Greatest Hits, Volume II av Chicago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Greatest Hits, Volume II
Samlealbum av Chicago
Språk engelsk
Utgjeve 23. november 1981
Innspelt Januar 1969 - juni 1978
Sjanger Rock
Lengd 35:49
Selskap Columbia
Chicago-kronologi 
Chicago XIV
(1980)
Greatest Hits, Volume II Chicago 16
(1982)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Greatest Hits, Volume II er eit samlealbum til det amerikanske rockebandet Chicago, og det femtande i alt, gjeve ut i 1981.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter Chicago XIV i 1980, droppa Columbia Records Chicago frå avtalen sin og avslutta den lukrative kontrakten bandet nyleg hadde signert. Bandet hadde byrja å arbeide med David Foster og var i prosessen med å byggje ein ny identitet, men Columbia måtte i følgje kontrakten gje ut eit album til. Selskapet ønskte derfor å følgje opp den særs suksessrike første samleplata frå 1975, Chicago IX - Chicago's Greatest Hits.

Det kom ut i november 1981 og inneheldt i hovudsak songar frå Chicago VIII til Hot Streets i 1978. Etter den tid slutta hittane å kome. Det kom ut like før Chicago uventa fekk liv att i karrieren sin med Chicago 16, og nådde berre 171. plassen i USA.

Som føregangaren har Greatest Hits, Volume II sidan blitt overteken av The Very Best of: Only the Beginning frå 2002 og er ikkje lenger i sal.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Baby, What a Big Surprise»Peter Cetera3:03
2.«Dialogue (Part II)»Robert Lamm4:10
3.«No Tell Lover»Peter Cetera/Lee Loughnane/Danny Seraphine3:47
4.«Alive Again»James Pankow3:32
5.«Old Days»James Pankow3:29
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«If You Leave Me Now»Peter Cetera3:55
7.«Questions 67 and 68»Robert Lamm3:26
8.«Happy Man»Peter Cetera3:15
9.«Gone Long Gone»Peter Cetera3:57
10.«Take Me Back To Chicago»Danny Seraphine/David Wolinski3:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1981 Pop Album 171

Kjelder[endre | endre wikiteksten]