DS «Mercur» (1883)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Mercur (BDS, 1883).jpg
DS «Mercur»
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Kong Dag»
Eigar: Det Søndenfjelds-Norske Dampskibsselskab
Verft: Motala Mek. Verkstad i Göteborg
Byggekostnad: 350 435 kr.[1]
Jomfrutur: 1883
Heimehamn: Kristiania
Kjennemerke: JVTL/LEUS
Lagnad: Søkkt av tyske bombefly i 1940
Generelle mål
Tonnasje: 989 brt, 569 nrt
Daudvekt: 750 dwt
Lengd: 63,1 m
Breidd: 9,0 m
Djupgang: 6,6 m
Installert effekt : 850 iHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (Motala MV)
Fart: 11,5 knop
Mannskap: 28 (1907)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Mercur»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: 1886
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Einar Cook
Kjøpt: Januar 1939 for nedrigging til lekter
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter nedrigging
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: «Else»
Eigar: Kristiania-Portland Cementfabrik
Kjøpt: 1939
Heimehamn: Oslo
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Johan Nilsen
Kjøpt: 1951
Heimehamn: Fredrikstad
Karriere Flag of Belgium (civil).svg Belgia
Lagnad: ukjend, mogeleg elvelekter

DS «Mercur» (kallesignal HDGB / LFXA) var et kombinert laste- og passasjerskip som ble overlevert i 1883 som DS «Kong Dag» til Det Søndenfjelds-Norske Dampskibsselskab (DSND) i Oslo. Skipet var byggnummer 188 ved Lindholmen varv som var eigd av Motala Verkstad i Göteborg i Sverige. Ho gjekk i rute mellom Oslo og Hamburg til 1889 då skipet vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Skipet vart omdøypt «Mercur» og sett inn på ruta Bergen – Newcastle i England. På 1930-talet gjekk ho i kystruter, og vart også nytta som avløysarskip i hurtigruta. I 1939 vart skipa nedrigga til lekter og omdøypt «Else». I 1952 vart ho seld til Belgia. Den vidare lagnaden på skipet er ukjent.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Merkur er den minste planeten i solsystemet vårt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha gått i ruta Oslo – Hamburg for Det Søndenfjelds-Norske Dampskibsselskab under namnet «Kong Dag», vart skipet i august 1889 kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab. I november same året vart ho omdøypt til DS «Mercur», og i 1900 vart ho sett inn på ruta Bergen – Newcastle. Etter ei grunnstøyting i 1906 gjennomgjekk DS «Mercur» ein hovudreparasjon og fekk nye salongar og master. 22. oktober 1919 var skipa undervegs frå Trondheim til Bergen med stykkgods då ho grunnstøytte og sokk ved Leksa i Trondheimsfjorden. DS «Mercur» vart heva i juli 1920 og slept til Mjellem & Karlsen Verft i Bergen for reparasjon. Skipet fekk ny innreiing, og i 1922 var ho ferdig reparert. DS «Mercur» gjekk i kombinertruta langs norskekysten, og var òg avløysarskip i hurtigruta på 1930-talet. 11. januar 1939 kjøpte Einar Cook i Bergen skipet, rigga henne ned til lekter. Lekteren vart seld til Kristiania Portland Cementfabrik i Oslo seinare same år, og omdøypt «Else». I 1951 kjøpte Johan Nilsen i Fredrikstad lekteren, og i februar 1952 vart han selt til Belgia. Den vidare lagnaren er ukjend.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

DS «Mercur» hadde ein tonnasje ved levering på 989 bruttoregistertonn, 569 nettoregistertonn, og lasteevna var 750 dødvekttonn. Lasteromma var plasserte forut og akter, og volumet var på totalt 934 . Lasting og lossing føregjekk ved hjelp av ei kran forut og ei kran akter. Hovudmaskina var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin med yting på 850 ihk (indikerte hestekrefter), og 165 nhk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 11,5 knop. I 1902 vart hovudmaskina ombygd med ny høgtrykksylinder og ny foring i lågtrykkssylinderen. Samstundes vart ny donkeykjele (separat kjele til hjelpemaskineri) installert, passasjersalongane vart ominnreidd, og skipet fekk nye anker utan tverrstokkar (stockless). I 1911 vart DS «Mercur» det første skipet i Det Bergenske Dampskibsselskab som fekk installert overheitar (superheater) i kjelen. Ved levering hadde skipet 33 køyeplassar på 1. plass (1. klasse), 13 på 2. plass, og seks på 3. plass. Etter ombygginga i 1921 var DS «Mercur» eit toklasse-skip, og hadde 31 køyeplassar på 1. plass og 36 på 2. plass. I 1907 var skipet sertifisert for 270 passasjerar i kystfart og 91 i europeisk fart.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «D/S Sirius». Sjøhistorie.no. Henta 5. mai 2019.