I Don't Want to Spoil the Party

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I Don't Want to Spoil the Party
av The Beatles
frå albumet Beatles for Sale
A-side «Eight Days a Week»
Utgjeve 4. desember 1964
Innspelt 29. september 1964
EMI Studios, London
Sjanger
Lengd 2:33
Selskap Parlophone, Capitol (US singel)
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Amerikansk The Beatles-singel-kronologi
«I Feel Fine»
(1964)
I Don't Want to Spoil the Party «Ticket to Ride»
(1965)


«I Don't Want to Spoil the Party» er ein song av The Beatles, skriven av John Lennon og tilskriven Lennon–McCartney.[3] Han vart gjeven ut på albumet Beatles for Sale i Storbritannia i 1964. «I Don't Want to Spoil the Party» kom òg ut på EP-en Beatles for Sale (No. 2).[4] I USA gav Capitol ut songen som B-sida til singelen «Eight Days a Week», og seinare på albumet Beatles VI, begge i 1965. Singelen gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista[5] (men vart ikkje gjeven ut i Storbritannia);[6] «I Don't Want to Spoil the Party» gjekk òg inn på lista og nådde 39. plassen på Billboard Hot 100.[5]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

The Beatles spelte inn «I Don't Want to Spoil the Party» den 29. september 1964 og brukte 19 forsøk. Det siste forsøket vart gjeve ut.[7] Gitarsoloen til George Harrison vart spelt på den nye Gretsch Tennessean-gitaren hans i same stil som Carl Perkins,[8] der midttonane vart skrudd opp, slik at lyden vart særskild lys.[9] I følgje The Encyclopedia of Country Music er songen eit tidleg døme på countryrock, som The Byrds arbeidde mykje med kort tid seinare.[1]

Det er usemje mellom biografane til Beatles om kven som syng den låge stemma under verset, under solovokalen til Lennon. MacDonald meiner det er Harrison,[8] medan John Winn meiner det er McCartney.[10] I følgje musikkforskaren Walter Everett, er det Lennon sjølv som syng harmonivokalen.[9]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Walter Everett:[9]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
US Billboard Hot 100[11] 39

Rosanne Cash-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Don't Want to Spoil the Party
Singel av Rosanne Cash
frå albumet Hits 1979-1989
Utgjeve 1989
Sjanger Country
Lengd 2:36
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent Rodney Crowell, Rosanne Cash
Rosanne Cash-kronologi
«Runaway Train»
(1988)
I Don't Want to Spoil the Party «Black and White»
(1989)


Rosanne Cash spelte inn songen for samlealbumet Hits 1979-1989. Versjonen hennar gjekk til topps på Billboard si Hot Country Songs-lista i 1989. Det var den siste førsteplassen til Cash så langt, og den einaste Lennon-McCartney-songen som har toppa countrylista.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[12] 1
US Country Songs (Billboard)[13] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[14] 23
US Country Songs (Billboard)[15] 16

Kjelder[endre | endre wikiteksten]