Russian Conquest of the Caucasus. Harvard University: Longmans, Green and Co. s. 71. «Potto sums up Tsitsianoff's achievements and character as follows: "In the short time he passed there (in Transcaucasia) he managed to completely alter the map of the country. He found it composed of minutely divided, independent Muhammadan States leaning upon Persia, namely, the khanates of Baku, Shirvan, Shekeen, Karabagh, Gandja and Erivan (Revan till 1828)..."» 
  32. 32,0 32,1 Bertsch, Gary Kenneth (2000). Crossroads and Conflict: Security and Foreign Policy in the Caucasus and Central Asia. Routledge. s. 297: "Shusha became the capital of an independent "Azeri" khanate in 1752 (Azeri in the sense of Muslims who spoke a version of the Turkic language we call Azeri today).". ISBN 0415922739. 
  33. 33,0 33,1 Cornell, Svante (2001). Small Nations and Great Powers: A Study of Ethnopolitical Conflict in the Caucasus. Routledge. ISBN 0700711627. 
  34. "Azerbaijan" Encyclopædia Britannica Online
  35. Nafziger, E. Wayne; Stewart, Frances; Väyrynen, Raimo (2000). War, Hunger, and Displacement: The Origins of Humanitarian Emergencies. Oxford University press. s. 406. ISBN 0198297394. 
  36. Kashani-Sabet, Firoozeh (May). «Fragile Frontiers: The Diminishing Domains of Qajar Iran». International Journal of Middle East Studies 29 (2): 210. «In 1795, Ibrahim Khalil Khan, the wali of Qarabagh, warned Sultan Selim III of Aqa Muhammad Khan's ambitions. Fearing for his independence, he informed the Sultan of Aqa Muhammad Khan's ability to subdue Aserbajdsjan and later Qarabagh, Erivan, and Georgia.» 
  37. Tadeusz Swietochowski, Russia and Azerbaijan. A Borderland in Transition. New York: Columbia University Press, 1995
  38. Hugh Pope, Sons of the conquerors: the rise of the Turkic world, New York: The Overlook Press, 2006, p. 116, ISBN 1-58567-804-X
  39. Svante Cornell. "Undeclared War-The Nagorno-Karabakh Conflict Reconsidered", Journal of South Asian and Middle Eastern Studies, vol. 20, no. 4, Fall 1997
  40. McGuinness, Damien (24 april 2011). «Azerbaijan cracks down hard on protests». BBC News. Henta 12. april 2012. 
  41. Schwirtz, Michael (4 april 2011). «Opposition in Azerbaijan Vows to Step Up Protests». The New York Times. Henta 12. april 2012. 
  42. Worship, Patrick (12. april 2012). «Azerbaijan elected to U.N. Security Council». Reuters. Arkivert frå originalen 3. april 2015. Henta 24 oktober 2011. 
  43. «Azerbaijan on UN council after Slovenia drops bid». Huffington Post. Henta 12. april 2012. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Altstadt, Audrey. The Azerbaijani Turks: Power and Identity Under Russian Rule (Aserbajdsjan: Hoover Institution Press, 1992).
  • Ashurbeyli, S. "History of Shirvanshahs" Elm 1983, 408 (in Azeri)
  • Goltz, Thomas. "Azerbaijan Diary: A Rogue Reporter`s Adventures in an Oil-Rich, War-Torn, Post-Soviet Republic".M.E. Sharpe (1998). ISBN 0-7656-0244-X
  • Gasimov, Zaur: The Caucasus, European History Online, Mainz: Institute of European History, 2011, retrieved: november 18, 2011.
  • Kalankatu, Moisey (Movses). The History of Caucasian Albanians. transl by C. Dowsett. London oriental series, vol 8, 1961 (School of Oriental and African Studies, Univ of London)
  • At Tabari, Ibn al-Asir (trans by Z. Bunyadov), Baku, Elm, 1983?
  • Jamil Hasanli. At the Dawn of the Cold War: The Soviet-American Crisis Over Iranian Aserbajdsjan, 1941–1946, (Rowman & Littlefield; 409 pages; $75). Discusses the Soviet-backed independence movement in the region and argues that the crisis in 1945–46 was the first event to bring the Soviet Union in conflict with the United States and Britain after the alliance of World War II
  • Momen, M. An Introduction to Shii Islam, 1985, Yale University Press 400 p
  • Shaffer, B. Borders and Brethren: Iran and the Challenge of Aserbajdsjani Identity (Cambridge: MIT Press, 2002).
  • Swietochowski, Tadeusz. Russia and Azerbaijan: Borderland in Transition (New York: Columbia University Press, 1995).
  • Van der Leew, Ch. Azerbaijan: A Quest for Identity: A Short History (New York: St. Martin's Press, 2000).
  • History of Azerbaijan Vol I-III, 1960 Baku (russisk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]