Brăila
Brăila | |||
---|---|---|---|
Brăila på 1800-talet | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Brăila | ||
Grunnlagd | 1408 | ||
Borgarmeister | Viorel Marian Dragomir | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
77,9 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik - Storbyområde |
154 696 1 985,8 /km² 440 000 | ||
Koordinatar | 45°16′09″N 27°57′27″E / 45.26917°N 27.95750°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 810xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 39 | ||
Bilnummer | BR | ||
Nettstad: www.primariabraila.ro |
Brăila (/brə'i.la/, bulgarsk Браила, tyrkisk Ibrail) er ein by i Muntenia, aust i Romania. Han er ein hamneby ved Donau og hovudstad i Brăila fylke. Byen har om lag 155 000 innbyggjarar og er den tiande største byen i landet. Han ligg like i nærleiken av Galați, og det er planar om at dei to byane saman med omliggande kommunar skal danne eit sams storbyområde for nedre Donau.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det vart nemnd ein busetnad ved same stad ved Donau kalla Drinago rundt 1350. I greske dokument vart staden referert til som Proilabum eller Proilava, ei gresk tilpassing av det slaviske namnet Brailov. Opphavet til og tydinga av namnet er ukjend.
Som ein kaza, vart byen og det omliggande område kontrollert av Det osmanske riket frå 1538–1540 og fram til 1829. Han vart ein del av Valakia igjen via Akkermankonvensjonen). Osmanarane kalla byen Ibrail eller Ibraila. Den moldaviske fyrsten Stefan den store gjekk til åtak, plyndra og sette byen i brann den 2. februar 1470, under eit hemntokt mot den valakiske fyrsten Radu den rettvise, som hadde alliert seg med osmanarane. Byen vart ein kort periode styrt av Mikael den modige, fyrste av Valakia (1595-1596).
På 1800-talet vart hamna ein av dei tre viktigaste hamnene langs Donau i Valakia. Dei to andre var Turnu og Giurgiu. Den mest velståande perioden i historia til byen var mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet då han var ei viktig hamn for handel inn og ut av Romania.
Etter den rumenske revolusjonen i 1989 gjekk dei økonomiske tilhøva i Brăila nedover.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Brăila er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Brăila | 180 302 | 154 686 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Brăila» frå Wikipedia på rumensk, den 18. oktober 2022.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 18. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Brăila Online Arkivert 2012-02-10 ved Wayback Machine.
- Interaktivt kart over Brăila Arkivert 2009-04-18 ved Wayback Machine.
- Brăila.org Arkivert 2011-08-03 ved Wayback Machine.