Engelske regentar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Engelske regentar er ei liste over personar som har hatt stillinga som regent av England eller noko tilsvarande i tida før det sameinte kongariket eksisterte. Den første personen som tok tittelen Rex Anglorum ('konge over engelskmennene', engelsk King of the English) var Offa av Mercia, men tittelen døydde med han. På 800-talet blei kongane av Wessex, som erobra Kent og Sussex frå Mercia i 825, stadig sterkare i høve til dei andre engelske kongedøma. Den ubrotne engelske kongerekkja byrjer tradisjonelt med Egbert av Wessex 829. Alfred den store og sonen hans Edvard den eldre nytta tittelen konge av angelsaksarane (engelsk King of the Anglo-Saxons). Etter at Athelstan hadde erobra Northumbria i 927 tok han tittelen Rex Anglorum. Frå Henrik II kom på trona i 1154 blei tittelen Rex Angliae ('Konge av England', engelsk King of England).

Fyrstedømet Wales blei del av Kongeriket England gjennom Rhuddlanstatuttane frå 1284. I 1301 gav Edvard I tittelen Prins av Wales (engelsk Prince of Wales) til eldstesonen sin, den framtidige Edvard II. Sidan dette har eldstesonen til alle engelske monarkar, bortsett frå Edvard III, hatt denne tittelen.

Etter at Elisabet I hadde døydd utan arvingar i 1603 blei den engelske og skotske krona sameint i personalunion under Jakob VI av Skottland, som blei Jakob I av England. Gjennom ei kongeleg kunngjering kalla Jakob seg sjølv Konge av Storbritannia (engelsk King of Great Britain), men eit slikt kongerike eksisterte ikkje før 1707, då England gjekk i realunion med Skottland gjennom unionsaktene og skipa Det sameinte kongeriket Storbritannien (engelsk United Kingdom of Great Britain).[1] Regentar frå og med skipinga av denne unionen er derfor lista opp på lista over britiske regentar.

Dei to romerske keisarane Marcus Mausaeus Carausius (285–293) og Caius Allectus (293–296), som styrte over den romerska provinsen Britannia, er ikkje med på lista under ettersom dei var pretendentar til den romerske keisartrona og ikkje regentar over eit engelsk rike.

Slekta Mercia[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje visse kjelder skal den første som tok tittelen Rex Anglorum ha vore Offa 774, som hadde vore konge av Mercia sidan 757. Dette byggjer på dokument som truleg blei forfalska på 900-talet.[2][3] Offa omtalar likevel seg sjølv som Of Rx A på nokre av myntane sine, noko som kan stå for Offa Rex Anglorum.[4] På denne tida hadde dette truleg ei anna tyding enn det det fekk seinare, det vil seia konge over anglarane og ikkje nødvendigvis over saksarane.[4] Fleire tidlegare kongar blei kalla rex anglorum eller ein variant av dette omgrepet i overlevande kjelder: Aldfrith av Northumbria av Aldhelm; Æthelred av Mercia i Felix si Vita sancti Guthlaci (Sankt Guthlacs liv); og Æthelbald av Mercia av sankt Bonifatius.[5]

Namn
Norsk · Moderne engelsk · Latin
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Offa
(Offa · +OFFA•REX+)
Offa head.gif Omkring 747
son av Thingfrith
Konge 774 29. juli 796
Namn
Norsk · Moderne engelsk · Latin
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Slekta Wessex[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Slekta Wessex.

Den ubrotne lista byrjar tradisjonelt med Egbert, som var konge av Wessex frå 802. Han var den første kongen av dette riket som hadde overhøgheit over størsteparten av England.[6] Han sigra over Mercia i 825 og blei bretwalda i 829, men mista seinare makta over Mercia. Alfred den store og sonen hans Edvard den eldre nytta tittelen 'konge over anglosaksarane' (engelsk king of the Anglo-Saxons). Etter at Æthelstan hadde erobra Northumbria i 927 tok han tittelen rex Anglorum ('konge over engelskmennene', engelsk King of the English).

Det finst visse bevis for att Ælfweard av Wessex kan ha vore konge i to veckor 924, mellom faren Edvard den eldre og broren Athelstan, sjølv om han ikkje blei krona.[7][8] Dette er ikkje godteke av alle historikarar.

Namn
Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Egbert
(Egbert · Ecgberht)
Egbert.jpg Omkring 769 eller 771
son av Ealhmund av Kent
Konge 829 4. februar 839 [9][10]
Æthelwulf
Edel ulv
(Ethelwulf · Æþelwulf)
Athelwulf.jpg Omkring 795
i Aachen i Tyskland
son av Egbert av Wessex og Redburga
Konge 4. februar eller juli 839 etter at Egbert døydde Avsett som konge av Wessex av sonen sin Æthelbald i 856
Framleis konge av Kent og austlegaste delen av Wessex til han døydde
13. januar 858
i Stamridge i Wessex
[6]
Æthelbald
Edelmodig
(Ethelbald · Æþelbald)
Aethelbald.jpg Omkring 834
i Wessex
son av Æthelwulf av Wessex og Osburga
Konge over størstedelen av Wessex 856 då Æthelwulf blei avsett
Konge av heile Wessex og Kent 858 då Æthelwulfs døydde
20. desember 860
i Wessex
[11]
Æthelberht
Edel byrd
(Ethelberht · Æþelberht)
Ethelbert, King of Kent from All Souls College Chapel.jpg Omkring 836
i Wessex
son av Æthelwulf av Wessex og Osburga
Konge 20. desember 860 etter at Æthelbald døydde Hausten865
i Sherborne
[6]
Æthelred
Edelt råd
(Ethelred · Æþelræd)
Ethelred coin.gif Omkring 837
i Wessex
son av Æthelwulf av Wessex og Osburga
Konge 865 etter at Æthelberht døydde 23. april 871 [6]
Alfred den store
Alvråd
(Alfred the Great · Ælfræd)
Statue d'Alfred le Grand à Winchester.jpg Omkring 849
i Wantage i Oxfordshire
son av Æthelwulf av Wessex og Osburga
Konge 24 april 871 etter at Æthelred døydde 26. oktober 899
i Winchester
[12][13][14]
Edvard den eldre
(Edward the Elder · Eadweard se Ieldra)
Edward the Elder.jpg 870-talet
i Wantage i Oxfordshire
son av Alfred den store og Ealhswith
Konge 26. oktober 899 etter at Alfred den store døydde 17. juli 924
i Farndon i Cheshire
[15][16][17]
Ethelweard
Edel vaktar
(Ælfweard [Alvvaktar])
904
i Wessex
son av Edvard den eldre
og Elfleda
Konge 17. juli 924 etter at Edvard den eldre døydde 2. august 924
i Oxford
Æthelstan den ærerike
Edel sten
(Athelstan the Glorious · Æþelstan/Æðelstan)
Athelstan from All Souls College Chapel detail.jpg Omkring 895
i Wessex
son av Edvard den eldre og Ecgwynn
Konge 2 eller 3. august 924 etter at Ethelweard døydde 27. oktober 939 [18]
Edmund den strålande
(Edmund the Magnificent · Eadmund)
Edmund I.jpg Omkring 921
i Wessex
son av Edvard den eldre og Eadgifu av Kent
Konge 27. oktober 939 etter at Æthelstan den ærerike døydde 26. mai 946
drepen i Pucklechurch
[19][20]
Edred
(Eadred · Eadred)
Eadred.jpg Omkring 923
i Wessex
son av Edvard den eldre og Eadgifu av Kent
Konge 26. mai 946 etter mordet på Edmund den strålande 23. november 955
i Frome i Somerset
[21][22]
Edwy den rettvise
(Eadwig the Fair · Eadwig)
Eadwig.jpg Omkring 940 eller 941
i Wessex
son av Edmund den strålande og Elgiva av Shaftesbury
Konge 23. november 955 etter at Edred døydde 1. oktober 959
i Gloucester
[23][24]
Edgar den fredelege
(Edgar the Peaceful · Eadgar)
Edgar.jpg Omkring 7. august 943
i Wessex
son av Edmund den strålande og Elgiva av Shaftesbury
Konge 1. oktober 959 etter at Edwy døydde 8. juli 975
i Winchester
[25][26]
Edvard Martyren
(Edward the Martyr · Eadweard)
Edward the Martyr by Edwards detail.jpg Omkring 962
son av Edgar den fredelege og Ethelfleda
Konge 8. juli 975 etter at Edgar den fredelege døydde 18. mars 978
drepen på slottet Corfe Castle i Dorset
[27]
Ethelred den villrådige
(Ethelred the Unready · Æþelræd Unræd)
EthelUn.jpg Omkring 968
son av Edgar den fredelege og Elfrida
Konge 18. mars 978 etter mordet på Edvard Martyren Sommaren 1013
avsett og tvinga i eksil av den danske kongen Sven Tviskjegg
[28][29][30]
Namn
Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Dansk styre[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Jellingdynastiet.

Etter den danske invasjonen i 1013 kom England under dansk styre under og etter regeringstida til Ethelred den villrådige.

Namn
Norsk · Moderne engelsk · Dansk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Sven Tviskjegg
(Sweyn Forkbeard · Svend Tveskæg)
Sweyn Forkbeard.jpg Omkring 960
son av Harald Blåtann
og Gyrid Olavsdotter
Konge 25. desember 1013
etter ein framgangsrik invasion av England
3. februar 1014
i Gainsborough
[31][32][33]
Namn
Norsk · Moderne engelsk · Dansk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Slekta Wessex (gjeninnsett første gongen)[endre | endre wikiteksten]

Etter at Sven Tviskjegg døydde vende Ethelred den villrådige tilbake frå eksil og blei gjenutropt til konge den 3. februar 1014.[34] Sonen hans etterfølgde han etter å ha blitt vald til konge av innbyggjarane i London og ein del av Witenagemot,[35] trass i pågåande danske forsøk på å ta tilbake krona frå vestsaksarane.

Namn
Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Ethelred den villrådige
(Ethelred the Unready · Æþelræd Unræd)
EthelUn.jpg Konge 3. februar 1014 etter at Sven Tviskjegg døydde 23. april 1016
i London
[28][29]
Edmund Jernside
(Edmund Ironside · Eadmund Isen-Healf)
Edmond II d'Angleterre.jpg Omkring 988 eller 993
son av Ethelred den villrådige og Aelgifu av York
Konge 23. april 1016 etter at Ethelred den villrådige døydde 30. november 1016
i Oxford
[35][36]
Namn
Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Dansk styre (gjeninnsett)[endre | endre wikiteksten]

Etter det avgjerande slaget ved Ashingdon den 18. oktober 1016 skreiv kong Edmund under på ein avtale med Knut der sistnemnde fekk makta over heile England bortsett frå Wessex.[37] Då Edmund døydde den 30. november tok Knut over styret over heile England.

Namn
Norsk · Moderne engelsk · Dansk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Knut den store
(Canute the Great · Knud den store)
Cnut.jpg Omkring 995
son av Sven Tviskjegg
og Sigrid Storråde
Konge 30. november 1016
etter at Edmund Jernside døydde
12. november 1035
i Shaftesbury
[38][39]
Harald Harefot
(Harold Harefoot · Harald Harefod)
Harold H.jpg Ein gong mellom 1015 og 1017
son av Knut den store
og Aelgifu av Northampton
Konge over England nord for Themsen 12. november 1035
etter at Knut den store døydde
Konge over heile England 1037
17. mars 1040
i Oxford
[40][41]
Hardeknut
(Harthacnut · Hardeknud)
Hardeknut.jpg 1018 i England
son av Knut den store
og Emma av Normandie
Konge 17. mars 1040
etter at Harald Harefot døydde
8. juni 1042
i Lambeth ved London
[42][41]
Namn
Norsk · Moderne engelsk · Dansk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Slekta Wessex (gjeninnsett andre gongen)[endre | endre wikiteksten]

Etter at Hardeknut hadde døydd følgde ei kortvarig saksisk gjentaking av krona mellom 1042 og 1066. Etter det avgjerande slaget ved Hastings blei Vilhelm II av Normandie konge av England.

Namn
Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Edvard Vedkjennaren
(Edward the Confessor · Eadweard se Andettere)
Confessor.png Omkring 1003
i Islip i Oxfordshire
son av Ethelred den villrådige
og Emma av Normandie
Konge 8. juni 1042
etter at Hardeknut døydde
5. januar 1066
i London
[43]
Harald Godwinson
(Harold Godwinson · Harold Godwines sunu)
Harold2.jpg Omkring 1022
i Wessex
son av earlen Godwin av Wessex
og Gytha Thorkelsdóttir
Konge 5. januar 1066 etter at Edvard Vedkjennaren døydde 14. oktober 1066
fall i slaget ved Hastings
[43]
Edgar den fredlause
(Edgar the Atheling · Edgar Æþeling)
Edgar the Ætheling.jpg Omkring 1053
i Ungern
son av Edvard den landflyktige
og Agatha
Utropa til konge 15. oktober 1066
etter at Harald Godwinson døydde
(men aldri krona)
10. desember 1066
sa frå seg trona til fordel for Vilhelm erobraren
cirka 1126 [44][45]
Namn
Norsk · Moderne engelsk · Gammalengelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Den normanniske ætta[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Normannarar.

Hertug Vilhelm II av Normandie, som var vasall til kongen av Frankrike og søskenbarn til Edvard vedkjennaren, invaderte og erobra England i 1066 og gjorde då flyttinga av den engelske hovudstaden frå Winchester til London permanent. Etter at Harald Godwinson døydde i det avgjerande slaget ved Hastings den 14. oktober, valde den angelsaksiske witanen Edgar den fredlause til konge i staden for Harald, men han lukkast ikkje å stå imot invasjonen og blei aldri krona. Vilhelm blei krona til konge av England på juledagen (25. desember) 1066, og er i dag kjend som Vilhelm erobraren, Vilhelm den uekte eller Vilhelm I.

Frå og med Vilhelm og etterkomarane hans tok dei engelske regentane tok ordenstal på fransk vis, men den eldre tradisjonen med å skilja monarkane ved hjelp av kallenamn døydde ikke ut på grunn av dette.

Namn
Norsk · Engelsk · Fransk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Vilhelm I (erobraren)
Vilhelm den uekte
(William I / William the Conqueror / William the Bastard · Guillaume le conquérant / Guillaum le bâtard)
William1.jpg Omkring 1027 eller 1028
slottet i Falaise
son av hertug Robert I av Normandie
og Herleva
Konge 25. desember 1066
etter at Edgar den fredlause hadde sagt frå seg trona
9. september 1087
i Rouen, av sjukdom eller etter å ha skadd seg i salen under riding
[46]
Vilhelm II (Rufus)
(William Rufus · Guillaume le roux)
William2.jpg Omkring 1056 eller 1060
i Normandie
son av Vilhelm erobraren
og Matilda av Flandern
Konge 9. september 1087 etter at Vilhelm erobraren døydde 2. august 1100
drepen av ei pil i New Forest under uklare omstende
[46]
Henrik I (Beauclerc)
(Henry Beauclerc · Henri Beauclerc)
Henry1.jpg September 1068 eller 1069
i Selby
son av Vilhelm erobraren
og Matilda av Flandern
Utropad til kong 5. august 1100
etter at Vilhelm II døydde
1. desember 1135
på slottet i Lyons-la-Forêt (Saint-Denis-en-Lyons)
[47]
Stefan av Blois
(Stephen of Blois · Étienne de Blois)
Stepan Blois.jpg Omkring 1092, 1096 eller 1097
i Blois
son av grev Stefan II av Blois
og Adela av Normandie
Konge 22. desember 1135
etter at Henrik I døydde
25. oktober 1154
slottet i Dover
[48][47]
Namn
Norsk · Engelsk · Fransk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Omstridd pretendent

Keisarinne Matilda blei utnemnd til tronfølgjar av far sin, Henrik I, og anerkjend av baronane. Då Henrik døydde tok likevel fetteren hennar Stefan av Blois makta. Deretter følgde det engelske anarkiet. Matilda var de facto herskar nokre månader i 1141, men ho blei aldri krona og blir sjeldan teken med på lister over engelske regentar. Tittelen keisarinne kjem av at ho i det første ekteskapet sitt var gift med den tysk-romerske keisaren Henrik V.

Namn
Norsk · Engelsk · Fransk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Keisarinne Matilda
(Empress Matilda · Mathilde l'emperesse)
Empress matilda.jpg 7. februar 1102
i Sutton Courtenay
dotter av Henrik I
og Edith av Skottland
Utropt til regjerande dronning 7. april 1141
i opposisjon til Stefan av Blois, ikkje anerkjend overalt i riket
1. november 1141 10. september 1167
i Notre Dame du Pré i Rouen
[49][50]
Namn
Norsk · Engelsk · Fransk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Slekta Plantagenet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Huset Plantagenet.

I november 1153 inngjekk Stefan og Matilda avtalen i Wallingford, der Stefan anerkjende sonen hennar Henrik som tronarving, ettersom hans eigen son hadde døydd.

I staden for å halda til i England styrte ætta Plantagenet frå Aquitaine, eit område dei overtok gjennom Henrik II sitt ekteskap med Eleonora av Aquitaine. Dei såg ikkje på England som den viktigaste heimen sin før det meste av dei franske landa var gått tapt under kong Johan. Dette langlivde dynastiet blir vanlegvis delt i tre ætter: Huset Anjou, Huset Lancaster og Huset York.

Slekta Plantagenet utforma det engelske kongelege våpenskjoldet, som vanlegvis viste andre kongarike som dei eller etterkomarane deira hadde erobra eller gjorde krav på, men i lang tid ikkje representerte Irland.

Namn
Norsk · Engelsk · Fransk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Henrik II
(Henry Curtmantle · Henri Court-manteau)
Henry II of England.jpg 5. mars 1133
i Le Mans
son av grev Gottfrid V av Anjou
og keisarinne Matilda
Konge 25. oktober 1154
etter at Stefan av Blois døydde
6. juli 1189
i Chinon
[51]
Henrik den yngre
(Henry the Young King · Henri le jeune roi)
Henry the Young King.jpg 28. februar 1155
son av Henrik II
og Eleonora av Aquitane
Samregent med far sin 14. juni 1170 11. juni 1183
i Martel i Limoges
Rikard I (Løvehjarte)
(Richard the Lionheart · Richard Cœur de Lion)
Richard coeurdelion g.jpg 8. september 1157
på slottet Beaumont Palace
son av Henrik II
og Eleonora av Aquitaine
Konge 6. juli 1189
etter at Henrik II døydde
6. april 1199
i Château de Châlus-Chabrol
av eit pilskotsår det gjekk verk i
[51]
Johan utan land
(John Lackland · Jean sans terre)
John of England (John Lackland).jpg 24. desember 1166
på slottet Beaumont Palace
son av Henrik II
og Eleonora av Akvitanien
Konge 6 april 1199
etter at Rikard Løvehjarte døydde
19. oktober 1216
i Newark-on-Trent
truleg av foreting og for mykje vin
[52]
Namn
Norsk · Engelsk · Fransk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Omstridd pretendent

Ludvig VIII av Frankrike styrte kortvarig over halve England frå 1216 til 1217 i slutten av den første baronkrigen mot kong Johan. Då han marsjerte inn i London med troppane sine blei han ope teken imot av dei opprørske baronane og innbyggjarane i London og utropat (men ikkje krona) til konge i Sankt Paul-katedralen. Mange adelsmenn, mellom dei Alexander II av Skottland for dei engelske besittingane sine, kom saman for å hylla han. Då han underteikna Lambeth-traktaten i 1217 godtok Ludvig imidlertid at han aldri hadde vore legitim herskar over England.

Namn
Norsk · Engelsk · Fransk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Ludvig Løva
(Louis the Lion · Louis le lion)
Louis8 fr head.jpg 5. september 1187
i Paris
son av Filip II August av Frankrike
og Isabella av Hainaut
Anerkjend som konge av baronane og innbyggjarane i Londons 21. mai 1216
i opposisjon til kong Johan og deretter Henrik III
22. september 1217 8. november 1226
i Montpensier
Namn
Norsk · Engelsk · Fransk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Henrik III
(Henry of Winchester)
Henrytreti.jpg 1. oktober 1207
på slottet Winchester Castle
son av Johan utan land
og Isabella av Angoulême
Konge 19. oktober 1216
etter at Johan utan land døydde
16. november 1272
i Westminsterpalatset
[53]
Edvard I
(Edward [the] Longshanks)
Eduard1 korunovace.jpg 17. juni 1239
i Westminsterpalasset
son av Henrik III
og Eleonora av Provence
Konge 16. november 1272
etter at Henrik III døydde
7. juli 1307
i Burgh by Sands
[54]
Edvard II
(Edward II)
Edward II of England.jpg 25 april 1284
på slottet Caernarfon Castle i Wales
son av Edvard I
og Eleonora av Castilla
Konge 7. juli 1307
etter at Edvard I døydde
24. januar 1327
avsett av parlamentet
21. september 1327
drepen av tortur på slottet Berkeley Castle
[55][56]
Edvard III
(Edward III)
Edward III of England (Order of the Garter).jpg 13. november 1312
på slottet Windsor Castle
son av Edvard II
og Isabella av Frankrike
Konge 25. januar 1327
etter at Edvard II blei avsett
21. juni 1377
på slottet Sheen Palace
[57]
Rikard II
(Richard II)
Richard II King of England.jpg 6. januar 1367
i Bordeaux
son av Edvard III sin son Edvard
og Johanna av Kent
Konge 21. juni 1377
etter at Edvard III døydde
30. september 1399
avsett av Henrik Bolingbroke
14. februar 1400
på slottet Pontefract Castle
truleg av svolt
[58]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Slekta Lancaster[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Huset Lancaster.

Denne ætta stamma frå Edvard III sin tredje overlevande son Johan av Gent.

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Henrik IV
(Henry [of] Bolingbroke)
British - Henry IV - Google Art Project.jpg 3 april 1367
på slottet Bolingbroke Castle
son av Johan av Gent
og Blanche av Lancaster
Konge 30. september 1399
ved Rikard II:s avsett
20. mars 1413
i Westminster Abbey
av sjukdom
[59][60]
Henrik V
(Henry V)
Henry5.JPG 16. september 1386
på slottet Monmouth Castle
son av Henrik IV
og Mary de Bohun
Konge 20. mars 1413
etter at Henrik IV døydde
31. august 1422
slottet i Vincennes utanfor Paris i Frankrike
av dysenteri
[59][61]
Henrik VI
(Henry VI)
HenryVIofEngland.JPG 6. desember 1421
på slottet Windsor Castle
son av Henrik V
og Katarina av Valois
Konge 31. august 1422
etter at Henrik V døydde
4. mars 1461
avsett av Edvard IV
[62]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Slekta York[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Huset York.

Slekta York stamma frå den fjerde overlevande sonen til Edvard III, Edmund av Langley, 1. hertug av York. Under rosekrigane (14551485) veksla trona mellom dei rivaliserande ættene Lancaster og York.

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Edvard IV
(Edward IV)
EdwardIVofEngland-Yorkist.jpg 28. april 1442
i Rouen
son av hertug Rikard av York
og Cecily Neville
Konge 4. mars 1461
etter at Henrik VI blei avsett
3. oktober 1470
avsett av Henrik VI
[63]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Slekta Lancaster (gjeninnsett)[endre | endre wikiteksten]

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Henrik VI
(Henry VI)
HenryVIofEngland.JPG Konge 30. oktober 1470
etter at Edvard IV blei avsett
11 april 1471
gjenavsett av Edvard IV
21. mai 1471
drepen i Tower i London
trulege på ordre frå Edvard IV
[62]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Slekta York (gjeninnsett)[endre | endre wikiteksten]

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Edvard IV
(Edward IV)
EdwardIVofEngland-Yorkist.jpg Konge 11. april 1471
ved Henrik VI:s avsett
9. april 1483
på slottet Westminster Palace
[63]
Edvard V
(Edward V)
King-edward-v.jpg 2. november 1470
i Westminster
son av Edvard IV og Elisabet Woodville
Konge 9 april 1483
etter at Edvard IV døydde
25. juni 1483
avsett av Rikard III
6. juli eller oktober 1483
truleg drepen av Rikard III i Tower of London
[64]
Rikard III
(Richard III)
Richard III of England.jpg 2. oktober 1452
på slottet Fotheringhay Castle
son av hertug Rikard av York
og Cecily Neville
Konge 25. juni 1483
ved avsettinga av Edvard V
22. august 1485
fall i slaget ved Bosworth Field
[65]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Slekta Tudor[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Huset Tudor.

Slekta Tudor stamma på morssida frå John Beaufort, som var ein av dei uekte sønene til Johan av Gent (Johan var i sin tur den tredje overlevande sonen til Edvard III) med Katherine Swynford. Dei som berre stamma frå engelske monarkar gjennom uekte barn kunne vanlegvis ikkje gjera krav på trona, men situasjonen blei komplisert av at Johan og Katherine gifta seg i 1396 (25 år etter at John Beaufort blei fødd). Etter inngåinga av ekteskapet erklærte kyrkja barna til Johan og Katherine retroaktivt ektefødde gjennom ei paveleg bulle same året, og parlamentet gjorde det same gjennom ein lov i 1397. Sidan anerkjende også den ektefødde sonen til Johan, kong Henrik IV, dei andre barna som ektefødde, sjølv om han også erklærte at dei aldri nokonsinne kunne arba trona. Barna og etterkomarane deira, Beaufortætta, heldt seg nært allierte med dei andre etterkomarane til, Lancasterætta.

John Beaufort sitt barnbarn lady Margaret Beaufort gifta seg med Edmund Tudor. Han var son av den walisiske hoffmannen Owain Tewdr (anglisert til Owen Tudor) og Katarina av Valois, som i sin tur var enke etter den lancastriske kong Henrik V. Edmund Tudor og syskena hans var anten uektefødde eller fødde innanfor eit hemmeleg ekteskap, og var avhengige av godvilja til halvbroren kong Henrik VI. Då Lancaster-ætta tapte makta tok Tudor-ætta over. Sonen til Edmund Tudor blei konge under namnet Henrik VII etter at han hadde sigra over Rikard III i slaget ved Bosworth Field i 1485, som enda rosekrigane.

Gjennom brotet mellom Henrik VIII og den katolske kyrkja blei monarken leiar for den anglikanske kyrkja i England og Irland. Tittelen til Elisabet I blei 'overguvernør for den anglikanske kyrkja' (engelsk Supreme Governor of the Church of England).

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Henrik VII
(Henry VII)
Henry Tudor of England cropped.jpg 28. januar 1457
på slottet Pembroke Castle
son av Edmund Tudor
og Margaret Beaufort
Konge 22. august 1485
etter at Rikard III døydde
21. april 1509
på slottet Richmond Palace
[66]
Henrik VIII
(Henry VIII)
Hans Holbein d. J. 074.jpg 28. juni 1491
på slottet Greenwich Palace
son av Henrik VII og Elizabeth av York
Konge 21 april 1509
etter at Henrik VII døydde
28. januar 1547
på slottet Whitehall Palace
[67]
Edvard VI
(Edward VI)
Edward VI of England c. 1546.jpg 12. oktober 1537
på slottet Hampton Court Palace
son av Henrik VIII
og Jane Seymour
Konge 28. januar 1547
etter at Henrik VIII døydde
6. juli 1553
på slottet Greenwich Palace
av sjukdom
[68]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Omstridd pretendent

Edvard VI utnemnde lady Jane Grey til tronfølgjar. Fire dagar etter at han døydde den 6. juli 1553 blei Jane utropt til regjerande dronning. Ni dagar etter utnemninga, den 19. juli, bytta det kongelege rådet (engelsk Privy Council) side og utropte den katolske halvsystera til Edvard VI, Maria, til dronning i staden. Jane blei avrettae i 1554, 16 år gammal. Få historikarar reknar henne som ein legitim monark.

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Jane Grey
Nidagarsdronninga
(Lady Jane Grey, the Nine Days Queen)
Streathamladyjayne.jpg Oktober 1537
på slottet i Bradgate Park
dotter av hertug Henry Grey av Suffolk
og Frances Brandon
Utropt til regjerande dronning 10. juli 1553
etter at Edvard VI døydde
19. juli 1553
avsett av kongelege rådet
12. februar 1554
avretta ved halshogging i Tower of London
[69]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Maria I (den blodige)
(Mary I / Bloody Mary)
Mary I of England.jpg 18. februar 1516
på slottet Greenwich Palace
dotter av Henrik VIII
og Katarina av Aragon
Utropt til regjerande dronning 19. juli 1553
etter at Jane Grey blei avsett
17. november 1558
på slottet St. James's Palace
kanskje av ei eggstokkcyste eller livmorskreft
[68]
Filip
(Philip)
Portrait of Philip II of Spain by Sofonisba Anguissola - 002b.jpg 21. mai 1527
i Valladolid i Spania
son av den tysk-romerske keisaren Karl V
og Isabella av Portugal
«Konge» 25. juli 1554 17. november 1558
etter at Maria I døydde
13. september 1598
i Escorial i Spania
[70]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Kunglig vapensköld 1554–1558 Ifølgje vilkåra for ekteskapet mellom Filip I av Napoli (Filip II av Spania frå og med 15. januar 1556) og dronning Maria I, skulle Maria sine titlar og privilegium tilfalla Filip så lenge ekteskapet varte. Alle offisielle dokument, medrekna lovar stifta av parlamentet, skulle underskrivast med namna til begge og parlamentet skulle sammankallast under autoriteten til paret saman. Ein parlamentslov gav han tittelen konge og sa at han "shall aid her Highness ... in the happy administration of her Grace’s realms and dominions")[71] (sjølv om loven andre stader oppgav at Maria skulle vera dronning åleine). Uansett skulle Filip regjera saman med kona si.[72] Ettersom den nye kongen av England ikkje kunne lesa engelsk, blei det gjeve ordre om at alle statsaffærer skulle omtalast på latin eller spansk.[72][73][74] Myntar blei prega med ansikta til både Maria og Filip og det engelske riksvåpenet sett saman med våpenet til Filip for å visa til samregjeringa deira.[75][76] Lovar som gjorde det til høgforræderi å fornekta den kongelege autoriteten til Filip blei laga i England[77] og Irland.[78] I 1555 gav pave Paulus IV ut ein bulle der Filip og Maria blei erkjende som rettmessig konge og dronning av Irland.

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Elisabet I
Jomfrudronninga
(Elizabeth I, the Virgin Queen)
Elizabeth I in coronation robes.jpg 7. september 1533
på slottet Greenwich Palace
dotter av Henrik VIII
og Anne Boleyn
Regjerande dronning 17. november 1558
etter at Maria I døydde
24. mars 1603
på slottet Richmond Palace
[68]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Slekta Stuart[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Huset Stuart.

Etter at Elisabet I døydde utan arvingar i 1603 blei ho etterfølgd av den skotske kongen Jakob VI, som blei Jakob I gjennom kroneunionen. Jakob stamma frå Tudor-ætta gjennom oldemora Margaret Tudor, som var eldste dotter av Henrik VII. I 1604 tok han tittelen konge av Storbritannia, men dei to parlamenta (det engelske og det skotske) blei verande separate.

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Jakob I
Fredsmakarkongen
(James I, the Peacemaker King)
King James I of England and VI of Scotland by John De Critz the Elder.jpg 19. juni 1566
på slottet Edinburgh Castle
son av Henry og Maria Stuart
Konge 24. mars 1603
etter at Elisabet I døydde
27. mars 1625
på slottet Theobalds House
[79]
Karl I
(Charles I)
Charles I (Daniel Mytens).jpg 19. november 1600
på slottet Dunfermline Palace
son av Jakob I
og Anne av Danmark
Konge 27. mars 1625
etter at Jakob I døydde
30. januar 1649
avretta ved halshogging på slottet Whitehall Palace
[80]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Samveldet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det engelske samveldet.

Det var ingen regjerande monark mellom avrettinga av Karl I i 1649 og gjeninnsetjinga av kong Karl II i 1660. I staden hadde følgjande personar makta under tittelen lordprotektor frå 1653, under perioden kalla protektoratet.

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Oliver Cromwell
(Oliver Cromwell, Old Ironsides)
Oliver Cromwell by Samuel Cooper.jpg 25. april 1599
i Huntingdon
son av sir Robert Cromwell
og Elizabeth Steward
Lordprotektor 16. desember 1653 3. september 1658
i Whitehall
[81][82]
Richard Cromwell
(Richard Cromwell, Tumbledown Dick)
RichardCromwell.jpeg 4. oktober 1626
i Huntingdon
son av Oliver Cromwell
og Elizabeth Bourchie
Lordprotektor 3. september 1658
etter at Oliver Cromwell døydde
25. mai 1659
abdiserte etter press frå parlamentet
12. juli 1712
i Cheshunt
[83][84]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Slekta Stuart (gjeninnsett)[endre | endre wikiteksten]

Etter at monarkiet blei gjeninnsett i 1660 hadde Karl II ei relativt fredeleg regjeringstid, men det var framleis gnissingar mellom protestantar og katolikkar. Då den katolske broren til Karl, Jakob II, kom til makta, braut det ut eit opprør som kulminerte med den ærerike revolusjonen i 1688, då parlamentet tok retten til å godkjenna monarken.

Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder
Karl II
(Charles II, the Merrie Monarch)
Charles II (1670s).jpg 29. mai 1630
på slottet St. James's Palace
son av Karl I og
Henrietta Maria av Frankrike
Anerkjend som konge av rojalistar 30. januar 1649
ved avrettinga av Karl I
Konge 29. mai 1660
ved den engelske restaurasjonen
6. februar 1685
på slottet Whitehall Palace
[85][86]
Jakob II
(James II)
James II by John Riley.png 14. oktober 1633
på slottet St. James's Palace
son av Karl I og
Henrietta Maria av Frankrike
Konge 6. februar 1685
etter at Karl II døydde
23. desember 1688
avsett under den ærerike revolusjonen
16. september 1701
slottet i Saint-Germain-en-Laye
[87]
Maria II
(Mary II)
Queen Mary II.jpg 30. april 1662
på slottet St. James's Palace
dotter av Jakob II
og Anne Hyde
Regjerande dronning og
samregent med ektemaken Vilhelm III
13. februar 1689
etter avsettinga av Jakob II
28. desember 1694
på slottet Kensington Palace
[87]
Vilhelm III
Vilhelm av Oranien
(William III / William of Orange)
King William III of England, (1650-1702).jpg 4. november 1650
i Haag i Nederlanda
son av statthaldaren Vilhelm II av Oranien
og prinsesse Maria av Oranien
Konge og
samregent med ektemaken Maria II
13. februar 1689
etter avsettinga av Jakob II
8. mars 1702
på slottet Kensington Palace
[88][89]
Anna
(Anne)
Wissing, Willem - Queen Anne, 1687.jpg 6. februar 1665
på slottet St. James's Palace
dotter av Jakob II
og Anne Hyde
Regjerande dronning 8. mars 1702
etter at Vilhelm III døydde
1. mai 1707
då ho i staden offisielt blei regjerande dronning av Storbritannia
1. august 1714
på slottet Kensington Palace
[90][91]
Namn
Norsk · Engelsk
Bilde Fødd Tiltredde Fråtredde Død Kjelder

Unionslovane[endre | endre wikiteksten]

Unionslovane var eit par lovar vedtekne av det engelske og det skotske parlamentet som sameinte Kongeriket England og Kongeriket Skottland, to tidlegare suverene statar, til eit land med namnet Kongeriket Storbritannia.[92]

Dei to landa hadde hatt same regent i rundt 100 år (sidan sameiningar av kronene i 1603, då kong Jakob VI av Skottland arva den engelske trona frå Elisabet I). Fram til 1707 var det likevel snakk om to separate kroner på same hovud. Ein hadde gjort tre forsøk, i 1606, 1667 og 1689, på å sameina dei to landa gjennom lovar, men det var ikkje før tidleg på 1700-talet at tanken hadde støtte i begge parlamenta.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Standardtittelen for alle monarkar frå Alfred den store på slutten av 800-talet til kong Johan i byrjinga av 1200-talet var Rex Anglorum ('konge av engelskmennene', engelsk King of the English). I tillegg tok mange av dei førnormanniske angelsaksiske kongane andre titlar:

  • Alfred den store: Rex Angulsaxonum ('konge av angelsaksarane', engelsk King of the Anglosaxons) og Rex Anglorum et Saxonum ('konge av anglarane og saksarane, engelsk King of the Angles and Saxons)
  • Æthelstan den ærerike: Rex Anglorum per omnipatrantis dexteram totius Bryttaniæ regni solio sublimatus
  • Edmund den strålande: Rex Britanniae og Rex Anglorum caeterarumque gentium gobernator et rector
  • Edred: Regis qui regimina regnorum Angulsaxna, Norþhymbra, Paganorum, Brettonumque
  • Edwy den rettvise: Rex nutu Dei Angulsæxna et Northanhumbrorum imperator paganorum gubernator Breotonumque propugnator
  • Edgar den fredelege: Totius Albionis finitimorumque regum basileus
  • Knut den store: Rex Anglorum totiusque Brittannice orbis gubernator et rector og Brytannie totius Anglorum monarchus

Under normannartida blei Rex Anglorum verande standard, men tidvis nytta ein også Rex Anglie (Konge av England, engelsk King of England). Keisarinne Matilda kalla seg Domina Anglorum ('frue av engelskmennene', engelsk Lady of the English).

Frå kong Johans tid og seinare blei alle eldre titlar avskaffa til fordel for Rex Anglie, eller Regina Anglie ('dronning av England', engelsk Queen of England) for kvinner.

I 1604 tok Jakob I, som hadde arva den engelske trona året før, tittelen (no vanlegvis skriven på engelsk heller ennn latin) 'Konge av Storbritannia' (engelske King of Great Britain). Det engelske og skotske parlamentet anerkjende likevel ikkje denne tittelen før Unionslovane frå 1707 under dronning Anna.[93]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I 1801 blei Kongeriket Irland, som hadde vore under engelsk styre sidan Henrik II, ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland (engelsk United Kingdom of Great Britain and Ireland) gjennom Unionsaktene (1800), som varte til skipinga av Den irske fristaten i 1922 og namneendringa på den gjenverande staten til Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland (engelsk United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland).
  2. Keynes: Michael Lapidge: The Blackwell Encyclopedia of Anglo-Saxon England ”Offa”, Blackwell, Oxford 1999, s. 301–341. ISBN 0-631-22492-0.  "The notion that Offa claimed to be 'king of the English', or 'king of the whole country of England', has been shown to depend, however, on charters forged in the tenth century. In his own day he was 'king of the Mercians', and proud enough to be so." (s. 341)
  3. Wormald: Matthew Campbell: The Anglo-Saxons ”The Age of Offa and Alcuin”, Phaidon, Doncaster 1996, s. 101–128. ISBN 0-14-014395-5.  "Charlemagne, moreover, saw England as if it were ruled by two kings only; Æthelred ruling Northumbria, and Offa everything to the south." (s. 101)
  4. 4,0 4,1 The Earliest English Kings, D.P. Kirby
  5. Bertram Colgrave: Felix's Life of Saint Guthlac, Cambridge University Press, 1956, s. 176. ISBN 0-521-31386-4. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Burke's Peerage & Gentry. Henta 7. september 2007.
  7. Yorke, Barbara. Bishop Æthelwold. His Career and Influence. Woodbridge, 1988. s. 71
  8. Textus Roffensis
  9. «thePeerage.com – Æthelbald, King of Wessex and others». Henta 24. oktober 2007. 
  10. «King Egbert». Henta 24. oktober 2007. 
  11. Britain's Royal Family: A Complete Genealogy, The Bodley Head, London 1999, s. 6. 
  12. Alfred (the Great) på Archontology.org. Henta 15. mars 2007.
  13. Catholic Encyclopedia: Alfred the Great. Henta 14. mars 2007.
  14. Alfred the Great. Henta 14. mars 2007.
  15. EADWEARD (Edward the Elder) på Archontology.org. Henta 15. mars 2007.
  16. Det finst ulike kjelder som oppgjev Edvard den eldre sin fødsel til ein gong på 870-talet, ettersom han var det andre barnet i eit ekteskap inngått i 868. Det finst ingen kjelder som nemner fødselen hans etter 877. Anglo-Saxons.net : Edward the Elder. Henta 15. mars 2007.
  17. English Monarchs – Kings and Queens of England – Edward the Elder. Henta 21. januar 2007.
  18. Aethelstan på Archontology.org. Henta 15. mars 2007.
  19. EADMUND (Edmund) på Archontology.org. Henta 17. mars 2007.
  20. English Monarchs – Kings and Queens of England – Edmund the Elder. Henta 17. mars 2007.
  21. EADRED (Edred) på Archontology.org. Henta 17. mars 2007.
  22. BritRoyals – King Edred. Henta 17. mars 2007.
  23. EADWIG (Edwy) på Archontology.org. Henta 17. mars 2007.
  24. Catholic Encyclopedia: Edwy. Henta 17. mars 2007.
  25. EADGAR (Edgar the Peacemaker) på Archontology.org. Henta 17. mars 2007.
  26. The Ætheling. Henta 17. mars 2007.
  27. EADWEARD (Edward the Martyr) på Archontology.org. Henta 17. mars 2007.
  28. 28,0 28,1 Ethelred den villrådige blei nøydd til å gå i eksil sommaren 1013, etter at danskane hadde invadert England, men prøvde å ta att den engelske krona etter at Sven Tviskjegg døydde. AETHELRED (the Unready) på Archontology.org. Henta 17. mars 2007.
  29. 29,0 29,1 Schoolnet Spartacus: Ethelred Arkivert 5. august 2011 på Wayback Machine.. Henta 17. mars 2007.
  30. English Monarchs – Kings and Queens of England – Ethelred II, the Redeless. Henta 17. mars 2007.
  31. «English Monarchs». Henta 27. oktober 2007. 
  32. «Sweyn (Forkbeard) - Archontology.org». Henta 27. oktober 2007. 
  33. «thePeerage.com – Person Page 10242». Henta 27. oktober 2007. 
  34. thePeerage.com – Person Page 102175. Henta 25. mars 2010.
  35. 35,0 35,1 EADMUND (Edmund the Ironside) på Archontology.org. Henta 17. mars 2007.
  36. English Monarchs – Kings and Queens of England – Edmund Ironside. Henta 17. mars 2007.
  37. Edmund II (king of England) på Britannica.com. Henta 25. mars 2010.
  38. CNUT (Canute) på Archontology.org. Henta 21. mars 2007.
  39. thePeerage.com – Person Page 10219. Henta 25. mars 2010.
  40. Harald var berre anerkjend som konge nord for elva Themsen fram til 1037. Først etter dette blei han anerkjend som konge av heile England.«Harold (Harefoot) - Archontology.org». Henta 27. oktober 2007. 
  41. 41,0 41,1 «thePeerage.com – Person Page 10220». Henta 27. oktober 2007. 
  42. «Harthacnut - Archontology.org». Henta 28. oktober 2007. 
  43. 43,0 43,1 «thePeerage.com – Person Page 10218». Henta 26. oktober 2007. 
  44. Etter å ha herska i omkring 9 veker kapitulerte Edgar den fredlause til Vilhelm erobraren, som hadde tatt kontroll over området sør og like vest for London («Eadgar (the Ætheling) - Archontology.org». Henta 26. oktober 2007. ).
  45. «thePeerage.com – Person Page 9». Henta 26. oktober 2007. 
  46. 46,0 46,1 «thePeerage.com – Person Page 10203». Henta 25. oktober 2007. 
  47. 47,0 47,1 «thePeerage.com – Person Page 10204». Henta 25. oktober 2007. 
  48. «STEPHEN (of Blois) på Archontology.org». Henta 25. oktober 2007. 
  49. Matilda herska samtidig som Stefan av Blois, men styret hennar var ikkje anerkjend overalt. «thePeerage.com – Person Page 10204». Henta 27. oktober 2007. 
  50. «MATILDA (the Empress) på Archontology.org». Henta 27. oktober 2007. 
  51. 51,0 51,1 «thePeerage.com – Person Page 10202». Henta 25. oktober 2007. 
  52. «thePeerage.com – Person Page 10201». Henta 25. oktober 2007. 
  53. «thePeerage.com – Person Page 10193». Henta 25. oktober 2007. 
  54. «thePeerage.com – Person Page 10191». Henta 25. oktober 2007. 
  55. Edvard II blei offisielt avsett av parlamentet den 25. januar 1327, etter å ha blitt fengsla den 16. november 1326. «thePeerage.com – Person Page 10094». Henta 25. oktober 2007. 
  56. Datoen for kva tid Edvard II døydde er sett spørsmål ved av Ian Mortimer i boka The Perfect King: The Life of Edward III, Father of the English Nation (ISBN 0-09-952709-X), der han hevdar at Edvard kanskje ikkje blei drepen, men halden fengsla i Europa i fleire år til.
  57. «thePeerage.com – Person Page 10188». Henta 25. oktober 2007. 
  58. Rikard II blei avsett og fengsla av Henrik Bolingbroke, som tok makta gjennom krava som faren hans Johan av Gent tidlegare hadde hevda. «thePeerage.com – Person Page 10206». Henta 25. oktober 2007. 
  59. 59,0 59,1 «thePeerage.com – Person Page 10187». Henta 25. oktober 2007. 
  60. «HENRY IV på Archontology.org». Henta 25. oktober 2007. 
  61. «HENRY V på Archontology.org». Henta 28. november 2009. 
  62. 62,0 62,1 Edvard IV tok over trona i 1461 etter fleie år med borgarkrig. Henrik VI blei gjeninnsett i rundt fem månader i 1470 før han igjen blei avsett, denne gongen for godt. «thePeerage.com – Person Page 10186». Henta 25. oktober 2007. 
  63. 63,0 63,1 Edvard avsattes kortvarigunder sin regeringstid av Henrik VI. «thePeerage.com – Person Page 10164». Henta 25. oktober 2007. 
  64. Edvard V blei avsett av Rikard III, som tok over trona under påskotet om at Edvard var illegitim. «EDWARD V på Archontology.org». Henta 25. oktober 2007. 
  65. «RICHARD III på Archontology.org». Henta 25. oktober 2007. 
  66. «thePeerage.com – Person Page 10142». Henta 25. oktober 2007. 
  67. «thePeerage.com – Person Page 10148». Henta 25. oktober 2007. 
  68. 68,0 68,1 68,2 «thePeerage.com – Person Page 10150». Henta 25. oktober 2007. 
  69. Jane blei avsett til fordel for Maria I. «thePeerage.com – Person Page 10152». Henta 25. oktober 2007. 
  70. Filip var ikkje tenkt å vera berre ein prinsgemal, men som ein medregent under styret til Maria. Statusen og makta hans var likevel tvitydig. Ein parlamentslov (1 Mar. stat. 2 c. 2) seier at Filip skal ha tittelen konge og "shall aid her Highness ... in the happy administration of her Grace’s realms and dominions". Andre stader blir det sagt at Maria skal vera dronning åleie.
  71. 1 Mar. stat. 2 c. 2
  72. 72,0 72,1 Louis Adrian Montrose, The subject of Elizabeth: authority, gender, and representation, University of Chicago Press, 2006
  73. A. F. Pollard, The History of England – From the Accession of Edward VI. to the Death of Elizabeth (1547–1603), READ BOOKS, 2007
  74. Wim de Groot, The Seventh Window: The King's Window Donated by Philip II and Mary Tudor to Sint Janskerk in Gouda (1557), Uitgeverij Verloren, 2005
  75. Richard Marks, Ann Payne, British Museum, British Library; British heraldry from its origins to c. 1800; British Museum Publications Ltd., 1978
  76. American Numismatic Association, The Numismatist, American Numismatic Association, 1971
  77. Treason Act 1554
  78. Robert Dudley Edwards, Ireland in the age of the Tudors: the destruction of Hiberno-Norman civilisation, Taylor & Francis, 1977
  79. «thePeerage.com – Person Page 10137». Henta 25. oktober 2007. 
  80. «thePeerage.com –Person Page 10138». Henta 25. oktober 2007. 
  81. «Oliver Cromwell 1599–1658». Henta 25. oktober 2007. 
  82. «New Page 1». Arkivert frå originalen 29. september 2007. Henta 25. oktober 2007. 
  83. «Richard Cromwell, Lord Protector, 1626–1712». Henta 25. oktober 2007. 
  84. «CROMWELL, Richard på Archontology.org». Arkivert frå originalen 16. oktober 2007. Henta 25. oktober 2007. 
  85. Britannia: Monarchs of Britain
  86. «thePeerage.com – Person Page 10139». Henta 30 November 2008. 
  87. 87,0 87,1 «thePeerage.com – Person Page 10136». Henta 25. oktober 2007. 
  88. «thePeerage.com – Person Page 10141». Henta 25. oktober 2007. 
  89. «WILLIAM III på Archontology.org». Henta 25. oktober 2007. 
  90. «Anne (England) på Archontology.org». Henta 25. oktober 2007. 
  91. «thePeerage.com – Person Page 10134». Henta 25. oktober 2007. 
  92. Act of Union Arkivert 15. oktober 2008 på Wayback Machine. på parliament.uk, henta 7. oktober 2008.
  93. Etter personalunionen av kronene blei Jakob den første som kalla seg Konge av Storbritannia, men tittelen blei forkasta av det engelske parlamentet og mangla lovleg grunnlag. Det skotske parlamentet motsette seg også tittelen. Croft, p67; Wilson, s. 249–252.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Engelske regentar