Chicago III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chicago III
Studioalbum av Chicago
Språk engelsk
Utgjeve 11. januar 1971
Innspelt Seint juni til tidleg i juli, seint november til tidleg desember 1970, Columbia 30th Street Studios, New York City
Sjanger Rock, jazzfusion
Lengd 71:29
Selskap Columbia
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi 
Chicago
(1970)
Chicago III Chicago at Carnegie Hall
(1971)
Singlar frå Chicago III
  1. «Free»
    Utgjeve: Februar 1971
  2. «Lowdown»
    Utgjeve: April 1971
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Chicago III er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet Chicago, gjeve ut i 1971. Det var det tredje dobbeltalbumet til bandet på rad på mindre enn to år.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Etter Chicago vart ein stor suksess verda over, var Chicago på turné det meste av 1970. Då dei skulle setje i gang å spele inn Chicago III i midten av året - som produsenten James William Guercio alt hadde avgjort skulle vere nok eit dobbeltalbum, var dei fysisk slitne.

Dei lange timane på vegen gav låtskrivarane i bandet, Robert Lamm, Terry Kath og James Pankow, mykje tankeføde og det førte til meir alvorlege tema i songane, i motsetnad til dei meir positive første to platene. Lamm skreiv om heimlengsel i «Travel Suite», medan Pankow klaga over industrien som vann over naturen i den instrumentale suiten «Elegy». Kath sin «An Hour In The Shower» omhandlar tankevekkande erfaringar frå reisene deira. Chicago III bar preg av eit band som hadde sett baksida av verda dei siste månadane.

Chicago III er òg kjend for den store variasjonen i musikken. Bandet nytta mindre blåserekkja, som dei var kjende for. Både «Sing A Mean Tune Kid» og «Free» er påverka av funk, «What Else Can I Say» og «Flight 602» har ei kjensle av country, medan ein finn abstrakt musikk i «Free Country» og «Progress?»

Albumet kom ut i januar 1971, først på Columbia Records, og var det første albumet deira som hadde romartal i tittelen. Det selde godt då det kom ut men få hitsinglar og den meir eksperimentelle musikken, gjorde òg at det ikkje heldt seg like bra hos massane som The Chicago Transit Authority og Chicago gjorde. «Free» nådde topp 20 i USA og Peter Cetera sin «Lowdown» nådde topp 40. Albumet nådde niandeplassen i Storbritannia, men oppnådde den høgaste plasseringa deira til no i USA med ein andreplass på albumlista.

Det følgde med ein plakat med albumet av bandet kledd i uniformer frå amerikanske krigar, føre ei mark med krossar, som representerte dei som hadde døydd i den då pågåande Vietnamkrigen.

I 2002 vart Chicago III remastra og gjeve ut på ein enkel CD av Rhino Records. Chicago III (Columbia 30110) nådde andreplassen i USA og låg inne på lista i 63 veker.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
1.«Sing a Mean Tune Kid»LammCetera9:13
2.«Loneliness Is Just a Word»LammKath2:36
3.«What Else Can I Say»CeteraCetera3:12
4.«I Don't Want Your Money»Kath/LammLamm4:47
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
5.«Travel Suite»
  1. «Flight 602»
  2. «Motorboat to Mars»
  3. «Free»
  4. «Free Country»
  5. «At solarise»
  6. «Happy 'Cause I'm Going Home»
Lamm/Seraphine/Kath/Parazaider
Lamm
instrumental
Kath
instrumental
Cetera
instrumental
22:30

2:45
1:30
2:16
5:46
2:48
7:28
Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
6.«Mother»LammLamm4:30
7.«Lowdown»Cetera/SeraphineCetera3:35
8.«An Hour in the Shower»
  1. «A Hard Risin' Morning Without Breakfast»
  2. «Off to Work»
  3. «Fallin' Out»
  4. «Dreamin' Home»
  5. «Morning Blues Again»
KathKath5:30

1:52
0:45
0:53
0:49
1:11
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)vokalLengd
9.«Elegy»
  1. «When All the Laughter Dies in Sorrow»
  2. «Canon»
  3. «Once Upon a Time...»
  4. «Progress?»
  5. «The Approaching Storm»
  6. «Man vs. Man: The End»
Pankow/Guercio/Kendrew LascellesLamm15:27
1:03
1:05
2:34
2:34
6:26
1:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: James William Guercio
  • Lydteknikar: Don Puluse og Sy Mitchell
  • Innspelt av Lou Waxman og Willie Greer
  • Logo-design – Nick Fasciano
  • Albumdesign – John Berg
  • Flaggdesign – Natalie Williams
  • Fotografi – Sandy Speiser
  • Plakatfoto – Steve Horn og Norm Griner

Kjelder[endre | endre wikiteksten]