Lommar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gaviiformes)
«Lom» omdirigerer hit. For kommunen i Oppland, sjå Lom kommune.
For lommar i klede, sjå lomme.
Lommar
Ullustrasjon utval av lommar, av Archibald Thorburn. Øvst: islom, midt-venstre: smålom, midt-høgre: gulnebblom, nedst: storlom
Ullustrasjon utval av lommar, av Archibald Thorburn. Øvst: islom, midt-venstre: smålom, midt-høgre: gulnebblom, nedst: storlom
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Lommar Gaviiformes
Wetmore, 1926

Lommar (norr. lómr, 'lom, klynking') er ein biologisk orden Gaviiformes, som inneheld ei biologisk slekt Gavia av store vassfuglar med utbreiing i nordlege Eurasia og i Nord-Amerika. Lommar har storleik som store ender eller små gjæser. Dei er større enn dukkarar, som dukkarar har også lommar beina festa langt bak på kroppen slik at dei har vanskar med å gå. Alle lomartar har to ulike fjørdrakter, ei hekkardrakt og ei drakt når dei ikkje hekkar. Farga på fjørdrakta er typisk svart og kvit, ofte kvit buk og somme artar har gråfarge på hovud og nakke. Dei har spydforma nebb.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Islom, Gavia immer
Foto: Ómar Runólfsson
Typisk flygeprofil av en lom, ein Gavia-art.
Islom som reiser seg opp.
Foto: Flickr-brukar The Rohit

Utbreiinga er hovudsakleg nordlege, Nord-Amerika og Eurasia med trekk sørover langs kystar om vinteren. I regelen held lommar seg i ferskvatn i hekkesesongen om sommaren, og i andre årstider som regel langs kystar, med avvik frå art til art. Til dømes kan smålom hekke ved ferskvatn samtidig som dei søkjer føde i havet. Islom har hovudutbreiing i Nord-Amerika og er dessutan òg utbreidd med hekkingGrønland og Island. Amerikastorlom hekkar i Russland aust for elva Lena, i tillegg til nordlege Canada og Alaska. Den sørlege grensa for førekomsten av hekkande storlom og smålom i Europa ligg i nordre Irland, Nord-Skottland og sørlege Skandinavia. Gulnebblom hekkar i den nordaustlege delen av Sibir og lengst nord i Nord-Amerika.

Vinterkvartala varierer med arten, men er grovt rekna kystane av Europa, Asia og Nord-Amerika, i Europa omfattar dei blant anna Nordsjøen, Austersjøen og det nordlege Middelhavet, i Nord-Amerika, alt sør til Baja California og Florida, i Asia langs den kinesiske kysten sør til Hainan. Grønlandske og islandske bestandar av islom kan observerast på kysten av Europa om vinteren og berre unnataksvis på store innsjøar. Meir vanleg er smålom og storlom trekkfugl om vinteren i større mengd til sentrale europeiske kystar.

I Noreg er smålom og storlom hekkefuglar, men trekker delvis sør for landet om vinteren. Islom og gulnebblom og i ei viss grad smålom og storlom førekjem langs kysten av Noreg vinterstid. Islommar er mest vanlege frå og med Nordland fylke sørover til Østfold, mens gulnebblommar er mest talrike frå jærkysten til Troms. Begge artane er registrerte i Skjerstadfjorden og i Trondheimsfjorden vinterstid.[1] Begge beitar vinterstid i farvatn med 20 til 30 meters djupne,[2] men islom oftast i litt grunnare område enn gulnebblom.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Lommar er store vassfuglar med ei kroppslengde på 53–91 cm og eit vengespenn på 106-152 centimeter. Vekta er mellom 1 og 6,4 kg, dei største lomartane er tyngre enn grågås. Lommar skil seg frå dukkarar hovudsakleg ved at lommar har full symjehud mellom dei tre framovervende tærne, men òg av ein synleg, om kort hale. Lommar har ein straumlinjeforma kropp som er tilpassa liv i vatn. Beina sit langt tilbake på kroppen, og kraftige føter perfeksjonerer symjing i og under vatn. Fjørdrakta er mykje tett og isolerer godt mot kulde i arktiske og subarktiske farvatn.

Kjønna av lommar har identiske fjørdrakt. Hannane er større i gjennomsnitt, men skilnaden er berre tydeleg når fuglar av ulikt kjønn er saman. Hekkedrakta om sommaren er svartkvitt mønstra, med grått på hovudet og nakken hos einskilde artar. Hos alle artar er buken kvit.

Vinterdrakta er mørk grå på oversida, med nokre uklare ljosare flekker på vengene, og kvit hake, hals og underside. Arten kan då identifiserast av funksjonar som storleik og farge på hovud, nakke, rygg og nebb, men ofte er identifikasjon vanskeleg sjølv for ekspertar - særleg når dei mindre umodne fuglane liknar på vinterfjørdrakta til vaksne, noko som gjer storleiken til ein upåliteleg identifikasjonsnøkkel.[3] Ungfuglar av lommar myter til ei andre dundrakt før den første, juvenile fjørdrakta veks ut. Denne eigenskapen deler dei med stormfuglar og pingvinar.[4]

Lommar lever hovudsakleg av fisk som dei fangar under dukking. Dei er perfekte dukkarar, kan helde seg under vatn i over åtte minutt og gå ned til 75 meters djupne, men vanlegvis varer dukket under eit minutt og går berre to til tre meter djupt. Lommar sym ofte svært lange avstandar under vatn. Ved symjing på vassoverflata kan dei ligge så djupt nedsenka at berre ei smal stripe av ryggen er synleg. Fuglen held hovudet peikande svakt oppover under symjing, men ikkje så høgt som skarvar gjer. Men ofte kan dei «snorkle» i vassoverflata for å speide etter byttet før dei forsvinn ned i vatnet, når lommar dukkar skjer det ikkje med eit opphopp slik som skarvar ofte gjer.

Lommar flyg betre enn ein kan vente, med omsyn på den tunge kroppen og dei relativt korte, smale vengene. Dei største artane treng ei open strekning for å få løft opp av vatnet. Berre smålom kan ta av frå land. Når dei er komne i lufta, har dei evne til å halde ut lange trekk mellom vinter- og sommaropphaldsstad. I flukt held lommar hovudet lågt, lågare enn andre tilsvarande vasslevande fuglar. Dei flyg gjerne i stor høgd, sjeldan i større flokkar. Unntaket er amerikastorlom som kan trekke i flokkar.

Levetida for lommar kan bli så mykje som 30 år.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Den karakteristiske songen frå lommar er ein ekstremt høg og melodisk uling med lang rekkjevidd, av dei kraftigaste læte som kan høyrast på arktiske breiddegradar. Denne songen vert berre brukt i hekkesesongen, og nyttast for å hevde territorium. Hos smålom er det begge kjønn som ytrar seg slik, hos dei andre artane er det berre hannar.

Dei har dessutan andre læte som varselrop utløyst ved fare. Hos smålom, storlom og amerikastorlom er varselropet som ramneskrik, hos gulnebblom og islom meir som latterskrik.

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Smålom, Gavia stellata
Foto: Ómar Runólfsson
Juvenil smålom
Foto: Mark Jobling

Lommar hekkar i løpet av sommaren på innsjøar eller store dammar. Mindre vatn, opp til 0,5 km ², vil vanlegvis berre ha eitt par, større innsjøar kan ha fleire par.

Dei byggjer reiret i nærleiken av vasskanten, og føretrekk stader som er fullt omringa av vatn, til dømes øyar eller oppveksande vegetasjon. Lommar brukar ei rekkje materialar for å byggje reiret inkludert akvatisk vegetasjon, barnåler, lauv, gras, mose og gjørme. Begge kjønn tar del i reirbygging og ruging over ca. 28 dagar. Viss egga går tapt, kan paret reetablere reiret, vanlegvis med ei anna plassering.

Trass deling av byrde mellom kjønna i reirbygging og ruging, har analysar vist tydeleg at hannar åleine vel reirplasseringa. Hannar forsvarer territoria sine hardt.[5]

Dei fleste kulla består av to egg som blir lagt i mai eller juni, avhengig av breiddegrad. Ungane er langt utvikla ved klekking, dei kan symje og dukke med ein gong, men vil ofte sitje på ryggen til foreldra i løpet av dei første to vekene for å kvile, få varme, og vern mot predatorar.

Foreldra matar ungane sine i ca. seks veker, men etter kvart byrjar dei å beite sjølv. Etter 11 til 12 veker vil ungane samle nesten all føda og dei har lært å flyge.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Lommar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[7]

Slekt Gavia

  • Smålom, Gavia stellata, Red-throated Loon, LC, Pontoppidan, 1763
  • Storlom, Gavia arctica, Arctic Loon, LC, Linné, 1758
  • Amerikastorlom, Gavia pacifica, Pacific Loon, LC, Lawrence, 1858
  • Islom, Gavia immer, Common Loon, LC, Brünnich, 1764
  • Gulnebblom, Gavia adamsii, Yellow-billed Loon, NT, Gray, 1859

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jørgensen, Finn (2006). Norsk vinterfuglatlas: fuglenes utbredelse, bestandsstørrelse og økologi vinterstid. Trondheim: Norsk ornitologisk forening. ISBN 978-82-7852-073-4. 
  2. Strann, Karl-Birger. 2008. Wintering large divers (G. adamsii and G. immer) along the Norwegian coast. In: A. Håland (ed.), The Loon & Diver Workshop 2007 2008: 1: 47. Vardø, Norway.
  3. Appleby, R.H.; Steve C. Madge & Mullarney, Killian (1986): Identification of divers in immature and winter plumages. British Birds 79(8): 365-391.
  4. Olson, Storrs L. (1985): Section X.I. Gaviiformes. In: Farner, D.S.; King, J.R. & Parkes, Kenneth C. (eds.): Avian Biology 8: 212-214. PDF fulltext Arkivert 2011-07-18 ved Wayback Machine.
  5. Piper, W.H.; Evers, D.C.; Meyer, M.W.; Tischler, K.B. & Klich, M. (2000a): Do common loons mate for life?: scientific investigation of a widespread myth. I: McIntyre, J. & Evers, D.C. (red.): Loons: old history and new findings – proceedings of a symposium from the 1997 meeting of the American Ornithologists' Union: 43-49. North American Loon Fund, Meredith, New Hampshire.
  6. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lommar