Hn/Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Island».
Ísland

(norsk: Island, islandsk)

Det islandske flagget Det islandske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Offisielt namn Lýðveldið Ísland (Republikken Island)
Nasjonalsong «Lofsöngur»
Geografisk plassering av Island
Offisielle språk Islandsk
Hovudstad Reykjavík
Styresett
Republikk
Guðni Th. Jóhannesson
Bjarni Benediktsson
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
103 000 km² (107.)
2,7 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
339 747 (174.)
3,3 /km² (194.)
Sjølvstende
17. juni 1944
Nasjonaldag 17. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
15 010 mill. USD (148.)
47 500 USD (22.)
Valuta Króna
Tidssone UTC
Telefonkode +354
Toppnivådomene .is


Island, offisielt Republikken Island, er eit øyrike i det nordlege Atlanterhavet millom Grønland og Storbritannia, nordvest fyr Færøyane. Island var norsk skattland frå 1263 til 1814, og fekk sjølvstende frå Danmark i 1944.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Island vart kolonisert av norsk-irske og norske utvandrarar i slutten av 800-talet og gjennom 900-talet. Island hev eit av dei eldste tinga eller nasjonalforsamlingane i verda, Alltinget, sum vart danna i 930.

Island var sjølvstendig i meir enn 300 år, men vart frå 1263 underlagt Noreg. Då Noreg gjekk i union med Danmark fylgde Island med, men då Noreg gjekk tapt fyr Danmark i 1814 vart Island verande dansk. Eit avgrensa sjølvstyre vart innført i 1874, og sjølvstende fylgde i 1918. Den danske kongen var statsoverhovud fram til 1944, då Island vart ein republikk.

Landet vert bygt[endre | endre wikiteksten]

Fyrste gongen Island vert nemnt i skriftlege kjeldor, er etter den irske munken Dicuil sine nedskrivingar av 825. Diverre var dette inga generell geografisk skildring av landet. I staden freista munken å kasta ljos yver eit par spurningar sum tidlegare forfattarar ikkje havde vore samde um. Den fyrste spurninga galdt um eit land langt i nord, kalla Thule, var heilt umgjeve av is. Den andre spurninga galdt um året i nord berre havde éin dag og éi natt, på seks månader kvar. Det kann ikkje vera tvil um at Dicuil meinte Island då han skreiv Thule. Dette veit vi, i og med at grekaren Pytheas, sum levde i Massalia (Marseille) på 300-talet f.Kr., må ha sikta til Noreg då han skildra eit Thule sum alt var busett. Forteljinga hans Dicuil er viktig fordi ho lèt vita at øyi på tidleg 800-talet stort sett var folketom.

Då islendingen Are Frode1130-talet tok til med å skriva historia åt øyi og folket, lét han vita at då landnåmsmennene fyrst kom budde det kristne irar på øyi, sum han kalla "papar"; eit ord sum skandinavane havde laga av eit irsk ord fyr "prest". Sidan papane ikkje ville bu saman med heidningane, flydde dei.

Are skreiv ei lita bok, Íslendingabok, sum på kring tjue sider tek fyr seg heile den islandske historia ned til hans eiga tid. Ei anna kjelde um den tidlege busetjinga av øyi er Landnámabók, sum er ei langt meir umfattande framstilling. Til å byrja med kann Are ha vore involvert, men boka ligg no føre berre i utvida og seine redaksjonar frå 1200-talet og utover. Landnámabók umhandlar dei um lag 400 personane sum tok land på Island. Boka legg ofte ut um kvar desse menneska kom ifrå då dei la i veg til Island, og dessutan um kven sum var forfedrane deira.

Moderne historikarar tek jamvel desse kjeldone sum regel med ei klype salt. Dette kjem av at sjølv um historia åt islendingane på Are si tid etter måten var kort og oversiktleg, kunne særskilde oppfatningar av landnåmet og av gamle eigedomstilhøve ha spelt ei viktig rolle fyr dei seinare islandske hovdingslektene. Desse var i innbyrdes strid på 1100- og 1200-talet. sum ei fylgje av dette kann noko av innhaldet i Landnámabók vera reint oppspinn. Islendingane tykte like eins vel um å framstilla seg sjølve sum ætlingar av dei gamle kongane i Norden og andre store hovdingar. Desse sistnemnde opplysningane er rekna til nokre av dei aller minst truverdige i Landnámabók.

Ifylgje Landnámabók skal den fyrste landnåmsmannen ha vore Ingolf Arnarsson frå Fjaler i Sunnfjord. Landnåmet hans umfatta eit stort område kring det noverande Reykjavik der det sidan kom til å liggja mange gardar. Andre tidlege landnåms-menn sum tok mykje land, var Helge Magre frå Agder, Skallagrim Kveldulvsson frå Fjordane, sum var far til Egil Skallagrimsson, og Kjetil Høng frå Namdalen.

Dei fyrste islandske historikarane knytte busetjinga av øyi til det dei såg på sum eit hovudskilje i norsk historie. Are Frode og etterfylgjarane hans understreka at landnåmet på Island fann stad samstundes med at Harald Hårfagre tok til med å leggja Noreg under seg. Dei sum hovudsakleg dreiv dette framover skal ha vore hovdingar sum ikkje fann seg i det nye kongedømet, Haralds ofríki ("tyranni").

Are Frode tidfeste landnåmet åt Ingolf Arnesson til 870, og dessutan meinte han at den eigenlege landnåmstida var yver i 930. Men funnmaterialet tyder derimot på at landnåmet tok til eit par tiår tidlegare, kring 850. Dei islandske hovdinggravene er òg mykje fattigare enn dei norske frå den same perioden. Dette vert tolka sum at det islandske hovding-sjiktet hovudsakleg er vakse fram av bondeklassen, og dessutan at dei boklege kjeldone i regelen overdriv statusen åt desse hovdingane før landnåmet.

Fristaten[endre | endre wikiteksten]

I ein viss forstand kann ein seia at Island vart eit eige rike allereie på 900-talet. Men i motsetnad til Norden i rikssamlingstida vart ikkje dette riket skipa gjennom erobring, og det vart heller ikkje bygd på militærmakt. Når islendingane omtala riket sitt, kalla dei det vár lǫg, "vår lov". Med lǫg meinte dei båe "lov" og "lovområde"; like eins sum Trøndelag, norrønt Þróndalog, opphavleg tydde lovområdet åt trønderane.

Det var med opprettinga av Alltinget, sum nemnt i 930, at dette lovområdet vart skipa.

Landkunne[endre | endre wikiteksten]

Midatlanterhavsryggen kryssar Island delvis på to stader
For meir om dette emnet, sjå Islandsk geografi.

Island er den åttande største øyi i verda og ligg like sør fyr polarsirkelen, um lag 1000 km vest fyr Noreg. Øyi ligg på den midtatlantiske ryggen der dei eurasiatiske og nord-amerikanske kontinentalplatene glid frå kvarandre. Dette gjev geologisk ustabile tilstandar med stadige jordskjelv og vulkanutbrot. Sjå kartet sum viser kor den midtatlantiske ryggen gjeng i gjennom Island, og at dei mest aktive vulkanane ligg på denne ryggen. Men den geologiske aktiviteten gjev òg varme kjeldor sum islendinaene nyttar til oppvarming, kraftproduksjon og i turistnæringa. Island hev ein aktiv «bassengkultur» i dei mange symjebassenga utandørs, sum er varma frå varme kjeldor. Til dømes hev Reykjavík sju offentlege bad, av dei er berre eitt under tak.

Grovt sett kann Island delast i to: kystområdi sum er innskorne av fjordar og innlandet sum fyr ein stor del består av fjellområde, lavaørkenar og isbrear. Folk bur stort sett langs kysten, særleg i reykjavíkområdet sørvest på Island. Det gjeng veg rundt heile øyi, og det er mogleg å krysse innlandet med terrengbilar på sumaropne fjellvegar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vestmannaeyjar like sørvest fyr Island er kanskje den mest vindfulle staden i Europa. Vêrstasjonen på denne øyi utgjer ein av to stasjonar brukte fyr å indikere NAO-indeksen.

Klimaet på Island er maritimt, sterkt påverka av den varme Golfstraumen og lågtrykka sum mest alltid passerer nær Island. Lågtrykka gjer Island til ein vindfull og skya stad, og Reykjavík hev i snitt yver 40 dagar med sterk kuling eller meir. Snittemperaturen i Reykjavík er 11 °C i juli og -1 °C i januar, og er den hovudstaden med lågast middeltemperatur um sumaren (um ein ser bort frå NuukGrønland).

Sumrane er litt turrare enn vintrane, med regn eller regnskurer eit par gonger i veka. Dei vulkanske ørkenane nordaust på Island ligg i regnskuggen av dei store breane og får mindre enn helvta av nedbørsmengda sum Reykjavík får. Reykjavík hev um lag same års-nedbør sum Oslo, 779 mm, men like mange dagar med regn sum Bergen, heile 213 dagar.

Ingen stader på Island får særleg varmt vêr, og berre i dei nordaustlege områdi er det vanleg med temperaturar yver 20 °C um sumaren. Den nordlege kysten hev ofte det mildaste vêret på grunn av sørleg vind sum gjev ein fønvindeffekt yver dei sentrale fjell-områdi.

Det meste av Island er dekt av snjo frå november til april, men periodar med mildvêr og regn kann minke eller fjerne snødekket i sørlege og austlege område i korte periodar. Kraftige vinterstormar kann føre til snøstorm, sum gjer det vanskeleg å ferdast utanfyre Reykjavik.

Kraft[endre | endre wikiteksten]

På Island er 85 % av oppvarminga geotermisk. 12 % er ravaktig og dei siste tre prosentane er oljebasert. 55 % av straumen kjem frå dei geotermiske kraftkjeldone, resten frå kol, vasskraft og olje. Difor marknadsfører Island seg sjølv sum eit av dei landa i verda sum nyttar høgast del fornybar energi. Hovudstaden Reykjavík kallar seg «den røykfrie hovudstaden».

Bruket av geotermisk varme på sagaøyi hev lange tradisjonar. Det vert nemnt i sogene at mellom anna Snorre Sturlason havde ein kunstig dam han bada i kvar morgon. Dammen vart tilført vatn frå ei varm kjelde like ved. Denne dammen er seinare utgraven av arkeologar.

I dag vert det teke ut energi på to måtar. Den eine er å pumpe det geotermiske vatnet til eit reservoar, og derifrå spreia det til bygningar sum skal verta varma opp. Det andre er å lata vatnet frå høgtemperaturområde (der temperaturen er yver 150 grader og vatnet er under trykk) drive dampturbinar sum produserer straum.

Islands framtidige mål er å verta det fyrste landet i verda med eit brennesamfunn, der all kraft er ei eller anna form fyr brenne.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Tinget på Island, Alltinget, hev 63 lemer, sum vert valde fyr fireårsperiodar. Regjeringsleiar er statsministeren, sum saman med regjeringa hev regjeringsmakta. Statsministeren vert utnemnd av presidenten. Presidenten er statsoverhovud og vert vald kvart fjerde år.

Pengeforhald[endre | endre wikiteksten]

Det islandske pengeforhaldet er nært knytt til fiskeindustrien sum stend fyr yver 60 % av utgangsinntektene. Såleis er pengeforhaldet var fyr fall i fiskeprisane og fall i fiskebestanden. Umsynet til fiskeressursane er òg hovudårsak til at Island er imot medlemskap i EU.

Med billeg ravaktig kraft lokkar Island til seg utanlandske investorar sum vil driva tungindustri. Det gjeld bl.a. produksjon av aluminium og jarnsilicium sum er vortne viktige eksportprodukt. I løpet av dei siste tiåra hev i tillegg sørvisnæringar og turisme fått meir å seia fyr pengeforhalda.

Islandske finansinsitusjonar hev på 2000-talet havt sterk vekst, og gjort umfattande investeringar i utlandet. Den store veksten hev på same tid gjort finanssektoren sårbar fyr internasjonale svingingar i pengeforhalda. Under den verdsumfattande finanskrisa i 2008 fekk islandske bankar sum Glitnir, Landsbanki og Kaupthing så store problem med likviditeten at dei ikkje var i stand til å stå på eigne bein, og vart overtekne av den islandske staten.

Fylke[endre | endre wikiteksten]

Island er delt inn i 23 fylke (sýslur, eintal sýsla):

I tillegg til fylka er det 14 byar eller kaupstaðir:

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Vinterbilete frå NASA-satellitten Aqua 28. januar 2004

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]