Voroninøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Voronina.PNG
Plasseringa til Voroninøya i Karahavet.

Voroninøya eller Voronina (russisk: Oстрова Воронина, Ostrova Voronina eller Oстров Воронина, Ostrov Voronina) er ei isolert øygruppe i Karahavet i Russland på to øyar, ei stor og ei smal lenger nord. Mellom dei to øyane ligg eit 3 km breitt sund.

Voroninøya er om lag 9 km lang og 6 km brei og er dekt av tundravegetasjon og is. Den nordlege øya er smal, om lag 5 km lang og berre litt meir enn 500 meter brei. Desse øyane ligg nordaust i Karahavet, om lag 130 km vest for Severnaja Zemlja og 72 km nordaust for Kirovaøya i Kirovøyane.

Havet omkring desse to øyane er dekt av pakkis om vinteren og det er mykje isflak sjølv om sommaren, som berre varer opp mot to månader. Klimaet er så hardt at det kan gå år mellom kvar gong farvatnet rundt øyane er ope.[1]

Øyane høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein yngleplass for isbjørn. Øyane er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Voroninøya er kalla opp etter kaptein Vladimir Voronin frå den sovjetiske marinen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. William Barr, Reinhard Krause og Peter-Michael Pawlik, The polar voyages of Captain Eduard Dallmann, whaler, trader, explorer 1830–96

Koordinatar: 78°14′N 93°41′E