Ob-La-Di, Ob-La-Da

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ob-La-Di, Ob-La-Da
av The Beatles
frå albumet The Beatles
B-side «I Will» (Filippinane)
«While My Guitar Gently Weeps» (andre stader)
«Julia» (UK)
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 8., 9., 11. og 15. juli 1968
EMI Studios, London[1]
Sjanger
Lengd 3:07
Selskap Apple
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Amerikansk The Beatles-kronologi
«Got to Get You into My Life»
(1976)
Ob-La-Di, Ob-La-Da «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band»
(1978)


«Ob-La-Di Ob-La-Da» er ein song av The Beatles frå det doble albumet The Beatles frå 1968. Han er skriven av Paul McCartney, men er på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney.

Songen vart ein stor hit for bandet Marmalade i 1968 og singelen deira gjekk til topps i fleire land. I Noreg låg han åtte veker på toppen av VG-lista.

Komposisjonen[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein bevisst hyllest til den gryande reggaerørsla, kanskje knytt til den veksande folkesetnaden frå Jamaica i England, men han kviler òg tungt på honky tonk. Songen vart spelt inn i tre utgåver, den første finst på Anthology 3. Denne gjekk saktare og lente seg tungt på karibiske innfall som bongotrommer. Andre opptak startar med ein noko påsegla Lennon som spelar eit hyperaktivt piano. Likevel var McCartney framleis ikkje nøgd og forlanga ei ny innspeling igjen seinare der dei konsentrerte seg om det vokale og ikkje det instrumentale. Låten vart krydra med latter og muntre tilrop. Likevel kom McCartney tilbake ei veke seinare for endå eit forsøk. Alt i alt dobbelt så mykje tid gjekk til å spele inn denne songen som heile albumet Please Please Me.[4]

Songteksten[endre | endre wikiteksten]

Den enkle teksten fortel historia om eit par kalla Desmond og Molly, og vert utheva med latter, tilrop og andre lyder som akkompagnerer teksten. Den andre gongen historia vert fortalt, vert namna bytta om og kjønnsrollene endra, slik at songen gjev hint om transvestittisme. Forklaringa er enklare; McCartney bytta om namna ved eit tilfelle og Lennon, som likte sære ting som forvirra, føreslo at dei skulle halde det slik. Lennon som seinare ytra at han ikkje likte songen må ha uttala seg i bitterheit, for han har òg innrømt at han har medverka til teksten her og der.

Kontroversielt[endre | endre wikiteksten]

Den nigerianske songaren Jimmy Scott som spela conga-trommer på songen påstod seinare at frasen «Ob-La-Di, Ob-La-Da» var hans ide og saksøkte McCartney for kompensasjon. Scott hadde eit band på den tida som han kalla for «Obla Di Obla Da Band». Saka vart lagd vekk i retten.

Singel[endre | endre wikiteksten]

McCartney var strålande nøgd med songen og ville ha han som singel, men då var dei andre Beatles-medlemmane alt leie. Tilbodet gjekk då vidare til gruppa Marmalade som gjekk til topp på listene med han, i Noreg i åtte veker.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[6] og Mark Lewisohn[7]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Marmalade version[endre | endre wikiteksten]

Ob-La-Di, Ob-La-Da
singel av Marmalade
B-side «Chains»
Utgjeve 1968
Sjanger Pop
Selskap CBS
Produsent Mike Smith

Det skotske popbandet Marmalade gav ut sin versjon av «Ob-La-Di, Ob-La-Da» i 1968. Versjonen deira gjekk til topps på UK Singles Chart i januar 1969 og dei vart det første skotske bandet som gjekk til topps på lista.[8][9] Versjonen deira selde kring ein halv million eksemplar i Storbritannia og ein million eksemplar verda over april 1969.[10] Dei spelte på Top of the Pops iført kilt.

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Jimmy Cliff, James Last, Bing Crosby, No Doubt, Dick Hyman, Herb Alpert, Phish, The Heptones, Youssou N'Dour, Floyd Cramer og Inner Circle.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

The Beatles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Australia (Kent Music Report)[11] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[12] 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[13] 5
Den franske singellista[14] 3
Nederland (Mega Single Top 100)[15] 3
Sveits (Schweizer Hitparade)[16] 1
Japansk Oricon-lista[17] 7
Den japanske Oricon-lista for internasjonale artistar[17] 1
New Zealand (Listener)[18] 1
Vest-Tyskland - Media Contro-lista[19] 1
Liste (1976) Plassering
Canada RPM Top Singles 19
US Billboard Hot 100[20] 49
US Billboard Adult Contemporary[21] 39
US Cash Box Top 100[22] 47

Marmalade-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968–69) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[23] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[24] 1
Noreg (VG-lista)[25] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[26] 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Complete Beatles Chronicle by Mark Lewisohn, p. 288-289.
  2. Peter Ames Carlin,«Paul McCartney: A Life»,ISBN 1-4165-6209-5, p.172.
  3. Thomas, Stephen. «The Beatles [White Album] – The Beatles». AllMusic. http://allmusic.com/album/r1701845. Henta 20. august 2011. 
  4. Beatles hele livet, Bård Ose, 1999.
  5. Babiuk, Andy. Beatles Gear. s. 221. ISBN 1617130990. Henta 4. juli 2017. 
  6. MacDonald 1998, s. 258.
  7. Lewisohn 1988, s. 140-142.
  8. Roberts 2006, s. 351.
  9. Roberts, David (2001). British Hit Singles (14th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 40. ISBN 0-85156-156-X. 
  10. Murrells 1978, s. 243.
  11. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5. 
  12. "The Beatles – Ob-La-Di, Ob-La-Da – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 16. mars 2018.
  13. "Ultratop.be – The Beatles – Ob-La-Di, Ob-La-Da" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 16. mars 2018.
  14. «Song artist 1 - The Beatles». http://tsort.info/music/6hsv00.htm. Henta 2016-10-02. 
  15. "Dutchcharts.nl – The Beatles – Ob-La-Di, Ob-La-Da" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 16. mars 2018.
  16. "The Beatles – Ob-La-Di, Ob-La-Da – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 16. mars 2018.
  17. 17,0 17,1 Oricon 2009.
  18. Hung, Steffen. «charts.org.nz - Forum - 1969 Chart (General)». http://charts.org.nz/forum.asp?todo=viewthread&id=42986&pages=3. Henta 30. desember 2016. 
  19. «Offizielle Deutsche Charts» (på German) (Enter «Beatles» in the search box). GfK Entertainment Charts. https://www.offiziellecharts.de/charts. Henta 16. mars 2018. 
  20. "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 16. mars 2018.
  21. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 25. 
  22. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34. 
  23. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 16. mars 2018.
  24. "The Marmalade – Ob-La-Di Ob-La-Da – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 16. mars 2018.
  25. "Norwegiancharts.com – The Marmalade – Ob-La-Di Ob-La-Da". VG-lista. Hung Medien. Henta 16. mars 2018.
  26. "The Marmalade – Ob-La-Di Ob-La-Da – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 16. mars 2018.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]