Stjernebiletet Orion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orion
Orion
Orion
Latinsk namn Orion
Forkorting Ori
Genitivsform Orionis
Symbologi Eldgammalt, «den store jegeren»
Rektasensjon 5 h
Deklinasjon
Areal 594 kvadratgrader
nr. 26 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
8
Sterkaste stjerne Rigel (β Orionis) (0,12. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +85° og −75°

Orion (frå latin Orion) er eit dominerande stjernebilde rundt ekvatorhimmelkvelvinga. Figuren har fått namnet sitt etter den greske mytologiske helten Orion.

Bilde av Orion.
Foto: Mouser Williams

Dei tre stjernene som ligg i ei rett line midt i stjernebiletet er kjende som Orions belte. Dei har i skandinavisk tradisjon blitt kalla Jakobsstaven. Dei mest lyssterke stjernene er Rigel (Beta Orionis) og Betelgeuse (Alfa Orionis), ei blåkvit og ei raud superkjempe. Mange av dei andre lyssterke stjernene i stjernebiletet er varme, blå superkjempestjerner. Oriontåka ligg sør for Orionsbeltet.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Orion grensar til Tyren i nordvest, Floda i sørvest, Haren i sør, Einhyrningen i aust og Tvillingane i nordaust. Det dekkjer 594 kvadratgrader og er det 26. største av dei 88 stjernebileta. Grensene til stjernebiletet vart fastsett av Eugène Delporte i 1930, og er definert av ein polygon med 26 sider.

Orion er best synleg på kveldshimmelen frå januar til mars,[1] og i tropane (mindre enn 8° frå ekvator) kryssar stjernebiletet senit.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Orion avbilda i Urania's Mirror, ei samling kort med stjernebilete frå London kring 1825.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

  • Betelgeuse, med Bayernemninga Alfa Orionis, er ei massiv klasse M raud superkjempe som er nær slutten av livet. Når ho eksploderer vil ho vere synleg sjølv på dagen. Ho er den nest mest lyssterke stjerna i Orion og er ei halvregulær variabel stjerne. Ho er den «høgre skuldra» til Orion og den 11. mest lyssterke stjerna på nattehimmelen.[2]
  • Rigel, eller Beta Orionis, er ei klasse B blå superkjempe som er den sjette mest lyssterke stjerna på nattehimmelen. Ho liknar på Betelgeuse og er no på eit stadie der tunge grunnstoff vert fusjonert i kjernen og ho vil gå over til ei superkjempe i løpet av kort tid (astronomisk sett) og anten kollapse som ein supernova eller kasta dei ytre laga og bli ein kvit dverg. Ho er plassert som venstrefoten til Orion.
  • Bellatrix, eller Gamma Orionis, òg kalla «Amasonestjerna», er den 26. mest lyssterke stjerna på nattehimmelen.[3] Bellatrix vert rekna som ei klasse B blå kjempe, men er for liten til å bli ein supernova. Lysstyrken til Bellatrix kjem av den høge temperaturen og ikkje diameteren, ein faktor som definerer Betelgeuse. Bellatrix er den venstre skuldra til Orion.
  • Mintaka eller Delta Orionis, er den mest lyssvake av dei tre stjernene i Orions belte.[4] Namnet tyder «Beltet til giganten».[5] Ho er eit fleirstjernesystem, som består av ei stor klasse B blå kjempe og ei meir massiv klasse O kvit stjerne. Mintaka-systemet består av ei formørkande dobbeltstjerne, der den eine stjerna formørkar den andre. Mintaka er den vestlegaste av dei tre stjernene i Orions belte,[4] i tillegg til den nordlegaste.[5]
Kart over Orion
  • Alnilam, eller Epsilon Orionis, er ei klasse B blå superkjempe. Trass i at ho er nesten dobbelt så langt frå sola som Mintaka og Alnitak, dei to andre stjernene i beltet, er lysstyrken nesten like stor når det kjem til storleiksklassen. Alnilam taper masse raskt på grunn av storleiken og ho er berre kring fire millionar år gammal.[6]
  • Alnitak, eller Zeta Orionis, er den austlegaste stjerna i Orions belte. Ho er ei trippelstjerne som ligg 800 lysår unna, der primærstjerna er ei varm, blå superkjempe og den mest lyssterke klasse O-stjerna på nattehimmelen.
  • Saiph, eller Kappa Orionis, tener som høgrefoten til Orion. Ho har liknande storleik og avstand som Rigel, men skin ikkje like sterkt, sidan den høge overflatetemperaturen (26 000 °C) får ho til å stråle ut det meste av lyset i den ultrafiolette delen av spekteret.
Namn Solradien Tilsynelatande storleik ~Avstand
(lysår)
  Betelgeuse     667       0.43    643
  Rigel     78       0.18    772
  Bellatrix     7.0       1.62    243
  Mintaka     ?       2.23 (3.2/3.3) / 6.85 / 14.0    900
  Alnilam     26       1.68    1359
  Alnitak     20       1.70/~4/4.21    800
  Saiph     11       2.06    724

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Her kan ein sjå mange av dei meir lyssvake objekta, som Barnardsløyfa.

Sverdet til Orion heng frå beltet og består av stjernene θ1 og θ2 Orionis, kalla Trapezium og Oriontåka (M42). Dette er eit av objekta, som ikkje er ei stjerne, som er best synleg for det nakne auga. Ved hjelp av kikkert kan ein lett sjå skya av gryande stjerner, lysande gass og støv. Trapezium-hopen har mange nye stjerner, inkludert fleire brune dvergar, som alle ligg kring 1500 lysår unna. Namnet kjem av at dei fire mest lyssterke stjernene dannar eit trapes.[7]

M78 (NGC 2068) er ei stjernetåke i Orion. med ein samla storleiksklasse på 8,0, er ho langt svakare enn Oriontåka lenger sør, men ligg omtrent like langt frå jorda, kring 1600 lysår. Ho kan lett mistolkast som ein komet i eit teleskop. M78 er knytt til den variable stjerna V351 Orionis, som endrar storleiksklasse i løpet av særs kort tid.[8] Ei anna forholdsvis lyssterk stjernetåke i Orion er NGC 1999. Han har ein storleiksklasse på 10,5 og ligg 1500 lysår frå jorda.

Ei anna kjend stjernetåke er IC 434, Hestehovudtåka, nær ζ Orionis. Ho består av ei mørk støvsky som ser ut som eit hestehovud.

Utanom desse stjernetåkene, kan ein sjå djupromsobjekt som M43, M78, og fleire multiple stjerner som Iota Orionis og Sigma Orionis. Med eit større teleskop kan ein sjå Barnard-sløyfa og Flammetåka (NGC 2024).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ellyard, David; Tirion, Wil (2008) [1993]. The Southern Sky Guide (3rd utg.). Port Melbourne, Victoria: Cambridge University Press. s. 4. ISBN 978-0-521-71405-1. 
  2. «Betelgeuse». Chris Dolan's Stjernebilete. University of Wisconsin. 2009. Arkivert frå originalen 4. oktober 2019. Henta 13. juni 2016. 
  3. «Bellatrix». Chris Dolan's Stjernebilete. University of Wisconsin. 2009. Arkivert frå originalen 21. november 2018. Henta 13. juni 2016. 
  4. 4,0 4,1 «Mintaka». Jim Kaler's Stars. University of Illinois, Urbana-Champaign Campus. 2009. Arkivert frå originalen 8. april 2016. Henta 13. juni 2016. 
  5. 5,0 5,1 Staal 1988, s. 61.
  6. «Alnilam». Jim Kaler's Stars. University of Illinois, Urbana-Champaign Campus. 2009. Arkivert frå originalen 26. april 2016. Henta 13. juni 2016. 
  7. Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1st utg.). Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  8. Levy 2005, s. 99–100.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stjernebiletet Orion

Koordinatar: Sky map 05h 30m 00s, +00° 00′ 00″