Chicago VIII

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chicago VIII
Studioalbum av Chicago
Utgjeve 24. mars 1975
Innspelt August – september 1974, Caribou Ranch i Nederland, CO
Sjanger Rock
Lengd 39:18
Selskap Columbia
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi
Chicago VII
(1974)
Chicago VIII Chicago IX – Chicago's Greatest Hits
(1975)
Singlar frå Chicago VIII
  1. «Harry Truman»
    Utgjeve: Februar 1975
  2. «Old Days»
    Utgjeve: April 1975
  3. «Brand New Love Affair»
    Utgjeve: 1975
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Chicago VIII er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Chicago, gjeve ut i 1975. Etter det meir eksperimentelle jazz/pop-albumet Chicago VII, gjekk bandet her mot ein meir straumlinja stil.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter fem år på rad med konstant aktivitet, kjende medlemmane seg i Chicago slitne då dei kom for å spele inn Chicago VIII hos produsenten James William Guercio sin Caribou Ranch i Colorado sommaren 1974. Sjølv om ein finn spor av dei forskjellige stilane som vart utforska på Chicago VI, har dette albumet ei langt meir rockekjensle, som på Peter Cetera sin «Anyway You Want» (seinare spelt inn av den kanadiske songaren Charity Brown) og «Hideaway», i tillegg til Terry Kath si hyllest til Hendrix «Oh, Thank You Great Spirit» og James Pankow-hitten «Old Days» (5. plass). Balladen «Brand New Love Affair, Part I & II» nådde 61. plassen på lista.

Den første singelen frå albumet var Lamm sin nostalgiske «Harry Truman» (13. plassen). Chicago VIII vart halde attende til mars 1975, sidan Chicago VII framleis låg høgt på listene. Albumet gjekk rett inn på førsteplassen på albumlista i USA, men fekk lunken mottaking av musikkpressa og vert rekna som eit av dei svakare albuma deira. Det var òg det første albumet med studioperkusjonist Laudir de Oliveira som fulltidsmedlem av bandet, den første endringa i besetninga til bandet.

Albumet fekk middels kritikk og vart gjeve ut både i stereo og kvadrofonisk lyd. I 2002 vart Chicago VIII mastra på ny og gjeve ut av Rhino Records med tre bonusspor: «Sixth Sense» (ein instrumental) av Kath og «Bright Eyes» av Lamm, i tillegg til ein versjon av «Satin Doll» spelt inn for Dick Clark's «Rockin' New Year's Eve».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Songar Lengd
1. «Anyway You Want»  Peter CeteraPeter Cetera 3:37
2. «Brand New Love Affair, Part I & II»  James PankowTerry Kath & Peter Cetera 4:28
3. «Never Been in Love Before»  Robert LammPeter Cetera 4:10
4. «Hideaway»  Peter CeteraPeter Cetera 4:44
5. «Till We Meet Again»  Terry KathTerry Kath 2:03
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Songar Lengd
6. «Harry Truman»  Robert LammRobert Lamm 3:01
7. «Oh, Thank You Great Spirit»  Terry KathTerry Kath 7:19
8. «Long Time No See»  Robert LammRobert Lamm 2:46
9. «Ain't It Blue?»  Robert LammTerry Kath & Peter Cetera 3:26
10. «Old Days»  James PankowPeter Cetera 3:31
Bonusspor på 2002-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar)Songar Lengd
11. «Sixth Sense (Rehearsal)»  Terry Kathinstrumental 5:07
12. «Bright Eyes (Rehearsal)»  Robert LammRobert Lamm 3:41
13. «Satin Doll (Live)»  Duke Ellington, Billy Strayhorn, Johnny Mercerinstrumental 2:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

  • Caribou Kitchenettes – kor på «Harry Truman» (John Carsello, Donna Conroy, Laudir de Oliveira, Bob Eberhardt, Steve Fagin, Kristy Ferguson, Linda Greene, Lee Loughnane, Brandy Maitland, Katherine Ogden, James Pankow, Walter Parazaider, Joanne Rocconi, Richard Torres og Angele Warner)
  • Strykearrangement på «Oh, Thank You Great Spirit», «Long Time No See» and «Old Days» – Patrick Williams

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av James William Guercio
  • Lydteknikar: Wayne Tarnowski, Jeff Guercio and Mark Guercio
  • Strykarar spelt inn av Armin Steiner i Sound Labs (Hollywood, CA)
  • Miksa av Phil Ramone
  • Plateomslag – John Berg and Nick Fasciano

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (USA)

År Liste Plassering
1975 The Billboard 200 1

Singlar - Billboard (USA)

År Single Liste Plassering
1975 Brand New Love Affair, Part I & II The Billboard Hot 100 61
1975 Harry Truman The Billboard Hot 100 13
1975 Old Days The Billboard Hot 100 5
1975 Old Days Easy Listening 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/album/r3850/review