Jon Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jon Anderson
Jon Anderson with ukulele 2.jpg
Jon spelar i São Paulo i desember 2011
Verkeleg namn John Roy Anderson
Fødd 25. oktober 1944 (69 år), Accrington, Lancashire, England
Instrument Vokal, tangentinstrument, perkusjon, harp, gitar
Sjanger Progressiv rock, symfonisk rock, poprock, New Age
Aktive år 1963 til i dag
Yrke Vokalist, tekstforfattar, låtskrivar, målar, gitarist, harpist
Tilknytte artistar Yes, The Warriors, Jon & Vangelis, Anderson Bruford Wakeman Howe, King Crimson
Plateselskap Atlantic, Polydor, Elektra, Columbia, Angel, Windham Hill, Higher Octave, Eagle, Cleopatra, Voiceprint, Wounded Bird

John Roy «Jon» Anderson (fødd 25. oktober 1944) er ein engelsk songar og låtskrivar, som er mest kjend som tidlegare vokalist i progressiv rock-bandet Yes. Han har òg hatt ein suksessrik solokarriere og har mellom andre samarbeidd med den greske musikaren Vangelis.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Anderson fekk den første songopplæringa si som born då han var medlem av det lokale kyrkjekoret. I 1962 danna han bandet The Warriors, som seinare vart omdøypt til The Electric Warriors, der han delte vokalist-jobben saman med broren Tony. Han forlét denne gruppa i 1967 og gav ut to solo-singlar i 1968 under pseudonymet Hans Christian Anderson. I 1968 vart han med i gruppa Mabel Greer's Toyshop der Chris Squire og Peter Bank sin òg spelte.

Yes[endre | endre wikiteksten]

Jon Anderson med Yes i 1978.
Anderson i Vicenza 29. november 2007.

Sommaren 1968 grunnla han saman med Chris Squire, Peter Banks, Bill Bruford og Tony Kaye det progressive rockebandet Yes. Debutalbumet til Yes vart gjeve ut i 1969 og Anderson var vokalist og frontfigur i bandet fram til 1979, altså i den perioden som seinare vart rekna som den «klassiske Yes-perioden». Anderson var ein sentral kreativ kraft i Yes og vart rekna som leiaren til gruppa medan han sjølv omtalte seg som «lagkaptein», sikkert inspirert av den tidlegare karrieren sin som fotballspelar i Accrington Stanley FC. Anderson er kjent som ein av opphavsmennene til produksjon til Yes av ei rekkje episke verk frå denne tida.

Etter eit mislukka forsøk på å spele inn eit nytt album med Yes i 1979, slutta Anderson og Wakeman i bandet. Dei gjenverande medlemmane avgjorde seg for å fortsetje, og fann ein ny vokalist og ein klvarspelar og gav ut albumet Drama i 1980, det einaste Yes-albumet utan Anderson. Han var sentral i gjenopplivinga av Yes i 1983 med ei noko anna besetning enn på 1970-talet og dei hadde eit salsmessig vellukka album, 90125, og albumet Big Generator vart utgjeve i 1987 utan dei same salstala. I 1988 forlét han igjen gruppa då han synest han utvikla seg altfor mykje i ein «mainstream-retning» og at han streva for mykje med å vere «radiovenleg».

Han danna i staden gruppa Anderson Bruford Wakeman Howe (ABWH) i 1989 saman med tidlegare kollegaer frå Yes, der òg bassisten Tony Levin deltok. Levin hadde på dette tidspunktet spelt saman med trommeslagar Bill Bruford i King Crimson. Denne gruppa gav ut eit sjølvtitulert musikalsk suksessfullt album, men etter ei rekkje management og plateselskaps-innblandingar enda det med at denne gruppa vart slått saman med det attverande Yes, som etter at Anderson slutta mangla vokalist. Denne åtte-mann store gruppa gav ut albumet Union under namnet Yes. Dette albumet bestod av ei rekkje tidlegare innspelingar dei to banda hadde gjort kvar for seg, med vokal lagt på i etterkant av Anderson. Dei hadde ein vellukka turné men denne storband-versjonen av Yes spelte ikkje inn noko saman, og gruppa vart splitta i 1992.

Yes som gruppe vart vidareført med besetninga frå 90125 og Big Generator, og gav ut albumet Talk i 1994. I 1996 fekk Anderson med seg Howe, Wakeman, White og Squire med seg på ein ny start for Yes. Seinare har gruppa enno med skiftande besetning. På grunn av sjukdom vart han hindra i å delta på turneen In the Present i 2008–2009 med Yes, og den canadiske songaren Benoît David vart henta inn som mellombels erstattar for Anderson. I oktober 2009 vart det annonsert at David offisielt var den nye vokalisten til bandet.

Anderson vart kalla «Napoleon» av dei andre bandmedlemmene i Yes på grunn av den låge veksten sin og og sentrale leiarstillinga i bandet. Hans eksperimentelle haldning skapte ofte konfliktar internt i bandet og med managementet.

Jon & Vangelis[endre | endre wikiteksten]

Anderson fortsette karrieren då han forlét Yes etter 1979 som den eine halvdelen i duoen Jon & Vangelis saman med den greske musikaren, komponisten og klaverspelaren Vangelis. På første halvdelen av 1980-talet gav Jon & Vangelis ut ei rekkje album, der særleg songane er blant anna «He Is Sailing», «I Hear You Now» og «I'll Find My Way Home» er blant dei mest kjende.

Røyst[endre | endre wikiteksten]

Jon Anderson er særleg kjent for den karakteristiske høge stemma som ikkje er falsett, men det naturlege stemmeleiet hans. Denne ligg nær ei alt-stemme, noko som er særs sjeldan for mannlege vokalistar. Stemma til Anderson er vorte kalla «engleaktig». Sjølv rekna han seg for å vere ei alt-tenor-stemme. Framføringa hans av songen «Owner of a Lonely Heart» er eit døme på den karakteristiske songteknikken hans der han blandar det naturlege stemmeleiet sitt med element av falsett og talestemme, som gjer at han nærmar seg mannleg kontratenor. Jo høgare i toneleiet han syng, destod meir falsett og mindre taleleie blir nytta, og omvendt.

Andre vokalistar som brukar denne teknikken er Steven Tyler frå Aerosmith, Roger Hodgson frå Supertramp, Sting frå The Police og Hugh Wilson frå Vertigo.

Tekstforfattar[endre | endre wikiteksten]

Anderson har skrive mykje av dei mystikar-orienterte tekstene og temaa i utgjevingane til Yes. Desse elementa har vore sentrale i framføringane til Yes, men dette har frå tid til annan òg framandgjort andre bandmedlemmer, særleg Bruford og Rick Wakeman, noko som medførde at desse forlét gruppa. Tekstene er inspirert av ulike forfattarar, som Leo Tolstoj sin Krig og fred (Gates of Delirium) og Hermann Hesse sin Siddhartha som skal vere inspirasjonskjelda til Close to the Edge. Fotnotar i Paramahansa Yogananda sin Autobiography of a Yogi inspirerte til Yes-albumet Tales from Topographic Oceans, som er hovudsakleg skrive av Anderson saman med Howe. Tema han kjem tilbake til er miljøvern, pasifisme og soldyrking.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Med Yes[endre | endre wikiteksten]

Som Anderson/Wakeman[endre | endre wikiteksten]

Som Jon and Vangelis[endre | endre wikiteksten]

Som Anderson Bruford Wakeman Howe[endre | endre wikiteksten]

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Med The Warriors:

  • "You Came Along" b/w "Don't Make Me Blue" (1964)
  • "Bolton Club 65" (1965)

Med Johnny Harris:

  • "All To Bring You Morning" (1969; 1973 + Howe et White)

Med King Crimson:

Med Iron Butterfly:

Med Vangelis:

Med Alan White:

  • Ramshackled (1976) på songen "Spring Song Of Innocence"

Med Mike Oldfield:

Med Rick Wakeman

  • 1984 (frå 1981) på songen "The Hymn"

I filmar:

  • Soundtrack – Metropolis (1984 – med Giorgio Moroder):
    • "Cage Of Freedom"
  • Soundtrack – Scream For Help (1985 – med John Paul Jones):
    • "Silver Train"
    • "Christie"
  • Soundtrack – St. Elmo’s Fire (1985):
    • "This Time It Was Really Right"
  • Soundtrack – Biggles (1986):
    • "Do You Want To Be A Hero"
    • "Chocks Away"

Med Tangerine Dream:

  • Loved By The Sun Legend soundtrack (1985)

Med Lawrence Gowan:

  • Moonlight Desires (1987)

Med Toto:

Med Anderson, Harley & Batt:

  • Whatever You Believe (1988)

Med Jonathan Elias:

  • Requiem for the Americas: Songs from the Lost World (1990)

Med Kitaro:

  • Dreams (1992)

Med London Philharmonic Orchestra:

Med Charlie Bisharat:

  • Along the Amazon (1993)

Med Ayman:

  • Dancing med My Soul (1994)

Med 7th Level:

Med Milton Nascimento:

  • Angelus (1994)

Med Cielo y Tierra:

  • Heaven And Earth (1996)

Med Steve Howe:

  • Portraits Of Bob Dylan på songen «Sad Eyed Lady Of The Lowlands» (1999)

Med Béla Fleck and the Flecktones:

  • "A Moment So Close" og "Aimun", på Outbound (2000)

Med 4 Him: Dove Awards Album (2002)

Med The Fellowship:

  • In Elven Lands (2006)

Med Dream Theater:

Med Tommy Zvoncheck:

  • ZKG (2008)

Med Peter Machajdik:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Interview on Outsight Radio Hours. Archive.org (10 mars 2001). Retrieved on 26 august 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jon Anderson