Élisabeth Vigée Le Brun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1790

Louise-Élisabeth Vigée Le Brun, (16. april 175530. mars 1842) var ein fransk målar frå Paris. Ho måla i hovudsak portrett.

Le Brun laga tiltrekkande og idealiserte portrett, og var ei tid hoffmålar hos dronning Marie Antoinette. Under den franske revolusjonen i 1789 rømde Le Brun frå Frankrike. Ho arbeidde deretter i Russland, Italia og Storbritannia. Etter at Napoleon hadde kome til makta i Frankrike, vende ho tilbake til heimlandet. Ho besøkte Sveits i 1807, der ho i Genève vart vald til heidersmedlem i Société pour l'Avancement des Beaux-Arts.

Le Brun laga 660 portrettmåleri og 200 landskapsmåleri. Desse finst i private samlingar i Europa og USA, men også i store museum som Eremitasjen, National Gallery i London, Metropolitan Museum of Art i New York og National Gallery of Art i Washington, D.C..

Ho døydde i Louveciennes, 20 kilometer vest om Paris,

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Louise Élisabeth Vigée Le Brun

Kjelder[endre | endre wikiteksten]